Feinherb?

 

«Det fantastiske med Riesling er alle stilartane. Problemet med Riesling er alle stilartane.» Dette står som overskrift i vinkartet til den populære restauranten Heart i New York. Slik kan vin på denne druesorten også oppsummerast. Riesling kan, spesielt i Tyskland, vere svært så mangearta. Det kan vere vin laga på knapt mogne druer, med høg syre, balanserande restsukker og låg alkohol. Det kan vere heilt tørr vin laga på godt mogne druer og 13% alkohol. Det kan og vere supersøt vin med 190 g/l restsukker, laga på svært mogne druer angripne av sopp og plukka i november. Og det kan vere alt i mellom desse ytterpunkta.

Tysk vinlov og tyske vinetikettar kan vere litt forvirrande. Dei beste tørre vinane har dei enklaste etikettane med mindre info på framsida. Der er det vinmarksnamnet og årgangen som er i fokus og vinen er alltid tørr. Men når vi bevegar oss nedover i hierarkiet, med vinar på druer av ulik mogning og i ein pris som skal vere for folk flest, vert det verre. Og for å forvirre oss meir, har det no kome fleire tyske gloser å lære. Opp i gjennom etterkrigstida produserte Tyskland mykje billig halvtørr vin av diskutabel kvalitet. Denne var ofte kalla halbtrocken. Mange produsentar har no byrja å nytte ordet feinherb for den same kategorien vin, altså noko meir restsukker enn trocken, som har opp til 9g/l. Feinherb ligg gjerne på 15-25 g/l restsukker og smakar ja, nesten tørt men kanskje meir balansert. Dei har det vesle ekstra som gjer dei gode til krydra og sterk mat eller til terrassen i sola.

Tysk Riesling er verdas beste vinar DU har råd til. EG er glad i alle dei ulike uttrykka som finst. Variasjon er ein styrke i det lange løp. Det finst stadig nye ting å oppdage. I tråd med ein marknad som etterspør tørrare vinar, har den tyske vinbransjen byrja å lage meir tørr vin. Etter andre verdskrig var det naturlig nok litt vanskar i eksportmarknaden til tysk vin. Det vart fokusert på å lage store volum og nokre kjende merkenamn som Liebfraumilch, som var basert på druesortane Müller-Thurgau, Kerner og Silvaner. Desse druene mogna raskare i det kjølige tyska klimaet. Dessverre gav dei halvsøte vinane eit frynsete rykte til tysk vinindustri. Dei hadde også halbtrocken på etiketten.

Halbtrocken som stil er svært brukande til mykje, men namnet var øydelagt. Enter feinherb. Desse vinane som får feinherb på etiketten er kanskje ein måte å lage tørrare variantar av dei klassiske Kabinett og Spätlese-vinane, vinar som har ganskje mykje restsukker. Det er vinar som restaurantar elskar. Dei er gode til mat og kostar sjeldan for mykje. No er det på tide å trykkje feinherb til våre bryst, uansett om vi forstår den fulle meininga med ordet eller ikkje. Eg kan ikkje gje noko godt svar på det, og det hadde nok ikkje hjelpt om tyskkarakteren frå ungdomsskulen hadde vore endå litt betre. Men treng vi forstå alt? Feinherb er vinen for undring.

Julian Haart er ein ung mann som er verd å følgje med på i framtida. Men allereie i dag er vinane hans strålande. Han byrja i det små i byen Piesport midt i Mosel, i 2011. Han fekk gode skussmål frå vinskribentar frå fyrste vin, og har no heldigvis auka produksjonen. Det er litt over fire hektar med Riesling. Dessverre er det berre små mengder som kjem til Noreg, så ver om deg når det skjer.

 

Julian Haart Mosel Riesling 2015

Denne unge Rieslingen er lys strågul på farge, altså ganske så vanlig. Lukta er tiltalande og lett, men med god intensitet. Her er mogne søreuropeiske raude eple, fersken og stein. På smak er vinen nesten tørr og veldig fruktig. I tillegg ei fresk syre og ei kjensle av stein som dansar over tunga . God smak av eple, eplesyre, sitrus og skifer. God og lett vin. Feinherb der altså.  Denne har 11 g/l restsukker og er ikkje merka med feinherb på etiketten. Men om det ser ut som ei and, høyrest ut som ei and, går som ei and…

Dette er ein lett omarbeidd versjon av ein artikkel frå Helgavin-spalta som eg skriv i Sogn Avis kvar laurdag. Sogn Avis er ei av verdas største nynorskaviser, og vart i 2016 kåra til Årets Lokalavis, mykje på grunn av gjesteskribentane. Denne artikkelen stod på trykk 28. mai 2016. Då var vinen tilgjengelig på polet. Ny årgang er venta til våren.

 

 

0 thoughts on “Feinherb?

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *