Pancetta

I ei tid der butikkane bugnar av billeg gris, pleier eg å nytta høvet til å bli sjølvforsynt med pancetta, eller urøykt bacon, om du vil. 20 minuttar arbeid og 4 veker utålmodig venting kan få deg til å sverga på at du aldri går tilbake til kjøpebacon. Dette er ein modifisert versjon av ei oppskrift eg fann hjå ordentligmat.no.

 

Fin kveld på pancettafabrikken
Finn deg ei tynnribbe på ca 2,5 kg. Fjern bein og svor så elegant som mogleg.
Bland
60g ferdigblanda nitrittsalt (kjøp hjå slaktar eller flørt med dei som jobbar i ferskvaredisken der du handlar)
2ss svart pepar (pluss 2ss etter 7 dagar)
2ss sukker
2ss timian
4-5 einebær (kan godt droppast, spør du meg…)
5 fedd kvitløk
Knus alt saman i mortar og gni inn i ribba. Legg i plastpose, spa også i resten av krydderblandinga du sølte på benken under forrige steg. Knyt att posen, ha i kjøleskap. Snu posen ein gong i døgnet i 7 dagar. Om du er på sous vide-kjøret kan du med fordel vakuumera stykket.
Skyll, tørk grundig og gni inn med grovmalt pepar. Heng med hyssing ein kjøleg stad – bod eller loft er bra.
Fin dag på pancettafabrikken

Neste fase har store krav til eigendisiplin. Pancettaen er ferdig til bruk, men vil ha godt av modning i minst 3 veker. Prøvesmaking er lov.

Sjølv med god hygiene undervegs danner det seg av og til små felt med kvit mugg. Vask desse vekk med litt eddik på tørkepapir.

Sa eg at prøvesmaking er lov? Frys ned i passande stykker dersom det blir noko igjen. Om du har gode modningsforhold, la det hengje og skjer av etter behov. Bruk i Pasta Carbonara og ellers som bacon…

0 thoughts on “Pancetta

    1. Nitrittsalt er vanleg salt blanda med 0.6 % natriumnitritt. Dette kan bestillast på nett, kjøpast hjå slaktar eller hjå nokon du er på godfot med i ein ferskvaredisk.

      Eg la inn «ferdigblanda» i oppskrifta – sjølv om det kanskje er ein pleonasme – rett og slett fordi nokre lesarar trudde dei måtte skaffa rein natriumnitritt og blanda det sjølv då det berre sto «nitrittsalt».

  1. Det var oppklarende. Da har jeg kjøpt riktig. Jeg synes det ble litt vanskelig å dekke hele ribben med den kryddermengden. Virket litt snaut selv om min ribbe bare var drøyt 2 kg. Nå skal den ut av posen 🙂

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *