Tid for madeira

«Jeg gir stort sett faen i rom. Men jeg har problemer med tid.» Dette seier hovudpersonen i den populære romanen Naiv.Super. av Erlend Loe. Opplevinga av tid er relativ. Eg skriv denne postinga på 23. desember, dagen som for mange barn vert opplevd som den lengste i året. Dagen før julafta. Så nær den store dagen, men allikevel 24 timar æve. Og på den store dagen er det jammen endå fleire timar att til presangane kan opnast…

Mykje av det som omgjev vindruene sine vekstplassar, handlar som geologisk tid. Danning av skifer og granitt, eller faldingar som har skapt dalar og landskap som vindistrikta ligg i. Når noko har hendt for 270 millionar år sidan er det vanskelig å fatte. Eg hadde lenge ein Iphone 3GS, og mine kollegaer som nett hadde fått den nye Iphone 7 i hendene, kunne med sarkastisk sleng, fortelje meg at deira telefon var 240 gongar raskare enn min. Ikkje nok med det, i skrivande stund ser eg på NRK.no at Apple gjer dei eldre modellane treigare med nye oppdateringar.

På ei øy ute i Atlanterhavet vert det laga vin frå ei anna tid. Ein vin som krev tid. Ein vin som vert endra over tid. Ein vin som langsamt døyr, for å få evig liv. Men også døden er kapital, om ikkje død kapital. Det vert laga mindre av dei svært gamle årgangs-madeira. Sjølv tilsette i gamle familiebedrifter ønskjer å sjå rett farge på tala i rekneskapen, i si eiga levetid. Då må kapitalen av og til realiserast gjennom tapping og sal av vin frå gamle fat. Sjølv om nokre vinar hadde det i seg å bli endå eldre.

No er det ikkje slik at berre vinen ligg lenge nok på fat, så vert han betre. Nokre madeira utviklar seg raskare eller negativt, og får ikkje oppleve å bli tappa som frasqueira. Vin på fat må passast på og haldast ved like. Varme lagerrom gjev større oksidering og konsentrering, og fatet må etterfyllast, eller vinen må over i eit mindre fat. Fatet kan kanskje flyttast til kjøligare delar av lageret eller til eit anna lagerhus. Storleiken på fatet har også noko å seie for måten vinen utviklar seg. Madeira som ligg på fat i over seksti år, vil bli ekstremt konsentrert, dersom fatet ikkje får ein liten tilførsel av friskare vin med jamne mellomrom. Det kan også vere naudsynt å overføre vinen til glasballongar, demijons, der fordamping og konsentrering nærast er ikkjeeksisterande. Behandlinga av vin på fat er ein kunst som gjerne vert halde i hevd og utført av to generasjonar samtidig. Måten det vert gjort på, er også definerande for produsentstilen.

To produsentar med ulik filosofi og stil er Barbeito og Pereira d´Oliveira. Begge lagar god madeira, men i ulik stil. D´Oliveira sit på eit stort volum av gamal vin på fat, som dei tappar i små seriar dersom etterspørselen er der. Dei etterfyller sjeldan, noko som resulterer i konsentrerte vinar med til dels rikeleg oksidativ karakter. Lagringa foregår i relativt varme lokale i sentrum av Funchal.

Barbeito er ein «ny» produsent og starta opp i 1946. Mario Barbeito kjøpte mykje eldre madeira som låg på fat, og desse har blitt tappa på flaske og seld under namnet Barbeito. No er det lite av desse vinane att, og Barbeito har difor lite gamal vin på fat. Det var særskild Ricardo Diogo, som er tredje generasjon, som var interessert i å satse på å lage betre vin. Fram til han tok over i 1992 var mykje av produksjonen bulkvin. Men sjølv om ny tid ikkje er lang tid, er det er ei spanande tid. Barbeito rår over fem ulike lagerhus. Desse vert nytta til mogning av vin, og har ulik plassering og arkitetur. Ricardo har vore nysgjerrig på korleis ulike druesortar og vinstilar utviklar seg ved ulike temperatur og storleik på fatet. Det har difor vorte lansert ein del madeira frå Barbeito i små seriar, der nokre er såkalla Single Cask. Her står det på etiketten til dømes A+D+E, som då tyder at vinen har vore lagra på lagerhus A, D og E. På produsenten sine nettsider står lagerhusa C,D og E sine karakteristikka forklart. Det kan tyde på at lagerhus A og B ikkje lengre vert tekne i bruk. Lagerhus E er det nyaste, og er ein del av det nye produksjonsanlegget frå 2008, som ligg 610 meter over havet. Lagerrommet er eigentleg to ulike lager, ettersom den største delen har tak av sink, og ein liten del har betongtak. Den delen med sinktak har ein høgare temperaturforskjell på sommar og vinter og ei årleg fordamping på 3%. Den delen med betongtak gjev jamnare årleg variasjon, og ei fordamping på berre 1-1,5%.

Ettersom det er jul, har mange litt betre tid til å vere saman med familie og vener. Eller til å smake vin. Eller begge deler. Under følgjer smaksnotat på tre vinar som er delvis tilgjengelige i sortementet. Vinen til d´Oliveiras er utseld frå leverandør, men finst på fleire polutsal. Boal til Barbeito er i bestillingsutvalet og Tinta Negra 2000 er i tilleggsutvalet. Ein epost eller telefon til kundesenteret til Vinmonopolet skulle kunne sikre deg ei flaske eller to.

Pereira d´Oliveira Verdelho 1973

Smakt fleire gonger. Sist hjå produsenten, sommaren 2016. Dette notatet er frå oktober 2014. Mahognybrun vin med lysebrun kant i glaset. Smal og syrlig lukt. Noko volatil. Mjølkesjokolade, laktose og karamell. Intens men liflig. Smooth integrasjon av 40 års fatlagring. Syrlig attakk i munnen. Medium sødme. Noko alkohol stikk seg fram. Intens konsentrasjon også i munnen. Smak av appelsin og grapefrukt med overliggjande sødme. I tillegg nøtter, brende mandlar og karamell. Lang sitrussyrlig ettersmak. Flott vin, men krevjande. Nasen er kanskje best. Lurt å ha noko faste ostar ved sida av. 20% alkohol, 9g/l syre og 72g/l restsukker. Tappa på flaske i 2013.

Barbeito Boal Ribeiro Real 20 years old

Ricardo Diogo har ein del fat med eldre tinta negra-vin, men sidan det fram til 2016 ikkje var lov å skrive tinta negra på etiketten, fanst det ikkje så mange gode bruksområder for desse komponentane. Men ein kreativ måte å nytte lovverket på, vart ei god løysing. Ein vin som er merka med druesort, må innehalde minimum 85% av denne. Så denne vinen er altså 85% boal, med gjennomsnittsalder på 20 år. Så er det krydra med 15% tinta negra frå vinmarka Ribeiro Real som ligg i Estreito de Camara de Lobos, årgangane 1952, 1953 og 1954. Det er julekrydderet sitt! Lysebrun vin med oransje kant. Mjuk og elegant avslipen lukt med vulkansk stein, petro, sitrus og currypaste. Fin og kostbar karamellisering ligg over heile lukta. Fyldig, søt og svær madeira med flott syre. Grapefrukt, appelsinskal, knekk og trebåt på smak er notert. Lang syrlig ettersmak. Deilig vin. 85% boal, 15% tinta negra. 20% alkohol, 8,9g/l syre, 81,5g/l restsukker. 1296 flasker tappa i mai 2014.

Barbeito Tinta Negra Medium Sweet 2000 Colheita Single Cask 254 D+E

Mørk oransje mot ravfarga vin. Ganske elegant på lukt, med kandisert appelsinskal, tørka frukt og litt volatile syrer. Her er også ein dæsj trebåtbyggeri aka gamle trefat og møbelpolish. Ganske søt vin, men syra tek over showet gjennom det meste av smakskurven. God intensitet og middels fylde. Søt avslutning der dei tørka fruktene kjem fram i lyset att. God tinta negra. 19% alkohol, 8,2g/l syre og 80g/l restsukker. 476 flasker (50cl) tappa i november 2016.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *