VILLA JOB SERIOUS NO SULFITES 2015

VILLA JOB SERIOUS NO SULFITES 2015

The Screaming Eagle Of Soul forlot oss i helga, og fortener ein funky skål med refosco frå Alessandro Job. Antroposofvin, familiegard, biodynamisk drift, manuell hausting, villgjær, spontanfermentert, naturleg stabilisering, ansatte som klapper små pelsdyr på hovudet med eit venleg ord, økologiske druer, the works…

«A bottle of wine can and must contain culture.»

Litt sursøtt naturvinpreg frå nyopna flaske. Plommer, anis og nellik, i overkant mykje nykverna pepar, kaotisk, blir meir presis etter eit par timar på karaffel, men er ein vin på stadig vandring; glir mellom mørke blåplommetoner og kirsebær, sødmefull snute som periodevis blir litt overveldande parfymert, men like fullt delikat duft.

Første smak etter 4 timar lufting. Forsiktig steinfruktig anslag, fyldig midtparti med moreller og mørk sjokolade, glir over i syrlege ripstoner som varer lenge saman med bitre urter. Artig vin med eit litt ruskete særpreg  – steinerskuleopphavet er tydeleg, men tar ikkje overhand. Klarte seg fint til spekemat.

 

 

CHARLES BRADLEY  – CHANGES

Til liks med Wilson Pickett og James Brown opplevde Charles Bradley tøffe tak gjennom livet. Til skilnad frå idola sine tok han det ikkje ut på omgjevnadane, men kanaliserte smerte, tap og sorg gjennom røysta si. Og for ei røyst! I den eine augneblinken purrer han som Ann Peebles, i neste trøkker han til som ei blanding av David Coverdale og James Brown.

Bradley fekk ein tøff start på livet – mor reiste frå han etter fødselen og returnerte ikkje før han var 8 år, då ho tok han med frå Florida til Brooklyn. Som 13-åring opplevde han James Brown live – noko som inspirerte han til å øva på songteknikkar med kosteskaft til mikrofonsubstitutt, som 14-åring rømde han heimefrå, budde på gata og livnærte seg som kokk rundtom i Sambandsstatane. I 1996 flytta han tilbake med mor i New York der han opptredde som James Brown-imitator og vart i 2010 oppdaga av plateselskapet Daptone (Sharon Jones, Budos Band). Charles Bradley platedebuterte som 63-åring(!) og ga ut tre plater før han døydde. I tillegg vart det laga ein dokumentarfilm om han, pluss ei rolle som Krampus i ein jule-episode for American Dad. Vi skal kikka nærare på Changes frå 2016:

Der dei to første platene fort høyres ut som tidsreiser tilbake til Stax anno 1965, er dette eit album prega av meir sjølvtillit og særpreg frå vokalisten, sjølv om soulkjeldene framleis er tydelege. Bak seg har Bradley The Menahan Street Band gjennom mesteparten av plata – Budos Band gjestar på to spor, The Gospel Queens på fire.

Kuriøst nok startar plata med orgel og resitasjon på God Bless America der Bradley presenterer seg sjølv og takkar landet sitt i ein kort intro som glir over i post-turnelåta Good To Be Back Home som syner James Brown-inspirasjonen. Nobody But You er vedunderleg laidback og kunne vore ein kjempehit for Otis Redding om han var skriven 50 år tidlegare. Ain’t Gonna Give It Up introduserer Budos Band og Afro-Beat. Mange artistar har prøvd seg på Changes (Black Sabbath); The Cardigans tok låta inn i countryterritorium, Susanna Wallumrød var kjøleg konstaterande, Charles Bradley derimot… Charles Bradley tar saknet etter mor, lengsel etter kjærleik og destruktiv sjølvklandring inn i den vakraste, mest desperate, intenst hjarteskjerande versjonen som er laga av denne låta. Idet det er i ferd med å bli uutholdeleg er stampefoten er tilbake på James Brown-pastisjen Ain’t It A Sin som avsluttar side A.

Side B sender oss rett tilbake til The Coasters med ein kjempesjarmerande Things We Do For Love med avslappa groove og DoDoDoooooo-koring, medan Crazy For Your Love blir eit ikkje heilt vellukka kvileskjær på ei elles fantastisk plate. You Think I Don’t Know (But I Know) er eit høgdepunkt – funky, frekt og syner Bradley sine evner som vokalist. Change For The World går i fella som innimellom skjer med Daptone – fin låt, fint bodskap, men framstår som overprodusert og kaotisk. Heldigvis er 6/8-balladen Slow Love intens nok til å avslutta plata på nydeleg vis.

Charles Bradley døydde 23. september 2017 med sine næraste rundt seg – musikken han skapte vil leva for alltid.

Ein tanke på “VILLA JOB SERIOUS NO SULFITES 2015

Leave a Reply