Urban miks

Endelause vinmarker. Grønt bladverk og mognande druer under. Blå himmel og kanskje ein skogkant på toppen av ein liten kolle, der vinmarka tek slutt. Ruralt landskap langt unna byens mas og kjas. Ein bonde i skitne skor, med sneipen i munnviken. Kanskje ei elv som slyngar seg i dalbotnen nedanfor vinmarkene. Du ser det for deg, ikkje sant? Eit vindistrikt, på landsbygda i sentraleuropa, der livet går i eit litt tregare tempo. Men det finst unntak. Det finst vinproduksjon berre ein €10 taxitur unna nattklubbane og cafélivet. Bli med til vin. Orsak, Wien.

Jaudå, det er fleire vindistrikt som ligg kloss i byen. Ettersom Bordeaux har est utover, er vinmarkene i Pessac-Leognan vorte nabo med byfolk. I Australia har Melbourne også vinmarker i Yarra Valley tett på byen. Men i Wien i Austerrike har det vore vinproduksjon i byen i lang tid. Arkeologiske utgravingar har avdekka spor av vinmarker frå om lag 750 før Kristus. Før middelalderen, låg vinmarkene inne i byen. I dag er det meir i utkanten og drabantbyane at vinmarkene framleis held stand mot urban utviding. Den mest eigenarta vinen frå Wien, er ein som heiter Gemischter Satz. Det er ein kvitvin laga på minst tre, men opp til 16 ulike druesortar som er planta saman i vinmarkene. Alt vert hausta samtidig og pressa og gjæra i lag. Det gjer at ikkje alle sortane er like mogne ved haustingstidspunktet. Nokre er litt undermogne, nokre er passe og andre att er lett overmogne. Saman bidreg dette til ein kompleks vin med god syre og rikeleg fruktkarakter. Gemischter Satz har vore fast inslag på dei mange små serveringsstadene som vert kalla heuriger. Dette var vinbønder som opna heimane sine om hausten og serverte årets ferske vin og enkel mat til. Her kunne også songarar og trubadurar med gitar eller trekkspel, gå rundt borda og underhalde for ein liten slant.

DSC_1675

Samplanting av ulike druesortar har vore vanlig i Austerrike og vinverda elles i gamle dagar. Det var spesielt etter phylloxera-epedemien i byrjinga av 1900-talet, at det vart meir vanlig med å dyrke kvar druesort for seg. Vinen frå Wien var rekna som enkel bordvin og seld og servert lokalt.  Difor var bøndene som dyrka druene ikkje så opptekne av å setje i verk moderne nyplanting.

Fritz Wieninger kjem frå ein familie som hadde ein gard med litt av alt, slik det var for mange ikkje så velståande bønder for 100 år sidan. Sjølvberging. Litt epler, litt grønsaker, nokre smågrisar, ei ku. Av vinrankane vart det nok vin til å selje litt, så familien hadde pengar til klede og møblar. Faren utvida vinproduksjonen litt, men det var då Fritz var ferdig på vinskulen i Klosterneuburg, nokre minutts rotur oppover Donau, at det vart fart i sakene. Han tok over familiebruket i 1987. På denne tida var det ikkje mange som såg på Gemischter Satz som nokon kvalitetsvin. Fritz hadde heller ikkje trua på Gemischter Satz. Han var opplærd i moderne vinmaking, der eindruevinar var normen. Men ein anna vinbonde i Wien, Mauer frå Pfarrplatz, forsøkte å overtyde Fritz om at det var noko i miksen frå Wien. Seinare fekk han leige ein liten del av ei høgt verdsett vinmark som heiter Nussberg. Her var det planta 13 ulike kvite druesortar. Han forsøkte å lage eindruevin av Grüner Veltliner, Welschriesling og Pinot Blanc, og var nøgd med resultatet. Nussberg var vinmarka som gav det vesle ekstra. Men til si store overrasking, oppdaga Fritz at vinen der alle druesortane var inkludert, vart endå betre og meir spanande enn eindruevinane. Heilskapen var større enn summen av delane.

I 2006 danna Fritz organisasjonen WienWein saman med fem andre vinbønder i Wien, for å arbeide for å fremje Gemischter Satz. Dette gav han også større sjølvtillit til å fortsetje å lage meir av denne særeigne vintypen. I dag er det om lag 200 kommersielle produsentar av Gemischter Satz, i tillegg til mange som lagar litt som ein hobby. I følge Fritz Wieninger er 25% av Wien sitt vinmarksareal på 622 hektar planta til Gemischter Satz, sjølv om David Schildknecht i The Oxford Companion to Wine, 4ht edition, skriv at «they have shrunk to a mere 10-12%.» Kan Gemischter Satz liknast med eit velfungerande multikulturelt samfunn? Her får sosiologar og antropologar arrestere meg om eg tek feil. Men at fleire ulike druesortar (folkegrupper) lever side om side, vert hausta saman og bidreg med kvar sine kvalitetar til eit felles mål om å bli endå meir spanande enn ein monokultur. Det er då noko der, då!

DSC_1677

Wiener Gemischter Satz 2014, Weingut Wieninger

Denne vinen har mange ulike druesortar frå dei to vinmarkene Bisamberg og Nussberg. Grüner Veltliner er truleg den det er mest av, men her er også Riesling, Traminer, Welschriesling og Zierfalndler. Bisamberg er på nordsida av Donau og har jordsmonn med sand og løss. Her er det meir soleksponering og meir vind enn Nussberg. Jordsmonnet i Nussberg er rikt på kalkstein og leire.

Vurdering: Strågul på farge. Lukta er frisk og nesten perlande, med tonar av mineral, mogen frukt, sitrus og litt urter. Smaken er intens og frisk med mykje struktur til kvitvin å vere. Her er både syrlige og mogne element. Både grøne og gule smakar. Og brunt (krydder) og grått (stein) også. Ein spanande vin på mange måtar.

Mat: Ein vin med så mykje smak at eg vil tilrå denne til ymse rettar. Pastasalat, svinekjøt med krema saus, steikt fisk, risotto med kjøt eller sopp. Prøv kvitvinsglas med litt storleik. Kan serverast kjølig, men også opp mot 10-12 grader.

Dette er ein meir forseggjort versjon av ei Helgavin-spalte som stod på trykk i Sogn Avis våren 2016. Då var det årgang 2014 som var tilgjengelig av denne vinen til 175 kroner. Våren 2017 står det på Vinmonopolet sine sider at det er 2016 som er aktuell, og no er prisen 179,90. Det tykkjer eg er vel nytta pengar på ein så interessant, urban og potensiell kultstatus-vin. Grunnen til at eg tok fram ebd-ekvivalenten til blyantkvessaren for å fikse på denne spalta, var eit blogginlegg frå Morten Båtbukt sin eigen restaurantkomfort.noom vin som ikkje kostar skjorta, det vil seie frå 130 til 300 kroner.

Kjelder:

Hugh Johnson/Jancis Robinson The World Atlas of Wine 7th edition

Peter Moser Falstaff Ultimate Wine Guide Austria 2014

Jancis Robinson/Julia Harding The Oxford Companion to Wine

https://www.vinmonopolet.no/vmpSite/Land/Østerrike/Wieninger-Gemischter-Satz-2016/p/9126201

https://www.thedrinksbusiness.com/2016/06/gemischter-satz-the-next-big-thing/

http://illdrinktothatpod.com/search/fritz+wieninger

http://www.wieninger.at/en/index.php

https://www.google.no/maps/place/Klosterneuburg,+Østerrike/@48.2314723,16.2949597,12.15z/data=!4m5!3m4!1s0x476d0f1ee8c5976b:0x42256f8b4135baf1!8m2!3d48.3098656!4d16.323772

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *