Om Coca-Cola, Jarlsberg og Lafite-Rothschild

Vil den siste norske mjølkebonden sløkkje lyset når han går? Demonteringa av norsk landbruk er i gang!

Det er nyheiten om at Jarlsberg til eksportmarknaden no skal produserast på ein ny fabrikk i Irland, som er bakteppe for desse fyrste linjene. Tine har allereie ein mindre lisensproduksjon av Jarlsberg i USA og Irland, men no er det snakk om å byggje eit nytt produksjonsanlegg i Cork i Irland med kapasitet på 10 000 tonn ost i året. For ein som er djupare inne i vinverda, er det naturleg å forsøke å trekkje nokre parallellar mellom vin og norsk ysteverksemd. For det er fleire ting som skurrar med Tine si utanlandssatsing.

Hovudgrunnen for utflagginga er at det etter 2020 vert ulovleg i følgje WTO å gje eksportstøtte. Noreg subsidierer produksjonen av Jarlsberg, for å konkurrere i utanlandske marknader. Osten vert eksportert til 15 land, mellom anna USA, Canada, Australia, Sverige og Tyskland. Han står for ein stor del av den internasjonale omsetnaden til Tine, som i 2016 var på 2,9 milliardar kroner. Tine hevdar at utan eksportstøtta, vil det vere uråd å konkurrere utanlands. Råvareprisen på mjølk er om lag to kroner høgre i Noreg enn EU.

Kvifor sel Tine Jarlsberg i utlandet? Jau, fordi det er vert produsert meir mjølk enn den vesle norske marknaden kan ta unna, og fordi mjølkebøndene som eig Tine kan tene meir pengar med større produksjonsvolum. Kvifor har så Jarlsberg slått an i 15 ulike eksportland? Er det fordi det er ein kjempebillig ost? Eller er det fordi det er ein god ost? Sjølv med subsidier kan ikkje norsk ost konkurrere på pris med dei verkelege volumprodusentane av ost i Europa eller Amerika. Eg har vore i Sverige og sett Jarlsberg i ostedisken på Ica. Og det er langt frå den billigaste osten. Eg likar Jarlsberg, sjølv om den ordinære varianten er litt tam i høve til dei med lang lagring. Det er altså ein muligheit for at Jarlsberg vert verdsett for kvaliteten. Også i utlandet. Kva er det då med Jarlsberg som inneber kvalitet? Det eine er naturlegvis smaken, som både kjem av ei god oppskrift, gode råvarer og godt handverk. Oppskrifta er hemmelig, men inspirert av ostetypane emmental og gauda. Den moderne Jarlsbergosten vart utvikla på landbrukshøgskulen på Ås i 1956. Noko av smaken kjem frå tilsetjing av propionsyrekultur. Handverket, i den grad det kan kallast det for ein ost som vert produsert i industriell skala, kan lærast bort til maskinoperatørar i til dømes Irland. Råvarene er mjølka frå norske bønder. Den får vi tru er av ein slik karakter at den hevar det ferdige produktet. Avisa Dag og Tid skriv i ein artikkel frå 15. desember om eit oppslag i Dagbladet frå tidlegare i år, der osteekspertar fekk smake norskprodusert og irskprodusert Jarlsberg. Dei fann ein markant smaksforskjel. Den norskproduserte var klart betre.

Som svar på dette seier Tine sin konstituerte konserndirektør for internasjonal avdeling, Atle Kjøl Jacobsen; at osten som vert produsert i Irland og USA er laga på same oppskrift og at mjølka tilsvarer den norske elitemjølka. I tillegg slenger han ut nokre slike innhaldslause bedriftsleiarfraser som gudane veit kvar dei lærer (BI?): at mjølka som osten vert laga av i Noreg, Irland og USA, skal vere utan restar av antibiotika og GMO. Det er som å påstå at folk som kjøper ein Porsche, gjer det på grunn av dei gode HMS-systema til underleverandøren som lagar polstringa i setene.

Atle Kjøl Jacobsen gløymer at han er tilsett av norske bønder. Han undergrev verdien av norsk mjølk og den jobben norske bønder gjer. Han undergrev merkevara Jarlsberg. Han undergrev også dei verdiane som mykje av norsk reiseliv og norske politikarar og embetsfolk skryt av i utlandet. At vi har mykje rein og fin natur, god plass og spreidd busetjing. At kyrne går ute og beitar gras frå fjord til fjell. (1) Jacobsen seier med andre ord at Jarlsberg er som Coca-Cola. Eit enkelt produkt som kan lagast frå nokre hemmelige ingrediensar på lisens kor som helst i verda. Sjå for deg at Bollinger, Krug, Chateau Lafite-Rothschild eller (ja eg veit det er absurd) Domaine de la Romanée-Conti seier noko slikt som: “Neste år vil vi produsere La Tache, Romanée-Saint-Vivant og Montrachet på lisens i Chile. Druene held same standard som våre druer i Bourgogne når det gjeld mogning, sukker- og syrenivå og fråvær av kjemiske sprøytemiddel. Druene vi nyttar i Chile er rimelegare enn våre franske, så vi vil kunne konkurrere prismessig i eksportmarknader.”

Jarlsberg har ikkje noko beskytta geografisk opphav, slik mange ostar i Frankrike, Italia og England har. Men smakstesten som Dagbladet utførte, viser at det tydeleg er forskjel på “Appellasjon Jarlsberg-de-Norvège” og Appellasjon Jarlsberg-from-Ireland”. På tide å lese ei vinbok, herr Jacobsen? Sjølv om du let osteprodusentane i USA og Irland få del i alle hemmeligheitene, får dei ikkje den norske mjølka. Det handlar om terroir, herr Jacobsen. Ein ost er meir enn oppskrifta. Råvara ber med seg kvalitetar. Og desse kvalitetane skal du fortelje om, Jacobsen, ikkje forsøke å undergrave. Ja, eg veit at Tine er eit stor samvirke som er bygd på likheitstanken i den norske sosialdemokrati. Men om de har tenkt å prøve dykk i utlandet med til dømes Jarlsberg, så må de tenkje litt meir elite og kvalitet. Ikkje sel Jarlsberg som ein billeg-ost. Sjå litt på dei franske AOC-ostane til dømes. Der er det reglar om til dømes kva rasar som kan nyttast, geografisk område for beiting, type av vinterfôr, kvaliteten på mjølka og lagringa av osten. Mykje av dette finst truleg allereie internt i Tine. Men fortel om det! Dersom norsk mjølk er god, toler vel produksjonen dagslys? Det er transparens som gjeld, bedriftsfloksklar og store ord er SÅ 2005! Ver stolte av Appellation Norske-Mjølkebønder-Controllé og ta rett pris for osten. Eller har de blitt for store og sedate her de kan sitje trygt bak høge tollmurar, som hindrar vanlige nordmenn å få smake dei gode ostane frå kontinentet?

Dersom Jarlsberg ikkje har livets rett som eksportvare utan norsk subsidiering, er det då berekraftig å halde fram? Eg skjønar det er freistande å produsere Jarlsberg på lisens i utlandet der mjølka er billeg, men ved å kalle osten, som heilt klart ikkje held same standard som den norske, Jarslberg og ikkje noko anna, undergrev de merkevara. I det lange løp vil det slå tilbake på Tine.

(1) Realiteten er nok av stadig fleire mjølkekyr i Noreg står mykje inne på bås og et kratfôr.

Leave a Reply