Vin & vinyl

PETER LAUER AYLER RIESLING FASS 25 2015

Got a secret
Can you keep it?
Swear this one you’ll save
Better lock it in your pocket
Taking this one to the grave

Når a-menneska hadde vore på rieslingslepp på Valkendorf og plukka med seg Keller, Mosbacher og dei andre produsentane pressa skriv om, har det vore heilt greitt å entra lokalet litt seinare på dagen og plukka med seg nokre flasker frå Peter Lauer. I 2017 er denne strategien definitivt over, og sjølv om det er litt ergerleg at løyndomen er ute, så er det samstundes kjekt at produsenten får merksemd som fortent, og så får eg heller tæra på oppspart kjellar. Spesielt ‘Senior fass 6’ – frå åkerlappen oppkalt etter Bestefar Lauer og fatet som han tok med seg til eige konsum, var eit fantastisk friskt møte mellom pris og kvalitet til knappe 250,-

Stor er gleda når eg oppdaga at den enklaste vinen no er tilgjengeleg på 86 pol frå Kristiansand til Tromsø (men utseld i nettbutikken). Så, korleis står fat nummer 25 til 220 kroner seg mot storebrørne i Lauerfamilien?

P1040359

Vi skal til Ayl ved Saar, ei sideelv til Mosel og eit litt kjølegare område med lenger modningstid for druene. Florian Lauer som styrer skuta har innført økologiske prinsipp og snuser visstnok på biodynamikken, vinen er spontanfermentert med villgjær og ligg på bunnfall i fire månader.

Skrukork, fizzy og litt boblete  – ein del co2 som må ristast ut – ganske tilgjengeleg duft rett etter opning; sylta sitron, våt stein og kvite blomster. Lukker seg like etterpå med kun mineraler på snuten. Med tid kjem det eit lysare sitronpreg og med enno lenger tid delikat appelsin.

P1040361

Medan vinen ikkje deler så mykje lukt, er det desto meir smak å finne. Kremete munnkjensle, rund og smooth med leskande smak. Søtleg fersken og epleskrell blir fint balansert av ei syrleg avslutning. Med tid i glas og karaffel kjem eit distinkt eplepreg som varer lenge. Dess meir tålmodig lufting (rundtom 3 timar) kjem også syrleg sitron i avslutninga.

God vin – men ikkje så konsentrert (og til dels intens) som storebrørne frå produsenten. Reine, kjølege, balanserte og autentiske  smakar, men meir lågmælt og forsiktig både i nase og munn.

SUSANNA – TRIANGLE

Soul music for lost souls

I tussmørket mellom jazz og kunstpop har eg hatt eit godt auge til Susanna Wallumrød frå ho saman med Morten Qvenild debuterte med The Magical Orchestra på Nattjazz i 2001. Spelereglane – slik eg biller meg inn – har vore slik: Ta ei kjend låt du har eit forhold til. Gjengje denne så langsamt du kan. Sjå kva andre kvalitetar som dukkar opp… Til dømes desperasjonen i Dolly Parton sin Jolene, eller Jailbreak (Thin Lizzy) som fatalistisk ballade saman med Bonnie ‘Prince’ Billy. Samstundes har ho skrive eigne låter som med åra har blitt fleire og sterkare, og er no førebels i mål med albumet Triangle som fekk Spellemann i Open Klasse.

Med sedvanleg inderleg tilnærming utforskar ho eige forhold til det åndelege, til tru og til overtru – nært og bekjennande –  undrande og spontant. Eksistensielt mørkre og grublande tvil blir til vakker musikk, elektronisk rumling, kvit støy og glødande utadvendte melodiar. Kortaste låt på dobbelalbumet er knapt over minuttet, lengste passerer fem – innimellom ser eg på heile pakka som ein songsyklus à la Draumkvedet der alt heng i hop, andre gonger shopper eg enkeltlåtar i noko som må vera verdas vakraste eksistensielle krise.

P1040358
Musikalsk går ein frå intense formaningar i chants som kan minna om intensiteten til Sidsel Endresen på sitt strengaste, til mollprega ballader med ein ekstrem popteft – ho evnar å skriva nydelege melodiar samstundes som overraskande intervallsprang får deg til å sitja framoverlent på stolen. Innimellom minner ho om Joni Mitchell, andre gonger kan det lyda som Kate Bush midt i eit stillferdig angstanfall. Røysta hennar er kjøleg men ekstremt til stades – komplekse melodiar lét heile tida uanstrengt gjennom plata.
Mykje handlar tilsynelatande om vatn… Og allereie her spelar hjernen meg eit puss. Ei av dei andre platene frå 2016 som gjorde eit sterkt intrykk på meg var Before the Dawn frå Kate Bush – som og veg tungt på bruk av h2o i metaforbruken. Eg klarer ikkje heilt å fri meg frå å sjå på desse som uforvarande søsterplater der den mørke sida vert presentert i Triangle.

Opninga «Nothing is holy» etablerer premisset allereie i første linje, før «We don’t belong here» samlar all frykt for kva som ventar rundt neste sving.

Texture in, texture within
Dark water running in my blood
Texture in, texture within
Dark water running like a flood

«Texture Within» er dyster pop-teft med vakker melodi, «Fear and Terror» har nok preparert piano til å gjera Harry Partch stolt, Susanna sjølv syng «umoglege» intervall; medan «Before the alter» er insisterande i kjensla av å vera eit frivillig offer.

And when I call for rescue
No one seems to care

«Hole» er vel ein slags singel frå plata, kjempecatchy melodi samstundes som stemninga er ivaretatt med linjer som «Black is where my soul lives – the Hole». Prince møter highasakite over ein Roland TR-707… «Sheperd» er ein kort chant med bønn om rettleiing som starter ein introspektiv del av plata der «Under Water» er den beste singelen Kate Bush aldri skreiv.

«Born again» signaliserar ein ny start, men statementet framstår som meir usikkert etter mange repetisjonar – uansett vedunderleg saksofon frå Rolf-Erik Nystrøm bakom. «Triangle» (roll credits) er den vakraste balladen Susanna har laga sidan «Someday» i 2009, medan vatn og ild er tema for resten av platesida. «Sacred Revolution» spruter ironi over forholdet mellom individ og samfunn medan «Purple» parafraserer Black Is The Color Of My True Love’s Hair.

Ei anna røyst -Jessica Sligter er gjest på «Death Coming» og gjev eit litt fyldigare vokalpreg, men som tittel (meir enn) antyder er tematikken den same – med avslutninga rekk vi amen utan anna konklusjon enn at ‘there is texture in my blood,’ noko som tyder på at dette ber vi alle med oss…

Ei ualminneleg vakker plate som vil appellera til dei mest melankolske av oss, samstundes som kvaliteten i melodiane bør tiltrekka dei fleste andre..

P1040370

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *