CHATEAU MUSAR 2005

Igjen skal de bo i hans skygge,
de skal dyrke korn
og blomstre som vinstokken.
Hans navn skal bli som vinen fra Libanon.
(Hosea 14.8)

CHATEAU MUSAR 2005

Sjarmerande halvflaske – ein del grums – varsam dekantering tilrådd. Nydeleg duft frå nyopna flaske, søt fiken, svisker, mjølkesjokolade, nellik og solbær. Med litt tid på karaffel kjem skinnjakke, rulletobakk og raudt epleskrell. Kompleks snute.

Delikat og vart anslag, fin frukt og krydder i midtpartiet, konsentrert,  syrleg rips følgjer med heile vegen og varer leeeeenge. Herleg vin som sjølv for ein Musar-fan har noko ekstra ved seg.

 

 

ELLEN ANDREA WANG – DIVING

I påvente av den nye Ellen Andrea Wang-plata som kjem i september på Jazzland Recordings, skal vi kikka litt på debuten frå 2014 der ho produserer sjølv, og har med seg Andreas Ulvo (Karl Seglem, Solveig Slettahjell, Eple Trio) på tangentar og Erland Dahlen (Stian Westerhus, Jim Stärk, Nils Petter Molvær, Madrugada, dei fleste andre norske artistar du har høyrd om..) på perkusjon.

Noreg har lenge vore velsigna med meisterlege jazzbassistar.  Arild Andersen, Bjørn Kjellemyr og Sigurd Ulveseth; Ole Amund Gjersvik og Terje Gewelt; Mats Eilertsen, Per Zanussi, Magne Thormodsæter, Steinar Raknes og Ole Morten Vågan. Og Ellen Andrea Wang…  Første gong eg høyrde henne på scena var ein Bergen jazzforum-konsert som bassist med Dag Arnesen, og eg ønskjer framleis at dei hadde droppa trekkplasteret Palle Mikkelborg til fordel for det tette samspelet som ein rein trio. I tillegg leiar ho Pixel, har ein duo med Thea Hjelmeland, og turnerar med Manu Katché.

Strengt tatt er vel dette den minst pianotrio-aktige pianotrioen i verda sjølv om dei representerer tangentar, trommestikker og bass. Air startar ouvertureaktig og glir over i HighAsAKite-land før Follow Me overbeviser som tidlaus pop-perle – i tillegg til fine bassdetaljar så skin verkeleg vokalen hennar her. Bright Days er meir hektisk før Fjord Ferry tar energien frå førre låt inn i eit piano- og bassostinat som kunne følgt Final Fantasy-serien. Side A avsluttar med skeiv rockefot og fine detaljer frå Ulvo.

Side B visar breidda på plata med ein kort og  groovy bassolo – som også lydmessig syner kor bra kvaliteten på innspelinga er –  før Heart Beat tar oss attende til popland saman med ei taktskeiv High 5. Vakre Sacred spikrar samspelet mellom piano og bass og ventar berre på den mest stemningsfulle scena i ein film som ikkje er laga enno. Holding On avsluttar nærast som ein parodi på autotune i vokalmusikk, men er likevel ein vellukka poplåt. Leiken og variert musikk med høg kvalitet – ser fram til neste plate.  

Leave a Reply