Vin & vinyl

VIN:

Nagy-Somlói Juhfark 2013

I vinverda er det ein del druer eg likar å rulle over tunga – ikkje berre i flytande tilstand, men som fonetikk. Sauvignon blanc, til dømes. Eller pinot noir. Det er noko med lydane som gjev meg stor glede.
Med juhfark strevar eg litt meir – namnet betyr attpåtil sauehale, antakeleg frå formen på drueklasene. Heldigvis har det ferdige produktet sin eigen sex-appeal, noko vi kjem tilbake til.

Somló er det minste vindistriktet i Ungarn, nordvest i landet, dyrkar kun kvite druer og ligg i skråningen av ein eks-vulkan, noko som legg til rette for mineralske viner. På sitt største laga dei vin med same status som Tokaj. I tillegg hadde vinane frå Somló ein annan eineståande eigenskap: Om du drakk vin laga av juhfark før sex, så var du garantert å få ein son – Habsburgmonarkiet trudde sterkt på dette. Rundt 1870 fekk Ungarn kjenne på herjingane til vinlusa phylloxera og juhfark vart nesten utrydda. Frå å vera ein tumleplass for vinproduksjon av adel og geistlige er Somló i dag prega av vin som attåtnæring.

Frå nyopna flaske, stein, røyk, fruktig duft, nesten som ein mineralsk riesling; etter to timar i karaffel kjennes fersken, pære og epleskrell, nesten som ein chenin blanc. Etter enno litt lenger tid dukker det opp nøtter og bivoks, nesten som ein jura-vin.

Smaker pære, aprikos, honning, salt og stein. Vinen har eit konsentrert midtparti som glir over i rein og intens sitron. Lang og syrleg avslutning.

Vin som treng luft og tid og gjev ei annleis oppleving. Utseld i nettbutikken, men er å få tak i på mange pol. Dette er ein vin med testosteron som treng noko rustikk mat å bryne seg på. Kveite vart for veikt – om du ikkje har tilgang på skogsfugl foreslår eg å kjøpa ei billig høne og ein kvist timian, langtidssteiking og langtidslufting kler kvarandre…

VINYL:

Tom Waits – Swordfishtrombones

Not only will the album fail to gain you any new fans, but you’ll lose the fans you have

Overgangsalbumet til Tom Waits (farvel plateselskap, farvel manager, farvel produsent, farvel rus, hei ny kone) som sendte Mr. Waits frå å vera ein hardsoft singer/songwriter inspirert av Bob Dylan og inn i starten på noko der han etterkvart blei sin eigen sjanger. Eksentriske rollefigurer han hadde snust på tidlegare, vart no mørkare og urovekkande underlege.

Først litt sortering:

-Swordfishtrombones er første plata i Frank-trilogien (Også referert til som New York-trilogien, sjølv om denne plata er spelt inn i LA, var Swordfishtrombones inspirert av opphaldet i NY.) saman med Rain Dogs og Frank’s Wild Years.

-harmonisk er dei fleste låtane ganske streit blues. At det lét koko har meir med tonevalg som ikkje høyrer til akkordane og all perkusjonen.

-det er første plate han produserer sjølv. Seinare har han sagt at Kathleen Brennan, som han er gift med, også burde hatt same status.

-Han seier han aldri hadde høyrd om Kurt Weill før folk starta å samanlikna dei.

-Kathleen introduserte han for Captain Beefheart og Harry Partch, i New York snubla han rett inn i No-wave-rørsla.

-med seg på plata har han musikarar frå Steely Dan, Little Feet, Dr. John og Canned Heat. Spesielt Victor Feldman på perkusjon har enorm innflytelse.

-det er første plata i Tom Waits-katalogen utan saksofon. Til gjengjeld er det fire trombonistar.

-Tom Waits er ein notorisk løgnhals i intervju.

 

 Eit par taktar inn i åpningslåta Underground er det underleg å vite at dette er same mann som skreiv Martha og Ol’ 55. Om opphavet er Nisser og Dverger og Disney, så er dette den postapokalyptiske varianten regissert av David Cronenberg. Bak det heile speler Fred Tackett den raraste riktige gitarsoloen på denne sida av Marc Ribot.
Neste låt er Shore Leave, ein mollblues om avstand og lengsel og ein falsettavslutning han omsider fekk til etter han slutta å røyke, og som han  hadde misunt Mick Jagger lenge.
Førre låt kunne kanskje få førstegongslyttaren til å senka skuldrane og tru at Waits var tilbake på sporet – but no: på Dave The Butcher prøver han å hakka i hjel eit Hammondorgel i forsøket på å beskriva slaktaren.

She grew up on a farm there
There’s a place on my arm where
I’ve written her name next to mine

Johnsburgh, Illinois er verdas vakraste kjærleikserklæring. Eitt vers, rett på sak.
16 Shells.. er forsåvidt catchy og dansbar og ein låt som inviterer til å drikka øl om formiddagen, men teksten treng ein ekstrarunde – på overflata handlar det om ein mann på eit esel, reisande gjennom eit landskap med øydelagde instrument for å fanga ei kråke. Når han fangar fuglen skal han stenga ho inne i gitaren sin og slå på stengane til ho blir gal. Om nokon som er Jung At Heart kan opplysa meg så spanderer eg vin og mat…
Town with no cheer burde vore ein hymne på Senterpartiet sitt landsmøte, eller brukt som kampsong for NSB-ansatte. Nedlegging, fråflytting og framandgjering langs sporet. Desperat vakker ballade.
In The Neighborhood er Frelsesarmekorps i grøfta og nabolagsobservasjonar, låta fekk ein påkosta video som ingen på MTV brydde seg om.

I’ve always been afraid of percussion for some reason. I was afraid of things sounding like a train wreck, like Buddy Rich having a seizure.

Side to startar med ein instrumental som kunne glidd in i ein Fellinifilm, eller i det minste ein parodi på Fellini, før vi møter Frank for første gong i Frank’s Wild Years. Smooth spoken words og orgel gjev det tragiske samanbrotet humoristisk ryggrad. Frank blir seinare hovudfigur i eit teaterstykke og får eige plate.

Well he came home from the war
with a party in his head

Swordfishtrombone med deilig basslinje og marimba, og ein tekst som på overflata handlar om ein granatsjokka veteran tilbake frå krigen som …uhm.. strevar med kanskje for intens fantasi og kreativitet, noko som får han til stadighet i trøbbel. Min eigen hypotese er at denne songen handlar om Waits sjølv. Han var nettopp attende frå ein strevsom turne der han avslutta eit forhold til Rickie Lee Jones, han hadde eit startande rusproblem, trudde han var millionær men hadde 20 dollar, traff heldigvis Kathleen som «saved my life.» I dette perspektivet gjev teksten meining for meg, men sjølvsagt…

if you think that you can tell a bigger tale
I swear to God you’d have to tell a lie…

Det nærmar seg slutten på plata – er dette den beste plata til Tom Waits? Antakeleg ikkje, ho blir for surrealistisk i den forstand at ingen av låtane høyrer saman. Slik sett er Rain Dogs meir komplett, Bone Machine meir genuin mørk eller Mule Variations meir vellukka. Er det den viktigaste plata til Tom Waits? Antakeleg. Dette er musikk som trigga ei heilt ny karriere for ein artist som inntil då var plassert i same kategori som Billy Joel…

Down, Down, Down og Gin Soaked Boy kunne begge vore med på Heartattack and Wine i staden. To heftige orgelsoloer berger dei frå å vera fillers på plata, medan Soldier’s Things klarer å framstå som verdas tristaste song berre gjennom å lista opp ting på eit garasjesal frå ein krigsveteran (igjen). Gjennom eigedelane får vi eit livsportrett før songen tømmer ut all opparbeida sorg i and this one is for bravery / and this one is for me / and everything’s a dollar in this box.
Trouble’s Braids er jakt/flukt alt etter perspektivet. Victor Feldman frå Steely Dan på talking drum får merksemda han fortener her.
Til slutt Rainbirds… Meir morgonstemning enn pianosolist. Glass harmonica for å ivareta eksentrisiteten, men etter kvart to instrumentalistar på piano og kontrabass med tydelege inderlege kjensler for kvarandre (Waits og Cohen er svogre) og eit organisk lydbilete der ein kan høyre knirking frå pianokrakken og den deilege lyden av basstrengar som klasker mot treverk…

P1030193.JPG

Kjelder:

Oz Clarke – Druer og viner
David Smay – Swordf isht rombo nes
Jay S Jacobs – Wild Years
Vinbladet 5/2016
Diverse wikipedia

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *