Kabinettspørsmål #1

«Kabinettsspørsmål er et pressmiddel en regjering kan bruke overfor nasjonalforsamlingen i et parlamentarisk system for å få en sak vedtatt.

Når en regjering eller et regjeringsmedlem truer med å forlate sin stilling om ikke det nødvendige flertall stemmer for, stiller de kabinettsspørsmål.

I Norge har kabinettsspørsmål blitt brukt en rekke ganger. Både regjeringen til Kåre Willoch i 1986 og til Kjell Magne Bondevik i 2000 gikk av som følge av et kabinettsspørsmål som ikke fikk den nødvendige støtte.»

Store norske leksikon

Mitt kabinettspørsmål var; kan det passe med kabinett til pulled pork? Ettersom det berre var eg som var heime, gav den eine delen av spørsmålet seg sjølv. Altså, om det passar seg å dra fram ei flaske Mosel riesling kabinett frå vinskåpet attåt middagen? JA! Den andre måten å lese spørsmålet, er om det var ein sjanse for at den tyske vinen og retten med langtidskokt svin kunne harmonere. Svaret her er også eit JA! Eg må presisere at eg hadde ikkje drege grisen sjølv. Han kom ferdig kokt, så det var berre å varme i omnen, dra kjøtfibrane frå kvarandre og blande inn sjyen som seiv ut. Servert på hamburgerbrød og med hoisinsaus attåt. Kjøtet var saftig men litt tamt. Det er den søt-salte sausen som løftar retten og får kabinetten med i balletten. Til framtidige forsøk bør det vere mogleg å få tal i betre gris og betre hoisinsaus. Den var vel enkel. Det finst kanskje ferdigsausar der ute med litt meir spenst og kryddersmak? Det skal nok vere mogleg å finne betre Kabinett også, men denne fungerte fint, trass i at 2014-årgangen gjer vinen litt, tja, enkel og anemisk.

Det er også eit metaspørsmål som melder seg; kva er Kabinett? Reint vinlovmessig skal ein riesling kabinett frå Mosel ha minimum 70 grader oechsle mostvekt. Og så er det litt høgre grenseverdi for andre druesortar og andre vindistrikt. Men la oss halde oss i Mosel. Vi som har fått opplæring i vin før tja, 2010 *, har lært at tradisjonell Moselvin er den fruktige halvtørre rieslingen med låg alkohol og aukande restsukkerinnhald med høgre predikat. Somme røyster hevdar at før andre verdskrig, var mykje av riesling-vinen tørr, og at det var ny teknologi som steril filtrering, som gjorde det mogleg med større mender restsukker i vinen. Denne teknologien vart kommersielt tilgjengelig på slutten av 1950-talet.

Men mange set pris på dei halvtørre Mosel-vinane med predikata kabinett, spätlese og auslese. Sitrande syre som balanserer ein passe mengde restsukker. Eller, det var vel helst omvend. Før klimaendringane gjorde seg gjeldande på starten av nittitalet, var det godt med litt restsødme i ein svært syrlig vin. Det var nok greit å oppnå kabinett for ein stor del av druematerialet, medan ein kunne prøve å la ein liten del av vinmarka bli hengande for å forsøke å lage litt spätlese eller auslese. No er det jamt over lægre avkastning i vinmarkene enn på 70- og 80-talet, og kombinert med auka temperatur, gjer det til at det vanskelig å lage kabinett slik som før. No er mesteparten av druematerialet på spätlese- eller auslesenivå. Vin med kabinett på etiketten, er difor nedklassifisert, og i grunnen ikkje ekte kabinett. Det er nemlig ingen øvre oechsle-grense for predikata. Ein kabinett med mostvekt på 92 vil bli opplevd som svært forskjellig frå ein på 72. Det skal mykje meir syre til for å balansere den ekstra restsukkermengda. Og i dei fleste år vil jo ei mostvekt på 92 vere seinare hausta enn ei på 72, og då er sannsynleg at syrenivået snarare har gått ned enn opp. Det finst unntak, i nyare tid har vi 2010, der druene i stor grad fekk behalde ei frisk syre sjølv om mogninga held fram oppover mot spätlese, auslese og endå høgre nivå.

Eit moment når det gjeld kabinett, er den snikande kjensla av at druematerialet som vert brukt til kabinett ikkje har same kvalitet som det som vert spätlese og auslese til del. Og då tenkjer eg ikkje på mostvekt som kvalitetsparameter. Men det er den tyske vinlova frå 1971, som med Prädikatswein har laga nettopp ein slags kvalitetshiearki basert på mostvekt. Pris er også med på å setje grillar i hovudet. Ein produsent sin kabinett er alltid billigare enn ein spätlese, og ein spätlese er alltid billigare enn ein auslese. Frå same vinmark. Då må jo auslese vere den beste vinen frå den vinmarka? Eller? Dersom vi tek eit eksempel frå tørr vin, er jo GG-vinen til ein produsent som regel alltid betre enn ein annan tørr vin frå same vinmark. Ein Kabinett Trocken eller tilsvarande vin med eit fantasinamn, som kjem frå same vinmark som GG-vinen, vil ofte mangle lengden, balansen og preget av mogen frukt, sjølv om druene har nesten same oechsle-nivå. Her har vinmakaren gjort ein seleksjon og teke dei beste druene til GG-vinen. Dersom eg då har valet mellom ein kabinett til 189,- og ein spätlese til 229,-, frå same produsent og vinmark, vert det gjerne at spätlesen hamnar i handlekorga.

Von Hövel Scharzhofberg Riesling Kabinett 2014

AP 3525781-07-15

Vinen er lys strågul. Lukta er lett, blomstrete og har litt av det deilige «regnvatn på stein». Her er også syrlige raude norske eple. I munnen er dette ein lett, mjuk og fruktig vin. God og behagelig syre. Leskande lett kabinett frå ein vanskelig årgang. Manglar intensiteten og energien til vinar i toppklasse. Klassisk kabinett, slik dei var før?

Vinmarka er jo Scharzhofberg og presumtivt ein av dei beste og mest interessante i heile Tyskland. Det manglar nok litt i vinmarksarbeidet før dette når opp til produsentane i naboparsellane. Men det er fleire ting å setje fingeren på her, som gjer at inntrykket er litt rufsete. På etiketten står det 2013, men korken, baketiketten, nettsida til polet og Amtliche Prüfungsnummer (AP) seier i frå om at det er 2014 i flaska. Nettsida til Von Hövel skriv at vinen har 7,5% alkohol og 35 g/l restsukker. Polet skriv 9,0% alkohol, 66 g/l restsukker og 10,5 g/l syre. Baketiketten på flaska seier også 9,0% alkohol. Nettsida til Von Hövel skriv at vinen er økologisk, nettsida til den norske importøren skriv biodynamisk. Det er mogleg at den høge syra maskerer vekta som ligg i 66 g/l restsukker og 9% alkohol. Men det kjennest som om 35 g/l er nærare sanninga… Kanskje er det litt høg avkastning som gjer at vinen kjennest litt lett. Det kan også vere at Von Hövel har tappa fleire ulike kabinett frå Scharzhofberg i 2014.

Det er mange tyske vinprodusentar, spesielt i Mosel, som tappar fleire ulike versjonar av same vin. Det kan vere praktiske grunnar, eller det kan vere at dei har ulike fat med vin frå same vinmark og same predikat, og som er litt ulike. Desse kan då bli tappa kvar for seg og få forskjellig AP-nummer. Dette er ein type informasjon som korkje importørane eller Vinmonopolet i Noreg klarer å kommunisere til kundane. Det er difor litt bingo å bestille til dømes Auslese frå Fritz Haag. Eg veit at han tappar kanskje tre ulike Auslese frå Juffer-Sonnenuhr kvart år. Desse har ulikt AP-nummer og ulik kvalitet, men kva du får når du bestiller er heilt uvisst.

Von Hövel held til i Oberemmel i Saar, og har i dag 21 hektar vinmarker. Det er Max von Kunow som styrer, og eigedomen har vore i familien i seks generasjonar. Hovudhuset er bygd på 1100-talet. I tillegg til 2,8 hektar av den ettertrakta Scharzhofberg, har Von Hövel mellom anna monopolvinmarkene Oberemmel Hütte og Kanzemer Hörecker. Dei tørre vinane får nokre timar skalkontakt, medan halvtørre og Prädikat-vinar vert laga tradisjonelt. Jusen vert spontangjæra i ståltank eller gamle 1000 liters fuder.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *