F. Boschis Freisa Bosco delle Cicale 2015

Langhe i Piemonte er kjent for ost og trøffel. Og vin. Så kjent at kulturlandskapet er ein del av verdsarva på UNESCO si liste. I skuggen av meir berømte nebbiolo lever freisa eit anonymt og utsatt liv og er på tilbakegang i området. Hjå Azienda Agricola Boschis Francesco starta historia med bestefar Telesforo i 1919 – i dag driv barneborna  garden vidare – med hovudvekt på dolcetto, men også barbera, grignolino og sauvignon blanc. Og rundtom 1400 flasker freisa i året. Tommel opp for enkel, men veldig informativ heimeside.

Boschis Freisa Bosco delle Cicale 2015

Kraftig – nesten intens –  duft av kirsebær når vinen går på karaffel. Finkorna sediment, men mindre grums enn eg venta meg.

Kirsebær, mandel, lyse bærtoner – nesten ripsaktig, kaffibønner, litt nykverna pepar, eit ørlite animalsk preg.  Vin på vandring – endrar seg frå eit sniff til det neste…

Juicy anslag – masse syre, midtparti med moreller og mjølkesjokolade, glir over i lange, syrlege bringebærtoner. Syre som ein riesling frå 2010, men smakane kjennes integrert og balanserte. Hadde tenkt å skrive at eg lurer på kvar tanninane er, men etter tre timar har dei snikt seg inn i smaksbildet med eit lite bitt.

Nydeleg vin i seg sjølv, men fungerte ikkje godt til spagetti carbonara. Eg trur dette er mitt første møte med freisa, så eg veit ikkje kor typisk denne vinen speglar drua, men håper det blir fleire sjanser.

Musikkbonus: Jøss, dei eksisterer enno! I 2013 som to band!! (Tidlegare medlemar rauk uklare og i påvente av rettssak fekk begge partar bruka namnet). Queensrÿche sto fram som pionerar i progmetall-sjangeren og henta like mykje inspirasjon frå Pink Floyd og Led Zeppelin som Van Halen og Judas Priest tilbake på 80-talet. Operation: Mindcrime som fyller tretti i år, var ambisiøs og intens, har sin del av klisjeane med seg – frå hårmetall-falsett hjå vokalisten til ei 10-minuttars suite med kor i Carl Orff-style (arrangert av Michael Kamen), fleire lydeffektar enn ei Roger Waters-plate og pompøse gitarsoloar. Likevel står dette seg ganske så bra, og er antakeleg den beste konseptplata i metallverda. Historien og tekstane har eit dystert postapokalyptisk preg av ei verd i oppløysing – skrivne under Ronald Reagan-USA, men er innimellom skummelt aktuell i dag også. Tett og samspelt band, produksjon som ikkje høyrest altfor 80-talsdatert, og sjølv med tematikken er låtane ganske så catchy og melodiske.

 

Kjelder:
Oz Clark/Margaret Rand – Druer og viner
http://sito1.boschisfrancesco.it/
Diverse Wikipedia

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *