Play that fungi music – Traktkantarell

Der vanleg kantarell formeleg står i skogen og roper, har den anonyme fetteren ein meir diskret, men du verden så elegant framtoning. På vestlandet er det enorme mengder traktkantarell for tida, om du beveger deg på mosekledd skogbotn er sjansen stor for at du trakkar på ein. Godt kamuflert, men lett å sjå når du først har lært å kjenna dei igjen.

Du skal få identifiseringsnøkkel, men først ei åtvaring:

På same vekstplassar som traktkantarellen kjem ofte spiss giftslørsopp. I nokre fasar kan dei minna om kvarandre og veksa tett i tett – soppen er vanleg på vestlandet – som oftast kanelbrun med ein «pupp» oppå hatten. Ligg unna denne. Om du ved eit uhell får ein i korga saman med dagens fangst så gje slepp på all byrgskap og kast alt saman. Nyrene dine vil takka deg.

1094633_10151562692871946_396751106_o.jpg
Pastasaus vs nyretransplantasjon

 Kombinasjonen av to kjenneteikn gjer traktkantarellen lett å identifisera. Han har hul stilk og overlappande ribber i staden for skiver under hatten. Forvekslingsarten gul trompetkantarell er litt mørkare, og også ein fabelaktig matsopp.

Der vanleg kantarell kan ta stor plass i matrettar, har traktkantarell også her ein meir lågmælt stil – mild duft, og fyldig, litt meir jordleg smak. Perfekt som ein ekstra dytt i ein raudvinssaus som nesten er perfekt; nydeleg som subtil smaksforsterkar i pizzasaus; eller tørka, knust i neven og strødd som krydder på pasta.

1073925_orig

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *