Hallo?! Vin?

Ctvrte. CTVRTE! Hæ? Ja, sjølv for konsonantspyttande rapparar med medvind i håret og vin i ganen, vil det by på vanskeligheiter å uttale vinnamn som dette. Det skal handle om tjekkisk vin her. Tjekkia, seier du, Praha, Karlsbrua, Staropramen, og helgeturar til hovudstaden med øl til lunsj og bryggeri i kjellaren, jaudå har gjort det.

Men no er det komen nokre tjekkiske vinar frå Moravia sør for Brno, til det kongelige norske vinmonopol. Går det an å finne ut noko om bakgrunn og infrastruktur?

Moravia strekker seg sørover frå byen Brno, mot grensa til Slovakia og Austerrike. Her er det 18 000 hektar vinmarker. Populære grøne druesortar er Grüner Veltliner, Sauvignon Blanc, Pinot Blanc, Welschriesling og Chardonnay. Dei mest brukte raude er Blaufränkisch, Dornfelder, Zweigelt og Pinot Noir. Her er visstnok det største planta arealet i verda med St.-Laurent. Klima er kontinentalt. Her er slake skråningar og flatare sletter lenger sør mot grensa til Austerrike. Noko granitt ved Dolni Kounice og kalkstein i Palava Hills. Elles mykje leire og sand.

Produsenten Stapelton & Springer starta opp i 2004. Lokaltilknytta Jaroslav Springer har familie som har laga vin i 300 år. Med på laget har han fått brødrene Benjamin og Craig Stapelton, med lommene fulle av dollars. Sistnemde har vore amerikansk ambassadør i Tjekkia. Dei har trua på Pinot Noir, og difor vert ein del vinmarker med Dornfelder og St.-Laurent rivne opp til fordel for den edle Pinot. No har dei 22 hektar, mesteparten Pinot Noir, og alt vert dyrka økologisk. Svovelsulfitt vert tilsett berre i små mengder.

Stapelton & Springer Ben´s Reserve Pinot Noir 2014

Lys burgund mot oransjebrun på farge. Interessant. Nasen er fruktig og pinot-typisk. Både søt frukt og noko utvikla preg i retning nype og jern. Smaken er sursøt og fint balansert. Haust og syrlige kirsebær. Lett stil. Ingen merkbar eik. Er lagra 12 månader på nye og brukte barrique.

Stapelton & Springer CTVRTE Pinot Noir 2015

Lys, noko utvikla nyperaud. Litt uklar med noko skyer i glaset. Syrlig og attraktiv lukt med eit animalsk preg à la Vosne. Her er også noko eikekrydder. Ganske kompleks. På dag to dukkar det opp tobakk og litt sitrus. Frisk pinot på smak med nesten i overkant frekk syre. Tanninane er mjuke og greie. Interessant, men ikkje like fin i munnen som på nasen. 12 månader på barrique. Under jorda finst her leire og løss. Er visst ein av dei mest anerkjende vinmarkene i Tjekkia.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *