Vin & vinyl

Visst kan los tinerfeños vin. På Tenerife har dei laga vin i hundrevis av år, vin som er hylla av både Shakespeare og Walter Scott, ikkje minst malvasia canary som på 1600-talet vart rekna som i verdsklasse før fleire vulkanutbrot øydela heile greia utover 1700-talet. På nordskråningen av Teide har Suertes del Marqués varme dagar, men blir heldigvis kompensert av kjøleg vind frå Atlanterhavet.

SUERTES DEL MARQUÉS LA SOLANA 2015

Lavintervensjonsvin – spontanfermentering, handarbeid i kjellaren, og så lite svovel som mogleg ved flasking.  Druene – 80-150 år gamle plantar med Listán negro – frå La Solana blir dyrka på rundtom 400 meters høgde i leire over vulkansk stein. Druene blir handplukka, vinen gjærar på sement før han blir overførd til fransk eik.

Litt ruskete og reduktiv snute frå nyopna flaske – eit kålpreg tar litt mykje merksemd frå moreller, modne plommer, pepper, rosmarin og røyk – luftar fort av og blir etter kvart ganske elegant sjølv om eit litt funky preg heng ved.

Fruktig, bløtt og juicy anslag, reinare smakar enn duft – etterkvart bitre urter – litt kort, men er i stadig utvikling på karaffel og strammar seg fint opp med tid. Etter ein times lufting kjem det søt og behageleg frukt i midtpartiet saman med ei syrleg, lett mineralsk og lang avslutning. Litt tanniner som byggjer seg opp blir elegant avvæpna med katalansk pølse.
Kul vin og ny drue, men eit ukomfortabelt «moden vulkan» i duftbildet varer ei god stund. Først etter nærare tre timar på karaffel glir snuten over i lyse kirsebærtoner… Luft godt og lenge før konsum.

LINDSEY BUCKINGHAM CHRISTINE McVIE – LINDSEY BUCKINGHAM CHRISTINE McVIE

Jepp – ikkje berre årets verste platecover, men også årets verste tittel og årets tilsniking. Korleis kan ei «duoplate» frå McVie og Buckingham med Mick Fleetwood på trommer og John McVie på bass ikkje vera ei ny Fleetwood Mac-plate? På det mørke Fleetwood Mac-nettet blomstrar konspirasjonane – visstnok var verdas mest suksessfulle, men samstundes verdas mest dysfunksjonelle kvintett i god gang med felles planar for første gong sidan Tango In The Night (1987), men så trakk Stevie Nicks seg (igjen).

For å starta med konklusjonen så lét det slett ikkje verst – catchy melodisk teft der knallsterke låtar balanserer på ein knivegg utan å bli pompøse eller enda som sukkerspinnpop, saman med tekstar som ofte er mørkare enn musikken skulle tyda på – syner korleis dei har fått statusen sin i musikkhistoria. Samstundes høyrer noko ut som ting som vart til overs på 80-talet.

Buckingham-låta Sleeping Around The Corner starter plata og lét litt heimelaga, men har eit smashing refreng som er millimeter frå å bli for pompøst – Feel About You med karibisk doo-wop minner om sumar før In My World framstår som den første ordentlege Fleetwood Mac-låta på denne sida av Tango In The Night. Kjøleg, sensuelt og eit refreng som kunne vore med på Rumours. Red Sun har eit refreng som inviterar til å synga med , men blir litt for glatt, medan Love Is Here To Stay har nydelege vers, men får for pompøse refreng. Pluss for aggressiv akustisk gitar.

Side B opnar med rockefot på Too Far Gone – lett men gøy. Lay Down For Free blir for glatt medan Game Of Pretend syner kvifor Fleetwood Mac har oppnådd stausen deira. Songbird II! On With The Show høyrest ut som eit stikk til Stevie Nicks og er ein heilt grei popsong som også har med seg pianomeldien til You And I frå Tango In The Night. Avslutningslåta Carnival Begins er deilig seig og drøymande og syner kor god gitarist Buckingham faktisk er.

Ikkje ei perfekt plate, men små drypp av genialitet frå dei framste låtskrivarane i pophistoria.

Kjelder:

http://www.suertesdelmarques.com
Diverse Wikipedia
Oz Clarke/Margaret Rand – Druer og viner

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *