Negro Perdaudin Roero Arneis 2015

 

 

Tradisjonelt har arneis hatt ei beskjeden rolle i Piemonte der drua vart planta i nokre få rader ved sida av nebbiolo og brukt til å runda av barolovin. I tillegg er arneis sårbar for mjøldogg, oksiderer lett, og har lav avkastning. Etter kvart som behovet vart mindre sto den vesle rakkaren i fare for å bli utrydda, men entusiastar i Piemonte (og nokre hipstere i South Australia) har sørga for at drua lever vidare.
Roero, nordvest for Alba fekk DOC-staus i 1985 og vart oppgradert til DOCG i 2006. Kvitvinane må vera 100 prosent arneis.

P1060132

Negro Perdaudin Roero Arneis 2015

Parfymert blomsterduft, våt stein, kritt, salt sjø, sitron, pære. Kompleks snute, men samstundes dempa dufter.

Lubben munnkjensle, pære, mandel, i overkant mykje bitre urter i midtpartiet, steinete; lang avslutning utan å opplevast som særleg syrleg. Med tid i glaset kjem krisp sitron snikande.

Til 150,- er dette supert – gjev ikkje så mykje av seg sjølv på duft, men har nok av smak og ryggrad. Tipper denne vinen handterer både carbonara og vongole med eit skuldertrekk…

 

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *