Tidsmaskin i flaskeform

Nokre vinar har eigenskapen at dei kan verte utruleg gamle, men likevel halde seg vitale. Gamle flasker er små tidsmaskiner som har teke vare på gjæra druesaft frå eit år som for lengst er forbi. Men druene som vart til vin er levande materiale, og vi byrjar å leite i vår eigen hukommelse etter hendingar og opplevingar frå dette året. Om vi i det heile teke var fødde.

Kva hugsar du frå 1988? Det er faktisk 29 år sidan no. Berlinmuren stod framleis, Erich Honecker var beinhard, sjølv om Gorbatsjov hadde byrja å spreie sin glasnost i mor Soviet. I USA vart Iran-Contras-skandalen rulla opp. Her heime rulla milliardane i Mongstad-skandalen. Ein Dash-7 krasjar inn i fjellet Torghatten og 36 personar mister livet. Tone Damli blir fødd og Roy Orbison skrudde av forsterkaren for godt. TV-Norge byrjar å sende fjernsyn. Eg var berre ni år gamal. Eg minnest Ben Johnson, og fyrste gong eg høyrde om doping i idretten. Nederland som vann fotball-EM og heltane Gullit, Rijkart og Van Basten. I tredje trinnet på skulen hadde vi enno ikkje byrja med engelsk, og vi måtte også vente til året etter med å få lov til å sykle til skulen.

DSC_0156

På Madeira vart det hausta druer frå alle dei små familieeigde parsellane som ligg spreidd utover øya, mellom banantre, appelsinlundar eller potetåkrar. Nokre få av bøndene hausta nokre hundre kilogram av den nesten utrydda druesorten Terrantez, og leverte dei til produsenten Pereira d´Oliveira. Som fjerna stilkar, knuste druene og starta gjæringa. Så tilsette dei druesprit då det var 65g/l restsukker att i vinen. Så fylte dei vinen på gamle eikefat som vart stabla på lagringsloftet, canteiroen, i Rua Dos Ferreiros 107. Og der låg vinen gjennom varme somrar og milde vintrar. Medan Berlinmuren fall og Europa var endra for alltid. Medan Madeiras mest kjende person, Christiano Ronaldo byrja å spele fotball, og gjekk frå Nacional på Madeira til Sporting Lisboa, Manchester United og vart FIFA World Player of the Year i 2008. Medan Portugal vart med i Euro-samarbeidet i 99, fekk billege lån, investerte i hytt og vêr, og fekk problem med betalinga under finanskrisa. Medan Sogndal Fotball skifta trenar tolv gonger. Medan eg vart ferdig med grunnskulen, vidaregåande skule, fekk meg to utdanningar, kone, to ungar, 400 flasker vin og eit relativt stort lån i banken. Medan Luis og Anibal d´Oliveira smakte på vinen og tenkte, nei, han får liggje nokre år til. Heilt til 2013. Då vart han tappa på flaske, og vinen var endeleg klar for verda.

Over tid endrar vinen seg, og det gjer kanskje vår oppfatning av det som hende for 29 år sidan også.

Terrantez 1988 Madeira, Pereira d´Oliveira

Mørk ravfarga mot lys karamell. På lukt kjem det fram mykje forskjellig. Slikt som appelsin, fersken og gamle møblar, er lukter eg kjende allereie i 1988. Medan sigartobakk, vanilje, balsamico-edikk og mango er lukter som eg har lært sidan. Vinen har mild søtleik og frisk syre, slik madeira har. Men vinen er likevel ganske behagelig og elegant. Kanskje litt krevjande for nybyrjarar. Vi lærer så lenge vi lever. Ein vin først og fremst til fundering og filosofering over omgrep som tid og rom, men kanskje allehelst tid. Denne vinen er tappa på flaske i 2013. Sidan har eg smakt same vin, tappa i 2016. Dersom dei har meir att, er det sjansar for at det kan kome ei tapping til, ein gong i framtida. Back to the future. Madeira tek deg på tidsreise både attende og framover.

DSC_9919

Pereira d´Oliveira er ein av åtte gjenverande produsentar av Madeira. Dei starta opp i 1850, og har sidan slått seg saman med og kjøpt opp fleire mindre familiefirma. Dei sit no på det største lageret av gamal vin på Madeira, og tappar stadig små seriar med vin som har vore lagra i mellom 15 og 160 år.

Druesorten Terrantez er unik for Madeira, og var utbreidd og høgt verdsett før 1851. Det året kom plantesjukdomen oidium, ein type sopp som angrip både bladverk og druer, til øya og øydela det meste av vinmarkene. Som om ikkje det var nok, så kom Phylloxera-lusa til Madeira i 1872. Etter dette var det svært lite Terrantez att. I dag er det om lag to (!) hektar i produksjon.

Dette er ein lett omarbeidd versjon av ein artikkel frå Helgavin-spalta som eg skriv i Sogn Avis kvar laurdag. Det er grunnen til referansane om Tone Damli og Sogndal Fotball. Denne stod på trykk i slutten av november 2014. Då var vinen tilgjengelig på polet. Dersom lukka står oss bi, kjem kanskje 2016-tappinga til Noreg. 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *