Familiekrøller og tørr vin

Den 28. september i 2016 gjesta Ernst Loosen Litteraturhuset i Bergen. Ute var det ti grader. Luftfuktigheita vaka som vanlig rett under 100%. Litt nedbør på morgonkvisten, medan bussen med underteikna seig sørover frå Sunnfjord og mot Bjørgvin. Vel framme og inne på Colonialen var det tørt. Både i lokalet og i glaset. Ærlige Ernst hadde teke med seg den tørre porteføljen. Alle som har vore unge, og det er ein del, veit at Loosen også betyr søtt. Riesling Kabinett frå Dr. Loosen eller Loosen Bros er mange sitt fyrste møte med vin.

Foto: Jan Tore Skråmestø
Foto: Jan Tore Skråmestø

Ernst Loosen er ein mann med stort hår og store ord. Ein god del av orda, er slike du ikkje lærer på skulen, men som i små og velretta dosar kan nyttast i forsterking av uttrykk. Slik som f**k og f***ing. Ernst Loosen snakkar med heile kroppen og i tillegg har capslock-knappen hengt seg opp. Men bodskapen er interessant. Her er noko av det eg fekk med meg mellom smaksprøvene:

Mor til Ernst kjem frå Prüm-familien, Joh. Jos. og gjengen. Dei med dei herlige langliva predikat-vinane, veit du. Dei som ser på tørr vin på same måte som søreuropearar ser på ærlig arbeid. Far til Ernst kjem frå ein familie som berre har fokusert på tørr vin. Ernst kunne fortelje at familiemiddagar og høgtider, då slekta samlast for mat og samvær, var konfliktfylte greier. Den eine delen av familien ville ikkje drikke den sure, tørre vinen. Den andre var naturleg nok glad i tørr vin, men avskydde vinar med restsødme.

Ernst var mest interessert i arkeologi. Faren dreiv med politikk. Men i 1988, då vinhuset stod i fare for å gå konkurs, la Ernst dei arkeologiske kjepphestane på hylla og tok over taumane. Og resten er historie, som det heiter. Talent, hardt arbeid og ein omreisande sleivkjeft, gav Dr. Loosen vind i segla, og vinhuset cruisa inn på stadig nye marknader og vart snart nemd mellom dei gjævaste i Mosel.

Ex-arkeologen sin sans for renessansen til tørre vinar, kom med ei gåve frå ein gamal kunde av far til Ernst. I 2008 smakte han ein tørr Mosel Riesling frå 1950-talet, laga av bestefar Peter Loosen. Korleis kunne denne vinen vere så vital etter så mange år? Om bestefaren kunne lage slik vin på 50-talet, måtte det vel vere mogleg i dag? Kva var hemmeligheiten? Noko av suksessen til Ernst sine vinar, er paradoksalt nok faren si manglande interesse for vinproduksjonen. Kombinasjonen av dårlig økonomi og fokus på politikken, gjorde at vinmarkene ikkje vart nyplanta med meir produktive kloner, slik mange av naboane gjorde på 60- og 70-talet. Dette resulterte i i mykje gamle vinstokkar. I kjellaren vart det heller ikkje investert i nye ståltankar. Det vart med andre (og engelske) ord; old vines og old school. Ernst vart nøydd til å bruke det som fanst. Gamle vinstokkar gav mindre druer og mindre avling, men god konsentrasjon og god vin. Dei gamle 1000- og 3000-liter eikefata som stod i kjellaren var nøkkelen til interessa for langliva tørr vin.

I ein tidleg fase i vinmakaropplæringa til Ernst, ville han gjerne gjere eit eksperiment. Han fekk ein batch med most frå Wehlener Sonnenuhr, som han gjæra heilt tørr. Så fylte han eit gamalt fat og lot vinen liggje der i årevis.

DSC_1529

Dette er noko av bakgrunnen til GG-vinane med tilleggsnemninga Reserve, som kom på marknaden fyrste gong med 2011-årgangen. Til Bergen hadde Ernst med to Reserve, Ürziger Würzgarten Riesling GG Reserve 2012 og Wehlener Sonnenuhr Riesling GG Reserve 2012. I tillegg fekk vi smake nokre tørre rieslingar frå lågare nivå og nokre vanlige GG-vinar. Ernst kunne fortelje at eksperimenteringa kom til å halde fram i årevis dersom ikkje broren, som er økonomi- og logistikkanvsarlig, sette kjeppar i hjula. For å finne den optimale lagringstida for GG-vinar, vert desse vinane produsert på følgande måte: alt druemateriale til tørr vin frå den aktuelle vinmarka vert hausta og pressa. Så blir mosten gjæra på desse store eikefata på 1000 liter. Ein tredjedel vert lagra 12 månader, ein tredjedel 24 månader og ein tredjedel 36 månader. Vinen får liggje heilt i ro på gjærrestane, utan battonage. Reserve-varianten får etter flasketapping, eitt år på lager i flaske før utskiping. 36 månaders-varianten har eg enno ikkje sett kommersielt tilgjengelig. Men truleg er det tappa noko frå 2011-årgangen som har nådd nokre tyske strupar. Ernst ønskjer så å følge og smake dei ulike tappingane med aukande alder, for slik å finne ut kva mogningstid på fat som er mest spanande, lagringsdyktig over tid og mest hensiktsmessig for kvar enkelt vinmark.

DSC_1515

Sjølv om Dr. Loosen er med i VDP, deler han ikkje deira klokkartru på at alle i heile verda som kjøper ein vin som står GG på, veit at det er ein tørr vin. Han har difor erta på seg paragrafridande vinmakarkollegaer ved å klistre på ein ekstra etikett med Dry.

Så er vi over på grunnen til at eg byrja å skrive denne saka; Wehlener Sonnenuhr Reserve, og syrespelet. Er du over middels interessert i riesling frå Mosel, er det nok også store sjansar for at du set pris på ei frekk syre. Om vinen er knastørr, feinherb, halbtrocken, halvtørr, halvsøt, søt eller klissete, er dei gode variantane nesten alltid spekka med rikeleg balanserande frisk syre. Nokre gonger er ho spiss, ofte er ho frisk, filigran eller finsleg. Men i somme år er ho til og med leskande og eletrisk. Oftast lengst framme i smaksbilete. Det er noko av det som gjer vinen lettdrikkeleg og uimotståeleg. Men denne gongen var det noko nytt. Wehlener Sonnenuhr Riesling GG Reserve 2012 har ei syre som er avrunda, balansert og elegant. Ho er integrert og gjev vinen ein anna breidde enn vanlig. Den ekstra tida med pusting gjennom gamalt treverk og det langvarige kysset frå gjærcellene på botnen av fatet, har endra vinen. Er dette betre enn standardvarianten? Ja, men fyrst og fremst annleis. Når eg ser på notatblokka, er det klart at orda mine frå smakinga ikkje gjev vinen rettferd. Her var heilt klart ein mykje større informasjonsstraum som kom inn munnen, enn det som hovudet og handa produserte på papiret. Men eg har notert mykje om syre. «Stor, elegant, open lukt. Litt avrunda. Flott elegant syrespel. Lang elegant syrerik finish med flott sitrus- og eplesyre.»

DSC_1534

Kanskje burde eg klinka til med; «Ah, FOR ein vin! 94 poeng.» Men det skreiv eg ikkje. Vi Sunnfjordingar er vel for reserverte. Det vart også skjenka ein Reserve frå vinmarka Ürziger Würzgarten, som ligg ein sving lengre nedstraums for Wehlen. Jordsmonnet her består av vulkansk materiale og skifer som er farga raud av det høge jerninnhaldet. Denne vinen var også god, men ganske annleis. Her var det eit meir sødmefullt fruktpreg og søte krydder, samtidig som syra var lett prikkande.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *