Aÿ Aÿ Aÿ!

Inspirert av nye vinbøker, podcast og studering av kart, vart det klart at eg måtte prøve å setje saman ei smaking av vin frå eit mindre geografisk område i Champagne. Vanskelig å seie om det vert fleire, men uansett: fyrst ut er Aÿ.

Kommunen Aÿ ligg i Grande Vallée de la Marne, og er einaste kommune i denne delen av Champagne med 100% eller Grand Cru på klassifiseringa échelle des crus, som var effektiv frå 1911 til 2010. Av totalt vinmarksareal på 367 hektar (ha) er 325,4 ha pinot noir, 30,8 ha chardonnay, 10,2 ha pinot meunier og 0,6 ha andre sortar. Aÿ hyser eit pent knippe med kjende champagnehus; Ayala, Bollinger, Deutz, Gosset, Henri Giraud og Lallier. I tillegg er det fleire hus som har vinmarker i kommunen. Vinmarkene ligg mykje i skråning og mange har eksponering rett mot sør. Dette gjev gode moglegheiter for god mogning av pinot noir og rike blanc de noir-vinar. I jorda er det rikeleg med kalk frå Kritt-perioden, med sedimentære avsetningar over. Vinen frå Aÿ har vore høgt verdsett, lenge før det var bobler i han. Raudvin frå Aÿ var favoritten til pave Urban II, kong Henri IV av Frankrike og Henry VIII av England. Det er ikkje så mange reine Aÿ-vinar å få tak i, druene er populære bestanddelar i til dømes prestigecuvéane Cristal, Dom Perignon, Grande Année og Femme. Det hadde naturlegvis vore kjekt å hatt med Jacques Selosse sin Côte de Faron og Philipponnat sin nye Le Léon, men pris og tilgjengeligheit set ein effektiv stoppar for det. Det vart allikevel ei fin smaking med to vinar som ikkje var heilt innanfor det strenge paradigmet, Bollinger Special Cuvée og Philipponnat Clos de Goisse 2007, høvesvis plassert som aperitiff og piece de resistance til slutt. 

Steven Brook seier i eit podcast-intervju at: “information is so much more available these days, every producer has a web site, and there are blogs and the wine critics´ own sites.” Vel, yeah right, seier eg. I arbeidet med å få ned nokre ord om kvar produsent, støtte eg på mykje motstridande informasjon og forskjellig tal på til dømes vinmarksareal. De får ta dei tørre tal med ei klype salt.

Bollinger er kanskje verdas mest kjende Champagne, så eg tek ikkje med så mykje info her, sidan vinen vart servert som aperitiff. Huset vart etablert i Aÿ i 1829 og har ein årsproduksjon på om lag 2,5 millionar flasker. Huset er eigar av ganske mykje vinmark, mellom anna 22 ha i Aÿ. Special Cuvée er gjæra på både ståltank og brukte fat frå morselskapet sitt foretak i Bourgogne, Domaine Chanson.

Roger Pouillon & Fils blei starta etter andre verdskrig. I dag er det tredje generasjon Fabrice Pouillon som styrer. Held til i Mareuil-sur-Aÿ og har 15 hektar vinmarker totalt. Både i Grande Vallée og lengre vest i Vallée de la Marne. Dyrkar med økologiske og biodynamiske metodar, men er ikkje sertifisert. Les Valnons Blanc de blancs 2009, kjem frå vinmarka les Valnons Cul Froid i Aÿ. Rein chardonnay frå pinot-dominert kommune. Gjæring i eikefat. Sidan fatlagra fram til tapping. Full malolaktisk omdanning. Degorgert sommar 2016. Null dosage.

Pierre Cheval-Gatinois står bak huset Gatinois, som har røter tilbake til 1696. Disponerer 7,2 hektar vinmarker, som ligg rett bak landsbyen i Aÿ. Sel noko druer til Bollinger. Årsproduksjon på ca 37 000 flasker. Lågt utbytte. Vinifikasjon på stål. Malo alt etter årgangskarakter. Gatinois Grand Cru Brut Réserve er laga på 80% pinot noir og 20% chardonnay. Baseårgang er 2009, 35% reservevin. Degorgert juni 2013. 6 g/l dosage.

Eit lite men svært kvalitetsorientert hus i Aÿ, er Henri Giraud. Hémart-familien busette seg i Aÿ i 1625. På tidleg 1900-tal gifta Léon Giraud seg inn i familien, og byrja å nyplante familien sine vinmarker, som var øydelagd av phylloxera. I dag er det Claude Giraud som er sjef over huset. Eig 8,79 hektar, der 8 er i 30 pasellar i 14 ulike vinmarker i Aÿ. Kjøper i tillegg inn druer. Årsproduksjon på ca 250 000 flasker. Etter pressing av druene går mosten til ei lang kaldstabilisering for å felle ut det grove botnfallen. Dette i staden for å tilsette ensym som skal gjere det raskare. Så vert basevinen gjæra på små fat av Argonne-eik. Vinmakaren er involvert i eikfatproduksjonen, og dei har no eit system som kan spore kvar stav i fatet, tilbake til geografisk opphav i Argonne-skogen. All vin går igjennom malolaktisk omdanning. Fût de Chêne MV07 er eit framhald av Fût de Chêne som starta i 1990 som årgangsvin. No er det ein multivintage med baseårgang. Gjæra og sidan lagra på eikefat frå Argonne i 12 månader. Om lag fire år sur latte før degorgering. Dosage på 7,5 g/l.


Roger Brun Cuvée des Sires Extra Brut 2010, er laga på 70% pinot noir og 30% chardonnay frå eigne vinmarker i Aÿ. Gjæra på små eikefat. Så går vinen over i ståltank for malo. Sidan tilbake til eikefat i tre månader. Degorgert i oktober 2014, altså om lag tre år på botnfallet. Dosage er 6 g/l. 2500 flasker er laga av denne cuvéen. Sjekk også morosam tekst på baketiketten! Philippe Brun driv eit lite hus med base i Aÿ. Han styrer over 6,9 hektar i Aÿ og nabolandsbyar som Mareuil-sur-Aÿ, Mutigny, Hautvillers. I tillegg vert det kjøpt inn druer frå bønder, spesielt i Epernay. Årleg produksjon på ca 50 000 flasker. Driv også eit lite bed & breakfast i Aÿ, Logis des Pressureurs

Det “vesle” huset Jacquesson vart starta opp i 1798 i Chalons-sur-Marne av Memmie Jacquesson. Napoleon var fan av vinen, og huset var mellom dei leiande merkene i Champagne på 1800-talet. På 1900-talet gjekk det nedover, til familien Chiquet kjøpte huset i 1974, og flytta til Dizy. Brødrene Jean-Hervé og Laurent har løfta kvaliteten, og med 700-serien også fornya måten ein NV-Champagne kan lagast på. Årleg produksjon på ca 350 000 flasker. Eigne vinmarker dekkar 80% og 20% vert kjøpt inn. Aÿ – Vauzelle Terme 2005, kjem frå ei vinmark på 0,3 hektar planta med pinot noir i 1980. Toppjorda er kalksteinrike alluviale massar over Campania kalk. 2296 flasker og 200 magnum produsert. Druene vart hausta 23. september med 10,9 % alkoholpotensial, 6,4 g/l syre. Tappa på flasker 20. juni 2006, degorgert februar 2015. Dosage er 2,5 g/l.

Huset Philipponnat har røter tilbake til 1522 då Apvril le Philipponnat budde i Aÿ og dyrka druer i vinmarka Le Leon. Huset vart etablert i 1910 av Pierre Philipponnat. I 1935 kjøpte han den 5.5 hektar Clos de Goisse i Mareuil-sur-Aÿ, ein av dei brattaste og varmaste vinmarkene i Champagne. Dette var av dei fyrste enkeltvinmarksvinane i Champagne, lenge før det vart vanlig. Huset produserer om lag 500 000 flasker i året. 75% av druene som trengs vert kjøpt inn, og det er hovudsakleg frå Premier- og Grand cru-vinmarker. Sidan 1999 har huset vore leia av Charles Philipponnat, som er i slekta, men som mellom anna har vore 15 år hjå Moët & Chandon før han kom til Philipponnat. Sidan har huset stige i anerkjenning. Clos de Goisse 2007 består av 65% pinot noir og 35% chardonnay. 73% av vinen er gjær i fat, resten i stål. Malo er blokkert. Før prise de mousse vert det tilsett 25 g/l sukker mot den vanlige 24 g/l. Dette fordi vinen er meint for lang lagring og då vil vinen miste litt trykk undervegs. Vinen har difor litt høgre trykk ved lansering enn det som er standard i Champagne.

Eg hadde trudd på førehand at det ville vere større slektskap og fleire fellesnemnarar på vinane. Men det er klart at med så mange variablar i vitikultur, vinmaking og produsentfilosofi, og ulike årgangar på vinane, så vert det svært variert. Henri Giraud og Roger Brun viste mest av det eg meiner er typisk Aÿ, men så hadde eg også vore borti fleire vinar frå desse produsentane tidlegare. Vinane vart servert i flightar med to i kvar.

Roger Pouillon & Fils Les Valnons Blanc de blancs 2009

Lys strågul på farge. På nasen chardonnay-typisk med grøne eple. I tillegg eit fint krittpreg og rikeleg autolyse frå seks feite år på gjærrestar. På smak er det stram syre som held ting i hop. Noko sitron, brød og gule eple. Litt vanskelig å bli klok på denne.

Gatinois Grand Cru Brut Réserve

Her var det ein lekker farge i retning lys rosé eller oransje. Litt raudfrukt på nasen, i tillegg til epleskrott, karamell og ein fin dose kaffi. Rund og balansert vin med fin og behagelig mousse. Pen syre. Noko autolyse i ettersmaken. Mange rundt bordet var samde om at dette var ein god vin.

Roger Brun Cuvée des Sires Extra Brut 2010

Djup strågul mot gull. Rik pinot-prega nase med eit kult preg av utvikla raud Bourgogne! Fatprega og litt feit vin med smak av raude eple. Fin syre i finish. Særprega vin som ikkje er av dei mest elegante, men har absolutt apell. Kanskje min favoritt i smakinga. Eitt ekstrapoeng for morosam baketikett!

Henri Giraud Aÿ Grand Cru Fût de Chêne Brut MV07

Gullgul! Rik flott lukt av dyr eik, gule eple og kvit sjokolade. Skulle ikkje tru at dette skulle appellere til protestantar frå det kalde nord. Her er det hedonisme en masse. Ganske svær og god munnkjensle med fint pinot-preg. Her er også syre nok til få det i hamn, sjølv om ein dyktig los nok hadde gjort det meir effektivt. Skal du berre kjenne deg som Louis XIV ein gong, så knekk deg ein slik vin for deg og hoffet ditt.

Jacquesson Aÿ Vauzelle Terme Extra Brut 2005

Lys strågul. Stram epleprega Champagne. Ein dæsj gjærdeig og eit fint kalkinnslag. Finsleg og filigran munnkjensle, men den strenge syra dreg munnvikane dine rask tilbake, i det du var i ferd med å begå eit smil. Elegant, rein og pen, som Champagne sitt svar på blodfersk Keller riesling. Tja, eg er ikkje heilt golvad som dei seier i Sverige. Treng nok tid om det skal kome noko kjøt på dei tynne knoklane.

Philipponnat Clos de Goisse Brut 2007

Djup strågul på farge. Fin burgundersk vinøsitet. Stor, kompleks men litt grov vin på det noverande tidspunkt. Eg anar eit stort potensiale, men det sprikar litt no, både aromamessig og i teksturen. Har du denne liggjande, så vent i allefall fem år.

Tøysete vestlendingar er rause med ekstrapoeng til moroklumpar som held til lengre sør. Høyrer de der nede i det stive og stilige Champagne: meir av dette!

2 tankar på “Aÿ Aÿ Aÿ!

Leave a Reply