Ch Simard 1996

Ch Simard 1996

Innimellom dukkar det opp «ferdiglagra» vin til freistande pris – no kan ein altså prøva over 20 år gamal vin til 250,- Tilgjengeleg i nettbutikken og på over 70 pol rundtom i landet frå Kristiansand til Kirkenes.

Kraftig duft av blyantspiss og tomatstilk følgjer ut av flaska saman med korken. Etter litt tid i glaset kjem skinnjakke, bakt paprika, mjølkesjokolade, raudt epleskrell og litt rulletobakk. Behageleg snute med tydeleg og ganske kraftig duftbilde.

Litt veikt anslag, fin og rund frukt i midtpartiet, grei og syrleg avslutning. Behageleg og lett å drikke. Kjennes yngre enn ein 20-åring. Dufta gjev forventningar som vinen ikkje klarer å følgja opp på tunga, men likevel ei fin flaske som eg skulle ønska hadde litt meir konsentrasjon.

Musikkbonus:
Rhiannon Giddens er ei gullstrupe frå North Carolina som langsamt byrjar å få merksemda ho fortener også i Europa – solodebuten i 2015 der ho tolka amerikansk tradisjonsmusikk var sensasjonell, med Freedom Highway tar ho kontroll også som låtskrivar med eit sosialt engasjert hjarte – spesielt overfor borgarrettrørslene i USA. Moderne amerikana med nikk til gospel, funk, Koko Taylor, Aretha Franklin og Tom Waits.

Ein tanke på “Ch Simard 1996

Leave a Reply