Fire nyansar av gult

For ei tid tilbake var det ei sak i Dagens Næringsliv, der pressesjef i Vinmonopolet kunne fortelje at polet sitt utsal på Briskeby i Oslo var fyrst ute med nye trendar, og at det tok om lag 15 år før den same salstendensen var komen til Trondheim. Dette gjalt på kategorinivå, altså når salet av vin var vorte høgre enn brennevin på Briskeby, så tok det 15 år før dette hendte i Trondheim eller andre større byar. Dei som truleg er enno tidlegare ute med nye trendar er restaurantane. Og no ser det ut til at det vesle vinområdet Jura, heilt aust i Frankrike, er det gjævaste på vinkartet både i New York og København.

Jura er Frankrikes minste vindistrikt, men har mange spesialitetar som er verd å nemne og å smake. Det er to grøne og tre raude druesortar som er tillatne i appellasjonen. Dei grøne er Chardonnay og Savagnin, og ulik vinifikasjon, jordsmonn og mikroklima bidreg til eit variert uttrykk. Mest kjend er nok Vin Jaune – gul vin, som er laga på druesorten Savagnin. Denne vinen ligg seks år på fat. Dei vert ikkje tappa heilt fulle. På toppen av vinen i fatet legg det seg ein type gjærsopp, og denne, saman med den lange fatlagringa, bidreg til ein særeigen konsentrert og nøttevoren smak. Vin Jaune har truleg vore laga sidan 1300-talet, og på den tida var det munkane i det lokale klosteret Chateau Chalon som stod for mykje av produksjonen. Både Chardonnay og Savagnin vert laga under eit flor-lag, såkalla sous voile. Eller dei vert laga i ein fruktigare stil, der eikefatet vert tappa heilt opp, ouillé som det heiter lokalt. Eller dei to druesortane vert blanda saman til ein cuvée som går under nemninga Tradition.

Klimaet i Jura er kontinentalt, men nærleiken til Jura-fjella som ligg mellom Frankrike og Sveits, gjer at det er meir nedbør og strengare vintrar. Jordsmonnet er variert med innslag av leire, mergel og ulike typar kalkstein. Dei ulike druesortane trivst på ulikt jordsmonn og difor er dei planta i små parsellar rundt om i heile Jura.

Produsenten Domaine des Marnes Blanches held til heilt sør i Jura, der det er både rikeleg med kalk og mergel, og kvitvinane vert både mineralske og forskjellige. Geraud og Pauline Fromont møttest på vinskulen i Dijon og i 2006 var dei i gang med å kjøpe vinmarker. I byen Saint Agnés har dei produksjonslokale, og her nyt dei godt av gravitasjonskreftene til den allestadsnærverande Jean Francois Ganevat. Det betyr at økologisk og mijøvenleg jordbruk var naturleg frå dag ein. Dei har også lite svovelsufitt i vinen og prøver å lage nokre vinar svovelfrie. Dei dyrkar både den seintmognande Savagnin til tradisjonell Juravin, og Chardonnay som her på kalkjorda minner om kvitvinar frå nabodistriktet Burgund. Den aktuelle vinen er ein Chardonnay frå vinmarka En Levrette, som er rik på jarn og fossile østers. Vinstokkane er gamle, og dette gjev små druer med konsentrert smak og ein vin med god struktur. Vinen får liggje 18 månader på nøytrale eikefat før tapping på flasker.

 

Côtes du Jura Chardonnay En Levrette 2013, Domaine des Marnes Blanches

Ah! Ein teksturvin. Eg serverer vinen ved 10-12 grader og let han gli opp mot 14. Det går fint. Glatt og saumlaust glir vinen gjennom munn og gane. Dette er elegant. Lukta er rik og går mot gule og brune ting. Noko mogen sitron og gule eple. Litt salte saker som rista nøtter og bacon dukkar opp. Og så eit søtt inslag; karamell. Smaken er fyldig. Det er noko turka indiske krydder i ettersmaken og fennikel og lakrisrot dukkar også opp. Det er eit tydeleg jordsmonnspreg av kalk og østers som kjem fram etter ei tid i glaset. Diskret, men det viser adresse. Røter, dei lange linjene. Geologisk tid og stad. God vin. Chardonnay frå Jura – det er den nye vinen. Men ikkje drikk dette fordi det er hipt. Ikkje drikk dette for at polet i Sogndal skal bli trendsetjande i Noreg. Drikk dette fordi det er kvalitetshandverk som set sanseapparatet i sving, og er godt.

Mat? Har dei osten Comté på Meny-en i Sogndal, eller din lokale butikk? I so fall er det innertiar til denne. Eller anna smaksrik halvfast ost, kanskje litt godt brød og smør.

Denne artikkelen er ein tidlegare Helgavin-spalte frå Sogn Avis. Han stod på trykk på våren 2015. Våren 2017 er vinen framleis på lager, syner nettsida til polet. Denne postinga vart publisert same dag som Helgavin-spalta i Sogn Avis handlar om ein ueika Chardonnay frå New Zealand. Vinverda er stor, og Chardonnay finst i kvar krå.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *