Tour de France 2017 – 5. etappe – 2x Rangen

5. etappe, 160,5 km frå Vittel til La Planche des Belles Filles. Her tøyer eg våre eigne reglar for denne artikkelserien, nemleg at ein etappe skal starte, gå igjennom eller slutte i eit vindistrikt. Men med tanke på kor langt enkelte ryttarar har sykla utanfor deira regelverk, spesielt når det gjeld legeassistert blanding av “sportsdrykk”, så tek eg dette med stoisk ro. Målområdet på fjelltoppen har namnet La Planche des Belles Filles, og fritt omsett vert det noko i retning; platået med dei vakre døtrene (1). Opp dit er det ei frekk fyrstekategori-klatring frå 458 moh til målgang på 1035 moh. Etter å ha turka av seg svetten, gratulert vinnaren og parkert sykkelen, kan dei som ikkje kikar på dei vakre jentene, sjå mot aust. Då vil dei nok få auge på byen Mulhouse, som med dryge 112 000 innbygjarar er Alsace sin nest største by. Litt utanfor, ligg den vesle staden Thann, som hyser både folk og fe, og ikkje minst Alsace si sørlegaste vinmark. Og den vinmarka er verd ein restitusjonstur for å få med seg.

Rangen de Thann er ein av Alsace sine 51 grand cru-vinmarker. No er grand cru-begrepet i Alsace litt utvatna. Dei var nok litt for ivrige med å føreslå vinmarker som skulle få vere med. Men Rangen gjer dei fleste rangen stridig. Ei svært bratt vinmark som i dag har 22,13 hektar planta med vinstokkar. I følge dokument frå klosteret i Murbach, var Rangen i full vigør allereie i 1272. På 1600-talet var mykje av det som i dag er busetnad i Thann, planta med vinstokkar, og Rangen var også større enn i dag. No har skogen teke tilbake noko av arealet. Den bratte og arbeidskrevjande vinmarka stod heller ikkje høgt i kurs hjå vinbønder etter andre verdskrig. På slutten av 60-talet var det berre vinstokkar på 5 hektar. I 1977 kjøpte Léonard Humbrecht sine fyrste parsellar, og rakk å få med Rangen i grand cru-klassifiseringa i 1983. Seinare kjøpte Bernard Schoffit nokre hektar, og dei to produsentane eig i dag 5.5 hektar kvar. I tillegg eig Bruno Hertz, Chateau d´Orschwihr og Wolfberger nokre småplottar. Det er mest Riesling og Pinot Gris, medan det finst litt Gewürztraminer nederst mot elva Thur, som gjer at botrytis kan forekomme. Vinmarka er sørvend og høgtliggjande til Alsace å vere. Nede ved elva er det 350 moh, medan øverste vinstokkar er planta 467 moh. Bakken går heilt til toppen av Rangekopf på 605 moh, men der mognar ikkje druer.

 

Rangen er den einaste ekte vulkanske vinmarka i Alsace. Visst finst det restar av vulkansk oske i til dømes Munchberg, men Rangen er tufta på millionar av år med vulkansk aktivitet. Her er det greywacke i botnen, med eit tynt lag av høgkvalitetsleire over. På toppen er det vulkansk stein, tuff og andesitt. Det er lite organisk materiale og vinstokkane veks seint. Det tek fem til seks år frå planting og til det fyrste gong vert lange nok skot til oppbinding og til at planten kan bere frukt. Sjølv om Rangen ligg med Vosges-fjella i ryggen, der dei opnar seg opp mot slettelandet i sør, ligg vinmarka så høgt over havet at det vert svært lang vekstsyklus og sein innhausting. Her er ikkje mogleg å bruke traktor, det meste vert gjort av menneske. Riesling vert stort sett forsøkt laga i tørr variant, men både Schoffit og Zind-Humbrecht får i nokre år litt botrytisdruer med i den tørre vinen. Er det mykje botrytis, kan det bli ein Vendange Tardive. Pinot Gris har tynnare skal, og får lett både botrytis og anna rote. Den drua vert difor meir prega av vêret og årgangen. Den kan fort bli for rik, og Pinot Gris frå Rangen er sjeldan knusktørr. Alle tre druesortane gjenspeglar Rangen sitt vulkanske indre, sjølv Gewürztraminer vert mindre drueprega.

 

Mitt fyrste møte med vin frå Rangen, var ein Pinot Gris 2002 frå Zind-Humbrecht, som eg smakte i 2005. Det var vinen som vekte ein fasinasjon for vulkanske vinar. Det var heilt klart at vinen hadde noko som eg ikkje hadde vore borti før. Utover Mosel riesling frå skiferjord, var dette noko av det mest mineralprega vinen eg hadde smakt. Ein Gewürztraminer 2004 Zind-Humbrecht, smakt i 2010, gav også hint om noko spanande, sjølv om den hadde behov for lang tid med luft før det smakte av Rangen. I 2009 kom det inn i bestillingsutvalet nokre Riesling Rangen 2007 frå Domaine Schoffit. Eg har smakt fleire flasker, men vart ikkje heilt klok på dei. Vinen var svært rik, og den rake motsetning til Zind-Humbrecht sine stramme og strukturerte variantar. Men då eg smakte den tredje flaska, byrja eg å få grepet på kva som var det store med denne vinen. No har diverre ikkje Schoffit vore å sjå på polet, sidan 2008-årgangen.

DSC_2088

Rangen de Thann Clos Saint Urban Grand Cru Riesling 2007, Zind-Humbrecht

Vinen sin farge ber preg av at det har gått nokre år. Lys gull mot gyllen. Stor lukt av lemoncurd og nedlagde sitronar. Her er også ei feit lukt av utvikla Riesling, og noko mørk, saltaktig mineralpreg. Smaksmessig overraskande frisk og strukturert, fargen teken i betraktning. Smooth tekstur. Sitrusprega i starten. Litt bitterstoff i ettersmaken. Smakt over fleire dagar, og best på dag fire. Då var det kome meir fram av det vulkanske steinpreget, og litt smør på lukt. På dag fem var frukta i ferd med å forsvinne. 13,5% alkohol og Indice 1, altså heilt tørr,  på Olivier sin skala for opplevd sødme.

Rangen de Thann Clos Saint-Théobald Grand Cru Riesling Schistes 2007, Schoffit

Djup gul farge! Etter kort tids snurring i glaset, kjem det fram Rangen-typiske terroirtrekk som mogen gul frukt og søt vulkansk stein. Veldig ulik Zind-Humbrecht i struktur, men likskapar på aromafronten. Mjuk, rik men tørr, fyldig og stor vin, der syra vert opplevd som låg. Men etter kvart kjem det ein mineralsk ryggrad og tek over for manglande syre. Her er rikeleg med konsentrasjon. Finslipen tekstur og vinen glir ned og det vert stadig påfyll. Eit godt teikn. Ein litt sær og underleg vin. Men det fungerer. 13,5% alkohol på denne også.

DSC_2086

(1) Namnet La Planche des Belles Filles, kjem visst ikkje av vakre døtre. Filles er ei endring av dialektordet fahys, som tyder bøk. Jau, litt ureglementert sykling på denne etappen..

Quiz: Kva heiter den nordlegaste grand cru-vinmarka i Alsace?

2 tankar på “Tour de France 2017 – 5. etappe – 2x Rangen

Leave a Reply