Blue Mountain Gold Label Brut 2013

GRATULERER MED 150-ÅRSDAGEN, CANADA!

Canadisk mooserande vin laga med sjampanjemetoden. «Går det an?» spurde butikksjefen då eg henta bestillinga.

P1050241

Med drift sidan 1971 er Blue Mountain Winery & Cellars veteranar i Okanagan Valleys, British Columbia. Tørt klima, ekstremt milde vintrar (jaffal i kanadisk perspektiv) og lavt sjukdomspress på drueplantane gjer det mogleg å halda seg tett til økologiske prinsipp, med berekraftig drift som drivkraft.

 

Blue Mountain Gold Label Brut 2013

Mykje bobler – kremete moose. Veldig umiddelbar og ‘sjampanjeaktig,’ delikat duft frå nyopna flaske. Rista brød, raude eple, nøtter, søtleg antydning til marsipan.

P1050244

Eit crisp smaksanslag glir over i eit fyldig midtparti med saftige, modne raude eple. Ei litt kantete syre forstyrrar litt, men roar seg med tid i glaset og endar som ei lang – litt spiss – sitronprega avslutning.

Overraskande god vin som til 249,- er ein seriøs geografi-eksotisk cremantkonkurrent. På snute siktar vinen enno høgare, men klarer ikkje heilt å følgja opp på smak. 11 flasker har havna på Notodden-polet, 1 på Radøy; noko som betyr at importøren har maksimum 188 flasker igjen – antakeleg mange færre, men ser ut til å framleis vera tilgjengeleg i nettbutikken til vinmonopolet.

P1050238

Bonuskviss: Kva for 5 canadiske plateartistar er på bildet ? Nerdebonus: Namn på platene…

 

Kjelder:
vinarius.no
bluemountainwinery.com

6 tankar på “Blue Mountain Gold Label Brut 2013

    1. Takk – du har sikkert ei stor platesamling, så du har nok fleire kanadiske om du kiker etter. Visste du at Canada støtt og stadig rangerer blant verdas tre største innen musikkeksport?

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *