Hoch Peter & Paul Pet Nat Bio 2015

Kjære Dr. Nattverden. Hva er dette pet nat som de skjeggete, engirssykkelsyklende vennene mine snakker om?

Fint spørsmål. Pet nat (pétillant-naturel) er ein musserande (eller kanskje meir presist  perlande) vin. Måten vinane blir laga på blir også kalla for méthode ancestral , rurale eller artisanale, og er den desidert eldste metoden for å få bobler i vinen ein kjenner til – eldste dokumenterte produksjon er frå 1531 – nesten 200 år før sjampanjemetoden. Til skilnad frå til dømes Col Fondo blir pet nat overførd til flaska før gjæringa er ferdig, og boblene blir danna i møte med det naturlege sukkeret i druene. Ein del produsentar filtrerer vinane, men ofte kjem dei i hipstervenleg uklar versjon. Sidan prosessane skjer på flaska er det vanskeleg å kontrollera utviklinga for å få ein konsistent produksjon – kanskje det er derfor vinen vi skal sjå på har namn frå ikkje berre ein, men to helgenar…

Hoch Peter & Paul Pet Nat Bio 2015

P1040091

Grumsete steinerskulebobler frå Kamptal, nordvest for Wien. Peter & Paul-serien med vinar er sparsommeleg omtalt på heimesidene deira. Biodynamisk produksjon,  og eit samarbeid mellom to generasjonar Hoch, der tradisjonell tankegong frå far og yngstemann sine meir radikale tankar om naturvin bokstavleg talt blir blanda. 70 prosent grüner veltliner og 30 prosent zweigelt.

Bruskork. Dufter gjær, voks, aprikos, blomster, surøl, litt nellik/tørka krydder, Kaotisk og kompleks snute, men samstundes tiltalande.

Lett prikkande munnkjensle frå boblene. Sursøt frukt, surøl, «naturvinsmak», fyldig midtparti med gule plommer, grapefrukt,  lang og frisk avslutning med lett søtleg appelsinsmak.

Sjarmerande og lettdrikkeleg naturvin med fin balanse – fint startpunkt for nyfikne  til 200,- Takk til Linn Johnsen frå Vinstudinen for tips.

Falco – 60

P1040081

I februar ville Johann Hölzel – Falco, den mestselgjande vokalisten frå Austerrike nokon sinne  – fylt 60. Med klisjeprega grundighet  markerer Sony Germany historikken med trippel cd, dobbel (gul) vinyl og dobbel dvd.

På scena var han larger than life – i livet ellers var han ekstremt usikker på seg sjølv og eige talent, noko han skjulte bak store mengder arroganse og etter kvart ulovleg kjemi. I 1998 – 40 år gamal døydde Falco av skadene etter ei bilulukke i Den Dominikanske Republikk.

P1040078

Dobbelplata tar kronologisk for seg karriera til Falco, med vekt på hitmaterialet – vi får ein forsmak med dei meir lokale hitane Ganz Wien, Der Kommissar (som nådde 3. plass på listene i Noreg) og Junge Roemer frå klubbscena i Wien på tidleg åttital før hitparaden kjem:

I 1985 var eg kjempefan av Falco. Drivet i låtane, det mystiske i blandinga av tysk og engelsk, ikkje minst at nokon dreiv på med rap på eit anna språk enn engelsk gjorde meg hekta. At vandrehistoria (vi hadde sånn før internettet også…) var at han eigentleg var operasongar som hadde hoppa av for å bli popmusikar gjorde det heile enno meir spanande – sanninga er at han byrja på musikkonservatorium, kjeda seg, og gav seg etter kort tid. Plata som gjorde han til internasjonal superstjerne, Falco 3, er sjølvsagt godt representert – Rock Me, Amadeus, Vienna Calling og Jeanny – ditto er The Sound Of Musik og Coming Home (Jeanny 2) frå det undervurderte Emotional-albumet frå 1986.

Etter dette går det fort nedover – duett med Brigitte Nielsen burde vera indikasjon nok på ei karriere som er over toppen. Falco haldt fram med å laga musikk utover nittitalet, men då kun med suksess i Austerrike og  (delvis i) Tyskland. I eit frydefullt guilty pleasure-perspektiv er dette veldig gøy!

P1040073

Kjelder:
https://en.wikipedia.org/wiki/Falco_(musician)
http://winzerhof-hoch.at/
https://en.wikipedia.org/wiki/Sparkling_wine_production

2 tankar på “Hoch Peter & Paul Pet Nat Bio 2015

Leave a Reply