Jean Bourdy Côtes du Jura 2011

Jura har ikkje noko en primeur-sirkus. Her finst ikkje Grand Cru-vinmarker som vert omsett for 6 millionar euro for ein hektar. Det er ingen som sprutar Jura-vin opp i lufta, når nokon har vunne eit Formel 1-løp. Winston Churchill har truleg ikkje sagt noko fengande om vin frå Jura. Det er ingen som er innom Vinmonopolet ein rask tur på ein fredag etter jobb og raskar med seg ein treliter med Jura-vin.

Jura har allikevel appell hjå ein del vindrikkarar. Spesielt i New York, der vin frå Jura, saman med sherry, har fått ein renessanse. Jura er nok meir kjend for ostane, og då særskild Comté, som er Frankrike sin største AOP-ost med ein årleg produksjon på om lag 1 450 000 ostehjul, som kvart veg 40 kg. Osten fekk AOP-status i 1958. Mange har nok også vore borti Mont d´Or og resteosten Morbier.

I dag er det 2100 hektar vinmarker i Jura, men i glansperioden på midten av 1800-talet var det 20 000 hektar i drift. Jura har mange småbønder. Det er få storspelarar og prangande slott. Det er fleire kooperativ som mange av småbøndene er med i. Og det er ein god del sære, eigenrådige og sta gamle og ikkje fullt så gamle gubbar og kvinnfolk som lagar vin om lag slik dei gjorde det på Ludvig 16. si tid. Dei er kanskje ikkje like politisk motivert eller radikale som ein del av den gamle garden i Piemonte, men dei held på med sitt og vik ikkje frå oppskrift eller tradisjon.

Caves Jean Bourdy er ein av desse produsentane, og familiefirmaet har halde på sidan Karl VIII regjerte i Frankrike. I kjellaren er det rikeleg med gamle fat frå 300 til 1200 liter. Og det er ikkje berre Vin Jaune som får lang lagring. Côtes du Jura, både raud og kvit, får tre til fire år på fat før tapping. Sjølv om Jean-Philippe og Jean-Francois gjer ting i kjellaren slik tipp-tipp-tipp-tipp-tipp-oldefar gjorde det, er dei ikkje framande for å ta til seg nye idéar. Sidan 2010 har vinmarksarbeidet vore Demeter-sertifisert. Vel, no er ikkje prinsippa til Rudolf Steiner heilt nye, det var i 1924 at han utarbeidde sine tankar om biodynamisk landbruk. Brødrene Bourdy har eit litt meir avslappa tilhøve til tid enn folk flest i dag. Skulle du vere i området, og tek turen innom garden, har dei Côtes du Jura tilbake til 1932 for sal. Dei hevdar, med rikeleg familiær empiri får vi tru, at den kvite Côtes du Jura kan lagrast opp til 150 år. Dei som er unge og har helsa får sjå.

Jean Bourdy Côtes du Jura Blanc 2011

Djup strågul farge. Lukta er ganske nedtona og mild i anslaget. Eg hadde sett føre meg meir intensitet. Her kjem iallefall fram noko curry, litt flint og nedlagde sitronar. I munnen er vinen mjuk og behagelig. Lågmælt og kjærleg, som ei bestemor som stryk deg på kinnet. Fin konsentrasjon og balanserande syre. Det smakar av nedfallseple, gamle fat og mogen sitron. Litt currypreg i ettersmaken. Artig vin.

100 % Chardonnay frå eigen vinmarker rundt Arlay. Fire år på gamle fat, der vinen vert toppa opp fyrste året. Lite fordamping, grunna kald kjellar. Ingen voile, eller flor over vinen i fatet. Låg svoveltilsetjing. Skal du berre smake ein idiosynkratisk kvitvin med 150 års lagringspotensiale i år, ja då er vel denne ein grei kandidat.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *