FURLEIGH ESTATE DORSET IDYLL BRUT

 

Brexit er ikkje noko nytt. For rundtom 450 000 år sidan var England landfast med Frankrike, før erosjon svekka forbindelsen og ein gigantisk flaum til slutt separerte dei to landa. Britiske bobler ypper seg kraftig mot storebror i sør – klimaendringar er i ferd med å leggje til rette for perfekte temperaturer i sørengland, geologien har mykje til felles med Champagne, erfaring og sjølvtillit stig, og no har sjølvaste Taittinger kjøpt seg opp i Kent, med mål om å sleppa første runde musserande produsert hjå ‘les rosbifs’ i 2023.

Sjølv har eg hatt glede av Ridgeview Cavendish og rosa Fitzrovia, samt eit glas Hambledon Classic Cuvée med så delikat duft at eg kunne ha lukta på den i dagevis hadde eg hatt tid. Felles i mi oppleving av engelsk musserande har vore ein veldig tiltalande snute, kompleks frukt, men litt kantete syre i avslutninga som eg ikkje opplevde som heilt integrert.

I kveld blir det flyplassvin – kjøpt på Gatwick for 33 pund – og i følgje info ein spesialblend for World Duty Free, men som etter eit blikk på heimesida til Furleigh har identisk drueblanding som deira Classic Cuvée – 46% Pinot Noir, 40% Chardonnay, 14% Pinot Meunier.

FURLEIGH ESTATE DORSET IDYLL BRUT

Mengder av bittesmå bobler. Nybakt brød, søtleg karamell, eplekake, raude eple. Med litt tid i glaset overtar kritt/kalk og salt sjø. Litt gjær som rusker. Der Hambledon dufta meir sjampanje enn originalen sjølv, sender Furleigh tankane mot Chablis. For så vidt nok av duftar som er spanande i seg sjølv, men heilskapen heng ikkje heilt i hop (sjølv om allitterasjonen er upåklageleg…).

Kremete munnkjensle, fruktig og fyldig midtparti, med litt hasselnøtt og rista mandler, frisk avslutning med reine sitronsmakar som varer lenge.

Heilt greie bobler, men i prisleiet mellom 300 og 350 er det framleis Frankrike med (til dømes) Fût de Chéne frå Coutelas som regjerer.

PINK FLOYD – THE FINAL CUT

Så var det tid for denne andungen frå 1983 i Pink Floyd- katalogen… Hylla av Rolling Stone, men sett på som ein slags fattigmanns The Wall frå ein millionærsosialist med uløyste farskompleks av dei fleste andre. Richard Wright er dytta ut av bandet, noko som har enorme konsekvensar for lydbiletet – Michael Kamen lagar eit reinare piano- og orkesterbasert uttrykk. David Gilmour er irritabel – men tar det i det minste ut i eit par geniale gitarsoloar, Nick Mason gjer jobben sin, medan ein stadig meir diktatorisk Roger Waters tar over kontroll i alle ender. Antakeleg gjev det meir meining å sjå The Final Cut som ei soloplate frå Waters, snarare enn eit bandalbum.

Desto kjekkare å kjenna at plata har ikkje berre tålt tida, men står sterkare i dag som eit massivt antikrigsmonument. Remastringa i 2011 har gjeve den tekstdrivne musikken tydelegare vokal, og det dukkar opp ei stor overrasking som vi skal komma attende til snart.

Der Roger Waters var rasande og direkte på Animals, tar han no ut sinnet sitt gjennom dryppande sarkasme og høge litterære kvalitetar. Temaet er krig og konsekvensar, kaldkrigsparanoia, sakn; perspektivet skiftar mellom andre verdskrig, Falklandskrigen og ikkje minst skildringa av heimkomne, traumatiserte veteranar som prøver å handtera livet sitt så godt dei maktar.

I the post war dream startar blandinga mellom tekst og liv tett – ein desillusjonert Waters funderer over om det var verd eit Storbritannia styrt av Maggie Thatcher for far hans å ofra livet for. Your possible pasts er subtile tekstlinjer – og hjarteskjerande aktuelt i dag – «…cattle trucks lying in wait for the next time» saman med «A warning to anyone still in command» – ei tydeleg frykt for eit nytt Holocaust. One of the few er intens minimalisme i musikk og overlevingsstrategiar frå ein traumatisert soldat som prøver så godt han kan å finna tilbake til det normale. Originalplata ville sendt oss vidare i temaet, men no kjem bonusen: When The Tigers Broke Free (frå filmen The Wall, men ikkje plata The Wall) er endeleg på vinyl. Ein knust Roger Waters beskriv korleis kompaniet til far hans vart ofra i ein meiningslaus manøver under Operasjon Shingle ved Anzio.

I The Hero’s Return er – og her er det tydelege spor av at enkelte låter var meint for The Wall – er ‘The Hero’ læraren frå filmen – karakteren i The Wall som i «The happiest days of our lives» er offer frå si sosiopatiske kone og tar det vidare ut på elevane. Ein fyr som får meir kjøt på beinet og mykje meir sympati her. The Gunner’s Dream sender oss brutalt inn i krigen igjen, der ein nedskoten raf-soldat heng i fallskjerm over Dresden og førestiller seg korleis gravferda vil vera – etter kvart skiftar perspektiva. Noko av det vakraste og lyrisk sentimentale Roger Waters nokon gong har laga. Paranoid eyes er sjølvsagt krigsskadde veteranar igjen – desperate forsøk på å skjula kva han har gjort og kva han har sett bak eit skal av utmattande skodespel og alkohol.

Medan eg snur plata slår det meg at det først no har gått opp for meg kor mørk og trasig The Final Cut eigentleg er. Samstundes er eg full av beundring for dei litterære trekka som fungerer så godt saman med musikken.

Side B startar med get your filthy hands off my desert! som på overflata refererer statsleiarar sine sigrar og spesifikt senkinga av ein argentinsk kryssar under Falklandskrigen, visstnok kjenslelaust beordra av Thatcher trass menneskeliva som gjekk tapt. Sprøtt nok er den korte teksten stappfull av ordspel og homonym. ‘Maggie over lunch one day’ – desert/dessert – ‘took a cruiser with both hands’ – cruiser/croissant. Kanskje den mest bisarre humoren frå mr Waters nokon stad. The Fletcher Memorial Home er gamleheimen der krigshaukane frå åttitalet er sperra inne saman medan southampton dock bind saman andre verdskrig og Falklandskrigen frå perspektivet til dei pårørande – når ein kunne begrava krigsøksa for å bevare Europa i 45, korleis kunne ein ofra landsmenn for nokre holmer utanfor Argentina?

The Final Cut (roll credits) var ein favoritt hjå meg då plata kom, utan at eg tok inn over meg heilskapen i innhaldet back then. Vi er attende i psyken til Pink frå The Wall og verdsmesterskap i metaforbruk. Skuldkjensle, utilstrekkeligheit, forsvarsmur, ekstrem usikkerhet – Roger Water sitt perspektiv på korleis øydeleggja ein barndom – ein slags oppsummering av heile The Wall i ein einsleg song… Fantastisk gitarsolo frå David Gilmour. Not Now John er det einaste som minnar om singelpotensiale på heile plata, og som framstår mest som eit desperat forsøk frå plateselskapet å få i det minste ein låt som passar til radiospeling. Two Suns In The Sunset avsluttar som verdas vakraste apokalypse.

Ein tanke på “FURLEIGH ESTATE DORSET IDYLL BRUT

Leave a Reply