Ormarine Picpoul de Pinet 2016

Ormarine Picpoul de Pinet 2016

Ny dag, ny drue… Picpoul er ei av dei gamle druene i Languedoc og har eit høgt syreinnhald – piquepoul betyr leppesvie – så sitronpreg er forventa…

Pære og stein – blindt hadde eg antakeleg blitt cocky og gått til nordportugal og sagt alvarinho – kvite blomster og sitrus med litt tid i glaset.

Fyldig anslag, floral, litt lubbent midtparti med sitronskal og milde urter. Anstendig lengde, men meir rund enn syrleg. Enkel og rein.

Første møte med picpoul – enkel og rimeleg vin, men litt kjedeleg… Fungerte heilt greitt til dampa kveite.

Musikkbonus: Prince – 4Ever

My name is Prince & I am funky…

Warners er ute med noko som tilsynelatande ser ut som ein standard 2 cd samling av dei største hitsa til Mr. Nelson – eit litt tettare blikk syner at 22 av 40 spor er singlemiksar som er tilgjengeleg for første gong på cd, og at Moonbeam Levels som ikkje fekk plass på 1999 er med. Pluss ein liveversjon av Nothing Compares 2 U som nesten er verd plata åleine…

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *