Vin & vinyl

EGGE GÅRD ONE (2015)

Bønder spelar kanskje ikkje tennis, men sjampanje lagar dei, sjølv om det ikkje er lov å kalla det for slikt. I Buskerud, nærare bestemt på Egge har garden – mest kjend for jordbær epler og eplesider – stadig utvida sortimentet med diverse brennevin og kritikarrost dessertsider. Og frå 2016 musserande vin laga med sjampanjemetoden.

P1040664

I 2010 bestemte 12. generasjon Egge seg for å planta vindruer, og endte i fjor opp med ein produksjon på 500 flasker frå 14-årgangen. Drua Solaris finn seg på dei ytterste greinene av Vitis vinifera-treet, og sorten har mange foreldre – mellom anna riesling, pinot gris og muscat ottonel. Resultatet er uansett ei kulderesistent drue med høg motstand mot sopp og sjukdom. 2014 var ein varm årgang som fekk mykje skryt, 2015 som går i glaset no var eit kaldt år. Korleis vil ein 100 prosent norsk vin framstå?

P1040669

Frå nyopna flaske minner vinen om Sancerre eller kanskje enno meir ein sauvignon blanc frå Marlborough – duften har mykje stikkelsbær, rambutan og pasjonsfrukt, antydning til gjær, banan og gule epler ligg bakom. Tiltalande snute.

Heftig og konsentrert anslag med mykje eplesmak. Stikkelsbær i midtpartiet glir over til ein spiss avslutning med mykje sitron. Lang og konsentrert, men litt urein mot slutten. Likevel delikat og særprega musserande vin.

Såh – verd prisen på 400,-? Isolert sett antakeleg ikkje, men om perspektivet er ein knøttliten produksjon frå Noreg så blir det heile meir forståeleg.

 

CUTTING EDGE – DUESENBERG

Vi er i 1986. Stage Dolls er på Norsktoppen. Og Rolf Graf. Og Jarl Goli(!). Og Vazelina Bilopphøggers og Bjørn Eidsvåg, men det er dei vel heile tida… Liverpool tar the double, og Noregs svar på Weather Report – ei samling av dei mest talentfulle jazzmusikarane i landet, med eit ønske om å spela meir rockorientert musikk –  gjev ut si siste plate etter hektiske fem år på vegen og i studio. Fem intense år gav oss 3 plater med eigen musikk, eit tett samarbeid med Jan Eggum på E.G.G.U.M. og ikkje minst plateselskapet Curling Legs som framleis gjev ut kvalitetsmusikk, og har mellom anna Come Shine, Krøyt, Helge Lien og Sidsel Endresen i katalogen.
Kor skal vi byrje? Gitarist Knut Værnes hadde studert hjå John Scofield, samt vore medlem i band hjå Jon Eberson og saman med Nils Petter Molvær. Rune Klakegg kom frå Søyr, medan det knapt myndige supertalentet Stein Inge Brækhus skulle overta trommene etter Frank Jakobsen. Edvard Askeland – av strileætt – i dag leiar for Oslo Jazzfestival, og med ein ekstremt variert bassist-cv.
Medan dette blir skrive har dei nettopp fullført ei gjenforening under Maijazz – kanskje det vert fleire konsertar i 2017…

P1040667

I dag er eg ikkje like stolt over all jazzrock frå 80-talet i samlinga, så det er med ei viss spenning eg spinn i gong Duesenberg. At Jan Erik Kongshaug er lydteknikar og plata er laga i Rainbow Studios får meg til å senka skuldrane. Og ganske riktig, lyden er klokkeklar og musikarane høyrest ut som dei sit i stova mi.
Duesenberg (roll credits!) startar side A i ein langsom skajazzgroove med veldig snedige gitararrangement under synth- og sax-melodiar. Kraftig trekk for synth-trommer i refrenget når alt anna lét så bra… Neste ut er On Your Mark. Ein forsiktig start leiar tankane mot Eberson/Endresen-ballader, før ei funky basslinje flyttar oss til LA. Ei låt som kjennes litt glatt, men som blir redda av heftige soloar frå piano og gitar. Tatt Av Vinden minnar litt om Lee Ritenour på sitt mest melodiske. Flott og intens saksofonsolo frå Morten Halle. Platesida sluttar i langsom groove og oppfinnsamt pianotema. Ei låt prega av meir villskap frå solistane gjev meg optimisme før Side B, samstundes som tittelen Slangen I Paradis kan indikera at dette er eit unntak…

Gode Dager startar med langsam ska-beat, men undervegs endrar Stein Inge Brækhus groove til å passa solistane med ein autoritet som ein ikkje skulle tru tilhøyrde ein nittenåring. Vår Mann er clever rytmesjonglering og vanhalensolo med jazzcountrykomp og synthtrommer. Vittig låt… Ren Flaks blir litt for stilleståande før Av Alle Ting syner for ein kjenslevar saksofonist Morten Halle er. Nydeleg ballade.

31 år gamal platepressing som lét betre enn mykje som blir gjeve ut i dag – musikkestetisk er deler av plata litt for smooth, men blir heldigvis avløyst av til dels aggressive soloar og parti.

P1040675

 

 

Egge Gård


http://www.winegrowers.info/varieties/Vine_varieties/Solaris.htm
Diverse Wikipedia

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *