Manincor Kalterersee Keil 2014

Manincor-familien har med handa på hjartet drive familiegarden i Kaltern i det som med tid og stunder vart norditalia, heilt sidan dei fekk jordlappen i gåve frå den austerrikske keisaren i 1608. Undervegs gifta Enzenbergarane seg til gards, og i dag er det Grev Michael Goëss-Enzenberg som styrer skuta. Då han overtok i 1991 var druene etterspurd salsvare til kooperativa i nordtyrol, men Manicor produserte ikkje eigen vin. I dag er garden den største i området som lagar vin av heile drueproduksjonen sin. Samstundes har han innførd steinerskuleprinsipp, og heile vingarden skal no vera biodynamisk sertifisert.

MANINCOR KALTERERSEE KEIL 2014

Påfallande lys raudfarge. Kraftig duft av markjordbær frå nyopna flaske. Etter nokre timar på karaffel har rulletobakk og solbær slått følgje saman med jordleg traktkantarell. Litt støvete, tørka krydder. Noko vegetalt, grøn paprika-aktig rusker periodevis til eit elles komplekst og spanande duftbilete.

Lett anslag, lover meir på snute enn kva vinen gjev i munn. Juicy midtparti med modne jordbær, mandel, varm raud frukt –  moreller/plommer, litt bitre urter, litt røykpreg. Lubbent og anstendig lengde i avslutninga med fint balansert fruktsødme og syre. Eit forsiktig tanninbitt byggjer seg opp undervegs.

Lettdrikkeleg, men nyansert vin som fungerte supert til spekemat.

Musikkbonus: Seal – jepp, han med Crazy i 1991 – har pusla på med sitt sidan den gong, og er no ute med eit ‘Frank Sinatra-album’ fylt med swing- og standardlåtar som Luck Be A Lady, Autumn Leaves og My Funny Valentine. Bak seg har han eit orkester med 65 musikarar, inkludert folk som spelte med Sinatra, Ella Fitzgerald og Stevie Wonder back then. Seal sjølv klarer ikkje skjula entusiasmen og crooner i veg som om han aldri skulle gjort noko anna. Knallbra plate!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *