Vin & vinyl

P1060341

«No grape brings more joy or more pain» (Carlo Ferrini)

Sangiovese –  Jupiters blod, og arbeidshesten i Italia si mangfaldige drueverd, brukt i alt frå enkle bordvinar til supertoscanarar til søt passito. Det er ei drue du antakeleg har smakt – enten i chiantien du tok med på ex. Phil-fest i studiedagane for å visa din gode vinsmak (sjølv om du uttalte han feil), eller som matvin på ferien gjennom Italia. A propos Chianti – sangiovese kan vera litt heftig, så gamle lover gjev anledning til å blanda inn andre druesorter for å runda av vinen, medan indrefileten Brunello di Montalcino skal kun innehalda enkeltdrua.

På 80-talet søkte nokre entusiastar i Toscana å rista av seg det dårlege ryktet området hadde fått og har på kort tid fått fram vin med høg kvalitet og særpreg, trass nokre feilskjær undervegs. ‘Brunellogate’ i 2008 – der det vart avslørt at enkelte produsentar hadde blanda inn «ulovlege» druer ga regionen ein omdømmesmell, men ser ikkje ut til å ha gjort varig skade på ryktet.

Drua er varmekjær, mognar langsomt, og kan enda opp som lett og ukomplisert eller kompleks og lagringsdyktig vin alt etter kven, kvar og korleis… Vinen vår i kveld er ein Rosso di Montalcino, framleis kun Sangiovese, men ikkje fullt så rigide reglar som i ein Brunello.

P1060350

San Polino Rosso di Montalcino 2011

På ein liten, solvendt gard i Montalcino dyrkar San Polino sangiovese og oliven etter biodynamiske prinsipp. Innhausting skjer for hand, og det ferdige produktet skal spegla særpreget for den enkelte årgangen.

Herleg parymert kirsebær, rulletobakk, fennikel, bringebær, litt fiken, litt svart pepar, litt nellik. Veldig delikat snute – kompleks og samstundes tydeleg duft – tar meg sjølv i å utsetja første slurk til fordel for nokre fleire sniff frå glaset.

P1060351

Silkemjukt og vektlaust anslag, saftige moreller, fruktstein, lakris, saumlaus overgang til ei lang og syrleg avslutning.

Quiet water has the deepest reason… Stille vatn har djupast grunn – dette er ein vin som krev litt toleranse frå smakaren – om ikkje kan han skuffa på tunga. Aromaen er så delikat og umiddelbar tilfredsstillande at smaken blir litt anonym sjølv om det er fine og reine smakar her også – berre ikkje så umiddelbare.

P1060345

Karl Seglem – Som Spor

Tingingsverk har gjerne sin eigen dynamikk. Det skal syna særpreget til den utvalde komponisten, samstundes som det skal vera ulikt det dei driver med til det daglege – elles kunne dei like gjerne vore booka på vanleg vis. Budsjettet er større enn vanleg og gjer det mogleg å skriva musikk for større ensembler – eller testa ut nye retningar. Det har gjerne forventningar om å opplevast som eit samanhengande verk med hovud og hale. I 2012 ga Vossa Jazz (sic) oppdraget til Karl Seglem – saksofonist, bukkehornist, poet og plateselskapgründer med Norcd, og ein utøvar som har laga seg eit unikt prosjekt i tussmørkret mellom folkemusikk og jazz.

P1180086

Musikken på plata vart spelt inn på Nasjonal Jazzscene, og vinylen er ei forkorta utgåve samanlikna med cd og digital nedlasting, men har Fell Sakte som eksklusivt spor.

det er frå våre eigne me fell

Fell Sakte sendar oss via poesien ut i naturen før Sigrid Moldestad introduserer seg gjennom lange, langsomme vokallinjer i Som Spor (roll credits) saman med det eg trur er saksofon og fele – samspelet er så tett at det er umogleg å skilja instrumenta frå kvarandre. Stemninga får meg til å tenkja på When elephants dream of music-plata til Bob Moses, men eg saknar litt framdrift. Håkon Høgemo på hardingfele får rockefoten i gong på Endelaus Slette – dei som hugsar Den Fule frå nittitalet vil nyta denne. Brutalt energisk stadionfolkemusikk! Gå Mot Nord rundar av side A med verdsmusikk som kunne vore henta frå heile kloden. Antilopehorn, nydeleg vokal, melodisk bass, seige, hypnotiske groover og feledroning frå feledronning.

 

fell

og

fell

P1180124

Springar frå fjord er nettopp det, og blir ein hardingfeleshowcase før det skjer noko veldig spanande – komponisten sjølv går amok på tenorsaksofon og byggjer opp a petulant frenzy over ein slags anti-groove mellom Kåre Opheim (Real Ones) og bassist Stefan Bergman. Dette er – sjølv medrekna at det ligg i Vin & vinyl-spalta sin fysiologi å bli meir vågal (og usamanhengande) utover artikkelen – ein hommage enten komponisten er klar over det eller ei. Brått grooveskifte, trommer og bass som framstår meir som i ein brytekamp enn som ein rytmeseksjon, stadig utforskande solist i polyrytmisk og melodisk grenseland av kva som er mogleg å spela, analoge synth-tepper. Karl Seglem, i nokre minutt er du Frank Zappa som spelar solo over Chad Wackerman, Scott Thunes og Tommy Mars!

all lyd er inne i oss
me er der alt er inne i

Etter ei slik utlading er det godt at melankolikaren kjem til syne i Ljom der ein folketoneaktig melodi roar det heile ned og får følgje av ein fin solo frå Lars Jakob Rudjord. Bregne er deilig publikumsfrieri med funky folkemusikk og saftig solo frå Andreas Ulvo (Eple Trio, Ellen Andrea Wang) før Seglem sjølv tar oss heim med saksofonen sin.

all lyd er utanfor oss
me er det alt er utanfor

I ei slags kondensert Norcd Allstars-innspeling er det herleg å kjenna entusiasmen i prosjektet. Eit høgdepunkt i katalogen til Karl Seglem.

 

 

P1060347

 

Kjelder:

Oz Clarke, Margaret Rand – Druer og viner
www.sanpolino.it

 

One thought on “Vin & vinyl

  1. Takk for at du smakar og lyttar og skriv så godt Jan Tore – Sjeldan vare. Det varmar mitt tone- poesi- og vinhjarte. Inspirerande til dagen idag (25.10.17) då eg held fram studioarbeidet med nytt album med same ensemblet som på Som spor. Også her er grunnfjellet ei live-innspeling.
    Idag blir det «lagt på» heftig hardingfele på Bratt halling og Femvreng. Sistnemde går den store Mr.Zappa i næringen – Han smiler vonaleg til meg.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *