Darnaud Crozes-Hermitage Les Trois Chênes 2010

Emmanuel Darnaud Crozes-Hermitage Les Trois Chênes 2010

Krekling og tyttebær frå nyopna flaske. Med litt luftetid kjem skinnjakke og rips. Med enno meir tid kjem blåbær og (i overkant) mykje nymalt, svart pepar. Litt parfymerte blomstertoner, litt tørka krydder, litt lakris. Delikat duft, men for meg mister vinen litt sniffefaktor undervegs.

Bjørnebær, kjøtaktig preg, modne blåplommer, blåbær, kaffi, litt «tungt» midtparti, anstendig lengde med rips utan å opplevast noko særleg syrleg. Tanniner bygger seg langsomt opp. Traff meg ikkje heilt, men fungerte bra til hjortebiff.

Musikkbonus: for 10 år sidan slapp Herbie Hancock – River, the joni letters, ei hylling til Joni Mitchell med mellom anna Norah Jones, Joni Mitchell sjølv, Leonard Cohen og Tina Turner på vokal. Med seg i bandet har han Wayne Shorter (Weather Report, Miles Davis), Dave Holland (Miles Davis, «alle»), Vinnie Colaiuta (Frank Zappa, Sting) og Lionel Loueke. Verve-utgjevinga lét veldig detaljert, inkludert klirring frå skarptromma under stille pianoparti, organiske klikk frå basstrenger som treff treverk, og in-your-face flygeltoner med uendelege overtonerekker.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *