Vin & vinyl

 

WEINGUT O. BIKINIBLICK RIESLING 2015

Ein prisgunstig gjengangar på rieslingslepp – det ligg ein del flasker igjen frå tidlegare årgangar på spesialpola. Ungsberg er ein topp og ei nær loddrett vinmark i utkanten av Traben-Trarbach i Mosel med utsikt til ein populær badestad. Med atterhald om avgrensa tyskkunnskap ser det ut til at elektrikaren Olaf Schneider fekk 0.2 hektar eigedom gratis i 2005, noko som etter kvart sakte har blitt utvida, men framleis er ein liten vingard.

Fersken, våt stein og pære på snute, gjær og spiss sitron på smak, heftig syre – treng definitivt eit par timar på karaffel. Gjev ikkje så mykje frå seg av duft etter lufting – litt flint og  pære, men smaken glir over i behagelege appelsinstoner, søte epler og sitronsyre som varer lenge. Ikkje komplekst, men reine og fine smakar – vinen opplevast som noko underaged, neste flaske skal få nokre år i kjellaren før konsum.

 

TERJE RYPDAL – THE SINGLES COLLECTION

Gratulerer med 70-årsdagen, Terje Rypdal!

Vi nyttar høvet til å hoppa nesten 30 år attende i tid då jubilanten slapp The Singles Collection på ECM. Og ja, tittelen er ein fleip – antakeleg brukt fordi dette er det mest pop-aktige albumet i karriera til gitaristen. TSC er den tredje plata med The Chasers – Audun Kleive og Bjørn Kjellemyr, antakeleg den råaste bass/trommer-komboen verda nokon sinne har sett – og i denne perioden utvida med Atl… orsak … Allan Dangerfield* på tangentar.

Det er eit stykke frå Shadows-bandet Vanguards på midten av 60-talet, samarbeid med Jan Garbarek,  via komposisjonsstudiar hjå Finn Mortensen, fram til 1989 og ei rockeplate som samstundes lét så Rypdalsk at det ikkje er tvil om kven som spelar frå første gitarnote.

«Maybe if we get some screaming guitars on the next record. It’s the Eighties now.»

There Is A Hot Lady In My Bedroom And I Need A Drink sparkar det heile i gong og – la oss ta det med ein gong, ein god del av keyboard-lydane lét frykteleg utdatert og åttitals med dagens øyrer, så også introen her – men når Kjellemyr først er på plass med fretlessbassen sin og Rypdal sjølv sparkar frå med grisete strat-lyd er låta der ho skal vere. Sprøtt er ei herleg blanding av taktskeiv prog og Hank Marvin. Eit «umogleg» trommemaskinbeat glir saumlaust over til menneskeleg komp før låta gjev rom for orgelsolo og lange, melodiske Rypdal-linjer.
Sjå vekk frå cheesy panfløyte-synth. Mystery Man er mellom dei vakraste instrumentalballadane som er laga – for ein melodikar og historieforteljar Rypdal kan vere gjennom gitaren sin. Samstundes er det rom for nydeleg kontrabass, alt medan Audun Kleive visper ømt i øyra ditt… Vi var visst ikkje heilt ferdig med trommemaskiner enno – The Last Hero og Strange Behaviour har eit lydbilete som minnar meir om Grace Jones produsert av Trevor Horn enn den gjengse ECM-innspeling. Sleazy basslinje under sexy gitar reddar likevel låta…

Side 2 startar intenst med U.’N.I. som kunne vore Kompet Går II frå debutplata, og som etter kvart høyrest ut som ein Frank Zappa-impro, medan Coyote er ‘klassisk’ Rypdal med lange vrengte linjer. Somehow, Somewhere dett litt gjennom i denne samlinga, før Kleive & Kjellemyr er tilbake med telepatisk grooving på Steady som gjev mengder av rom til å leika seg med gitar og Hammond C3 oppå. Crooner Song avsluttar det heile utan å overbevise heilt.

Leiken plate som – om ein ser vekk frå digital tidskoloritt – syner melodikaren og rockegitaristen Terje Rypdal på ein fantastisk måte. I høve gebursdag blir det konsertar frå jubilanten på Nasjonal Jazzscene 25. og 26. august pluss slepp av ei hyllingsplate på Rune Gramofon der mellom andre Nels Cline og Bill Frisell bidrar.

*Allan Dangerfield er psevdonym for ein kjend keyboardist og produsent, som (og her tar eg atterhald om at eigen hukommelse ikkje står i forhold til presisjonsnivået) tok mykje ansvar under innspelinga men som etter kvart kjende seg så overkjørd av ECM-gründer og produsent Manfred Eicher og måten plata vart miksa på, at han ikkje ville ha det eigentlege namnet sitt på sluttresultatet.

 

Kjelder:
http://www.weingut-o.de
Platecover

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *