Granskuddsirup

Mai er tida for nye granskudd og det er framleis god tid til å plukka med seg ein pose. I britiske oppskriftar blir ein bedt om å avgrensa plukkinga til det absolutt naudsynte – i Noreg er dette neppe noko problem.

Du treng:
1  Wunderschönen Monat Mai
1 eksosfri gran
Sukker
Vatn

 

Plukk mjuke skudd frå gran (ca 1 liter) – det enklaste er å riva av med hendene.
Ha i gryte og dekk akkurat med vatn. Kok opp og syd under lokk i 30 minutt.
Sil av og mål opp væske – bland sukker og væske i forhold 2:3 – om du har 9 dl væske, brukar du 6 dl sukker.
Kok inn til væska tjuknar (vær tålmodig – mitt første forsøk fekk for lite tid og vart alt for flytande) – prøv å ta ei skei og sjå om det stivnar på ein tallerken. Fjern det kvite skummet som dannar seg undervegs med ei skei. Under innkoking skjer det ei kul realfagsgreie der væska skifter farge frå gulgrønt til raudt og etterkvart svart.

Smakar godt på Brie, på pannekaker og som smaksforsterkar i viltsaus.
P1240518
Første forsøk – for lite kokt og for flytande, men kul farge.

Leave a Reply