Castell’in Villa Chianti Classico 2012

Castell’in Villa Chianti Classico 2012

Ein gamal kjenning som har synt seg å levera super kvalitet til gunstig pris kvart einaste år. Garden er driven av ei ordentleg prinsesse som overtok i 1968, i tillegg dyrkar dei oliven og knerter villsvin i skogen sin.

Handplukka druer frå 40 år gamle økologiske vinplanter, spontanfermentert, tre veker på skalet, ufiltrert.

Veldig umiddelbar frå nyopna flaske. Kirsebær, raudt epleskrell, skinnjakke, litt støvete, litt fjøs – etter kort tid kjem eit sursøtt preg, som saman med noko jordaktig tar litt mykje plass. Runder fint av med litt tid i glaset og får ein delikat balanse mellom sursøt frukt, rulletobakk og moreller. Og – bear with me, folks – noko som minner om nye bildekk(?) – den dufta av gummi når ein går inn til ein bilforhandlar. Meint positivt. Håper ikkje fastlegen min les dette…

Juicy anslag, saftig midtparti med meir sødme enn eg hadde venta, fin frukt som glir mellom moreller og blåplommer. Litt mandelaktig plommestein i bakgrunnen, antydning til jordbær, nydeleg balansert mellom søt frukt og crisp syre, lang avslutning med kirsebær. Skummelt lettdrikkeleg vin med aristokratisk eleganse som fungerte fint til hjortebiff med sopprisotto. Mykje vin for pengane.

Musikalsk bonus: I 2016 var David Gilmour tilbake i Pompeii for to konsertar – 45 år etter den legendariske Pink Floyd-innspelinga. No er resultatet ute i diverse format, både som lyd og bilde. Blanding av Pink Floyd – både Wish You Were Here, Shine On… og Comfortably Numb er sjølvsagt med, men også Fat Old Sun frå Atom Heart Mother – og låtar frå dei nyaste soloplatene til Gilmour.

Ein tanke på “Castell’in Villa Chianti Classico 2012

Leave a Reply