Serol Turbullent NV

P1040164

Åtvaring: På ein sluddfylt dag hjelper rosa posør-bobler frå Roanne berre litt på sumarlengselen…

Knapt halvannan time frå meir berømte Beaujolais lagar dei også vin av gamay, men får på langt nær same merksemd. Côte Roannaise i Loire fekk AOC så seint som i 1994. Eit område på veg opp, sjølv om 90 prosent av produksjonen går til heimemarknaden. Vinen vi skal sjå på er frå den einaste produsenten som (enn så lenge i området) har noko internasjonal distribusjon å snakka om.

Serol Turbullent NV

Vingarden har lange tradisjoner – for tida er det 5. generasjon Sérol i form av Stéphane og Carine. Dei er i ferd med å få heile garden økologisk sertifisert og har i lang tid forplikta seg til eit berekraftig og miljøvenleg bruk. Heimesida deira tyder på at dei er selskapssjuke og hyggjelege folk, dei tilbyr gratis smaking alle dagar unntatt søndag.

Turbullent er pét nat laga med handplukka druer, villgjær,  méthode ancestral og alt det der artisanale hipstergreiene, men dei har gått for degorgering av flaskene og det visuelle resultatet har blitt ein klar vin med sexy rosafarge. Kun 8.5 prosent alkohol.

Intens jordbærduft frå nyopna flaske – roer seg etter kvart og får fine toner av rips, bringebær og litt sitron, pluss smågodt (dei der raude fiskane).

Julebrus! Sødmefull bærfrukt glir over i syrleg bringebær- og ripssmak. Delikat og syrleg avslutning som varer lenge.

Morosam vin. Ikkje særleg kompleks, men veldig tydelege smakar og overraskande krisp til å kun ha 8.5 % alkohol. Subjektivt opplevd  så syrleg at eg trur eg ville kun gått for vinen som aperitif og ikkje til dessert.

 

P1040155

  • Ingen vinyl i dag – men Stephin Merritt fyller femti og er ute med splitter ny Magnetic Fields-boks der han har laga ein låt per år. Og det lét fantastisk!

 

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *