MOTÖRHEAD SHIRAZ 2015

MOTÖRHEAD SHIRAZ 2015

Opner med eit svidd gummipreg som heldigvis forsvinn fort, etter kvart grei plommeduft, litt petterøes 3 og svart pepar i bakgrunnen.

Snaggletooth!

Puslete anslag, midtparti med blåplommer, antydning til søt frukt og mjølkesjokolade, kort avslutning. Ikkje dårleg vin, berre enkel og kjedeleg. Kjem i fin øskje og er nok ei super gåve til ein fan, men til nesten 200,- er dette meir ruter tre enn spar ess

 

 

MOTÖRHEAD – UNDER CÖVER

We are Motörhead and we play Rock ‘N’ Roll

Å leva ut rockemyten til det ekstreme og samstundes klara å bli 70 er ei bra bragd, men med Lemmy borte er eventyret over, og Snaggletooth har vore på sin siste turne.

At Motörhead var eit produktivt band overraskar ingen – onde tunger vil sei at det er ikkje rart med tanke på at dei ga ut den same plata med dei same låtane gong på gong. Vi andre ser nyansane og særpreget i eit av dei mest samspelte og minst høgtidelege banda i rockehistorien. Motörhead har heile vegen spelt coverlåter, no er 11 av dei – innspelt mellom 1992 og 2015 –  samla på ei plate og det lét tett og tøft.

Breaking The Law (Judas Priest) er ganske rett fram, medan God Save The Queen (Sex Pistols) fungerar veldig bra etter å ha gått gjennom Motörhead-kverna. Heroes (David Bowie) vart spelt inn i 2015, at det er ein svekka Lemmy er tydeleg på røysta, men samstundes høyrest han veldig entusiastisk ut – ikkje berre er det ein god versjon, men det er lett å høyre at dei har det gøy samstundes. Starstruck (Rainbow) og Cat Scratch Fever (Ted Nugent) dett litt gjennom, før entusiasmen er tilbake på Jumpin’ Jack Flash.

Side B startar lett og leikent med Rolling Stones sin Sympathy For The Devil som saman med ein småfunky Hellraiser (Ozzy Osbourne) er høgdepunkt på plata. Pønken får ei ny vitjing i Ramones sin Rockaway Beach før dei går laus på Shoot ‘em Down (Twisted Sister) med stor iver. Plata avslutter med eit lite spark til Metallica. Det er tydeleg at dei verkeleg trøkker til på Whiplash for å syna kven som er sjef.  

Motörhead skapte ei livslang karriere med å høyrast ut som, vel, Motörhead. På denne plata har dei samla 11 coverlåtar som alle lét som, vel, Motörhead. Ekstremt samspelt, primitivt og intenst, heile tida med eit glimt i auga. Morosam plate!

Leave a Reply