Vin & vinyl

 

VIN:

Fio Rätzelhaft Mosel 2014

Fio er eit samarbeidsprosjekt mellom Dirk Niepoort – jepp, han frå portvinsfamilien – og den nye punken i Mosel, her representert ved Philipp Kettern, som mellom anna er involvert i Monkey Syndicate og The Dead Monkey frå Gipsy Wines. Druene blir manuelt hausta tidleg i bratte skråningar rundt Piesport i Mosel. Filosofien er minst mogleg innblanding i kjellaren, men utan å bry seg om sertifisering.

Flint, grapefrukt og ørlite florale toner på snute. Med tid og luft kjem tropiske assosiasjonar saman med pære og melon. Delikat fruktig smak med Granny Smith-eple og honningsødme. Intens sitron i lang avslutning. Syremonster, men kjennes likevel balansert. Ein av dei kulaste rieslingane under 200,- eg har smakt.

VINYL:

p1020943

Miles Davis – Bitches Brew

Så korleis heldt verdas første jazzrockalbum seg? Frå opphavsmannen skorter det i alle fall ikkje på sjølvtilliten:

«I could put together the greatest rock & roll band you ever heard…»

Om ikkje anna så visste han å plukka musikarar som skulle markera seg seinare. Her er halve Weather Report, representert ved Joe Zawinul og Wayne Shorter; ditto Return To Forever med Chick Corea og Lenny White, som forøvrig var  berre nitten år under innspelinga; og John McLaughlin (Mahavishnu Orchestra), saman med opptil sju andre instrumentalistar i studio dei tre dagane innspelinga fann stad. Opprinneleg tenkt som eit grooveorientert jam session-album, men endte opp som eit prosjekt der produsent Teo Macero – med barberblad – kutta og limte saman dei beste augneblinka til eit dobbeltalbum.

«I wanted to change course, had to change course for me to continue to believe in and love what I was playing.»

Etter suksess med In A Silent Way året før opplevde Miles Davis at populariteten var dalande i Sambandsstatane. Folk var interesserte i folk og funk, plateselskapet lanserte meir poporientert musikk med Chicago og Blood Sweat and Tears, medan Bob Dylan og Sly Stone fekk mykje merksemd. Sjefen for Columbia Records ville at Miles Davis skulle fokusera på eit yngre publikum.

«I knew that what I wanted would come out of a process and not some prearranged shit. This session was about improvisation, and that’s what makes jazz so fabulous .»

Nuvel. Ei blanding av halvskrivne låtskjelett og semistrukturerte jamsessions der bandleiaren var vel så mykje dirigent som trompetist, tok Miles Davis frå ein jazzestetikk og inn i noko heilt nytt. Hypnotiske groover frå rock og afrikansk musikk kombinert med jazz skapte eit (sjølvsagt kontroversielt (Er det noko jazzfolk dyrkar utanom jazz, så er det å krangla om kva som er jazz.))  vannskille i musikkhistoria. Rytmeseksjonen er så solid at det må ha inspirert James Brown. Solistane har tydelegvis fått lov å leika seg – sjølvsagt under ansvar. Miles Davis var så sensitiv mot at andre skulle få merksemd at han helst ikkje ville at namna på medmusikantane skulle på plata. 45 år seinare lét det heile framleis litt mystisk, men samstundes fylt med ekstrem energi.

p1020944

Kjelder:
winetailor.no
kettern-riesling.de
Miles Davis/ Quincy Troupe – Miles. The Autobiography

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *