Vin & vinyl

Vin:

Roddolo Barbera d’Alba Superiore 2008 (spesialpol)

Mytene om Flavio Roddolo er i ferd med å overskrida mannen til eit punkt der eg er i ferd med å sjå på han som vinverdas svar på Stephin Merritt.  Å i det heile få tak i vinane hans skal vera vanskeleg sidan han ikkje har mobiltelefon eller epost, men kun fasttelefon, og stort sett er ute i åkrane heile tida. Han lagar ikkje naturvin, men er tradisjonalist. Han snakkar ikkje italiensk, men ein obskur piemontisk dialekt… Sanninga er vel at han er ein bonde med skit under neglane og sterke meiningar om korleis vin skal lagast. Og sluttproduktet gjev han jamt over rett…

Basert på tidlegare flasker skal denne vinen ha fleire timer på karaffel. Sursøt kirsebær frå nyopna flaske, med tid lær, raudt epleskrell, hasselnøtter (!?) og rips på snute. Etterkvart søte plommer og morellstein. Litt støvete…

Massivt anslag med enorm plommefrukt, litt ureint midtparti før laaaang og syrleg avslutning med rips. 4-5 timar med lufting runder vinen fint av, men stadig lang og crisp ettersmak.

Litt forvirrande vin der smakane dreier seg rundt reine kirsebærsmakar, kirsebærstein og ein del fruktsødme, samstundes som vinen avsluttar med syre som ein supertørr riesling. Nydeleg no, men neste flaske blir liggjande nokre år til før neste forsøk.

 

Vinyl:

ca 1988
Poems for Trio – Kåre Thomsen – Ole Amund Gjersvik – Karl Seglem –  ca 1988

For meg er å anmelda ei Seglem-plate veldig personleg. I 1988 var han i Poems For Trio den første jazzkonserten eg var på. Då eg seinare sneik meg inn på Nattjazz på Studentsenteret som 17-åring for å høyra Jan Erik Vold snakka om brennbare trikker, snubla eg over han i duo med Terje Isungset, noko som ser ut til å ha laga varige skadar på eit sart sinn…

p1070457
Isglem – Bajazz 2012

I 1991 etablerte han Norcd, eit frittståande plateselskap som formidlar av kvalitetsjazzfolkemusikkverdsimpromusikk der Karl Seglem har stått som garantist for kvaliteten til artistar med svært forskjellig sjangertilnærming. Her finn vi verdas vakraste innspeling av Draumkvedet, vokalakrobatikk frå Eplemøya Songlag og Eldbjørg Raknes, så vel som jazzrock frå Olav Dale og sofistikert pop frå Kenneth Sivertsen. Og svært mykje anna…

KARL SEGLEM – NORDIC BALM

Balsam startar med ein piano- og (etterkvart) bassarpeggio som gjev meg assosiasjonar til musikken frå Final Fantasy VII, før Seglem sjølv lågmælt men bestemt entrar rommet med luftig saksofon. Lys I Glaset er eit deilig døme på saksofon som melodisk instrument, nydeleg samspel ikkje minst med slagverk. Jon Fosse som instrumentalmusikk… Etter ein roleg start kjem Helgheim som minnar meir om klassisk Karl Seglem. Funky folkemusikk med plass til å utfordra det behagelege frå både saksofon og kontrabass. Myrull avsluttar side 1 med bukkehorn og flott naturharmonisk melodi.

Side 2 blir møtt av meir kompleks, men like fullt melodisk jazz, der bandet gjev Seglem plass til røffare improvisasjon, ditto får Andreas Ulvo plass til ein pianosolo før tangentar og saksofon møtes i intenst samspel. Februargras søkjer oppover med melodilinjene sine, det luftige arrangementet blir eit nydeleg døme på lydkvaliteten på plata. Kontrabassen og kantslaga på skarptromma lét veldig presist og organisk – ein både kjenner og høyrer treverket. Ned Dalen er Seglem slik du ventar det om du kom frå Urbs eller Ossicles i katalogen hans. Intense melodiar over verdsmusikk med hjarte og hjerne. Solhaug avsluttar plata i nær garbarisk stil med nydelege melodiar som glir ut og inn av bandarrangementet.

p1030782

Melodiane er så sterke at det er lett å oversjå samspelet som gjer det heile mogleg. Bak solisten er Eple Trio i nær telepatisk kontakt, og heile plata lét meir som eit samspelt band enn som ein solist med musikarar bak seg. (Og når eg i etterkant ser at Karl Seglem har vore trygg nok til å la bandmedlemar bidra som komponistar, står bandkonseptet enno sterkare.)   Dette er neppe plata for dei som er ute etter funky folkemusikk eller impro-Seglem – vil du derimot ha melodisk skandinavisk verdsmusikk med ryggrad og som samstundes gjev litt motstand så er dette …ehem… balsam.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *