Zidarich Teran 2012

 

 

Ny dag, gammal drue. Teran /terrano er for obskur til å vera med i ‘Druer og viner frå hele verden’ men viktig nok til å få ein DOC- status i Carso, heilt på grensa til Slovenia. Drua blir hevda å vera ein variant av refosco og blir i hovudsak dyrka i Friuli, nordaust i Italia, i Slovenia og i Kroatia.

P1060140

Zidarich Teran 2012

Handplukka druer, familiedrive gard, spontanfermentert, biodynamisk drift, ufiltrert, kjellaren speglar det naturen byr på, you know the drill…

Svært mørk raudfarge. Kraftig duft frå nyopna flaske. Solbær, modne blåplommer, kaffi, mokka, nellik og litt pepar. Veldig tiltalande duft som blindt fort hadde sendt meg til Bordeaux.

Juicy, men litt spinkelt anslag;  sursøt frukt og plommer i midtpartiet før ei avslutning med fin balanse mellom lang syre og sødme. Med tid i glaset byggjer det seg forsiktig opp tanniner, og vinen får meir syrleg trøkk i avslutninga.

P1060138

Naturvinprinsipp utan naturvinpreg. Behageleg vin som lover meir på snute enn i smak, der eg saknar litt konsentrasjon. Nedsatt til 219,- er vel verd prisen for å smaka på ei drue utanom det vanlege.

Fungerte forsåvidt greit til hjortebiff, men eg trur denne vinen finn ein perfekt match til saltmat i form av spekeskinker og faste oster.

P1060146

Musikalsk bonus: Jamen er det 10 år sidan Live Maria Roggen (Come Shine, Trondheim Voices, LiveLien) solodebuterte på Jazzland Recordings med ‘circuit songs’ som gjekk rett hen og vann Spellemann i open klasse. Eg har rota fram mitt eige eksemplar, og plata, med krispe, rare popsongar lét framleis framifrå. Tilgjengeleg hjå ei strøymeteneste nær deg…

P1060143

Kjelder:
vinmonopolet.no
zidarich.it
vinarius.no

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *