Weingut O. Ungsberg Riesling Kabinett 2015  

I ei nær loddrett vinmark i Mosel har Olav Schneider litt riesling – faktisk så lite at det blir produsert under 1000 flasker av denne vinen. Likevel har han haldt prisen nede – kosta 215,- ved innkjøp.

Weingut O. Ungsberg Riesling Kabinett 2015  

Svært lys farge. Flint, våt stein og badeball på snuten frå nyopna flaske. Opnar seg fort med litt karaffeltid. Honning, granny smith, raude eple, rambutan, litt sitrongras. Dempa, men veldig delikat duft.

Smakseksplosjon! Om duften er subtil så tar vinen igjen i smakskonsentrasjon. Tropisk juice, honning, fersken, salt; eit heftig sitrontrøkk som likevel balanserer fint med sødmen. Laaaaang avslutning som ender med søte eple og salt karamell. Snop på flaske som heldigvis berre har 8 prosent, for dette er skummelt lettdrikkeleg. Why, oh why kjøpte eg ikkje fleire flasker då han var tilgjengeleg? Fungerte veldig bra til spicy laksekaker med ingefær og koriander, eit møte som framheva eplesmakane i vinen.

Musikkbonus: Tenk at det er 30 år sidan den siste Frank Zappa-turneen – som forøvrig sjølvdestruerte i interne konfliktar før dei var i mål. Make A Jazz Noise Here er den tredje og siste plata frå 1988. Med sedvanleg grundig tilnærming øvde bandet i fleire månader før turneen, hadde over 100 låter inne, og spelte heilt forskjellige sett frå kveld til kveld. Eit tolvmannsband med 5 blåsarar (inkludert Fowler-brørne), ein ung Mike Keneally som debuterte som stuntgitarist og ein Ed Mann i storform på marimba (Introen hans på Big Swifty er nesten verd heile plata). Som vanleg har Zappa dokumentert alt – på denne plata i stor grad kjende instrumental-låtar for stort orkester. Gamle favorittar i ny drakt – Let’s Make The Water Turn Black og sjølvsagt Black Page, men også Dupree’s Paradise og Eat That Question som knapt hadde vore framførd sidan 70-talet. Soloane til sjefen sjølv er i hovudsak med rein gitarlyd og gjer det lettare å følgja med på kva han eigentleg driv med. Superdetaljert med haugevis av «umoglege» overgangar og «korleis klarte dei det?»-moments.

Kjelder:

http://www.weingut-o.de/

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *