Leusciatti Bruno Del Negus Valtellina Superiore Sassella 2012

Då Leusciatti debuterte på polet for nokre år sidan var forventningane høge. Ryktet gjekk om den nye Flavio Roddolo og 2010-årgangen vart fort seld ut. Sjølv var eg litt skuffa etter første flaske, men etter kvart forsto eg at vinen trengte meir luft enn ein tubaist på 17. mai, og fann glede i å følgja ein vin som undervegs var ‘all-over-the-place’ før han slo seg til ro. No er det eit år sidan eg smakte 2012 sist – vinen ser framleis ut til å vera tilgjengeleg i nettbutikken til Vinmonopolet, og er gunstig prisa til under 200-lappen.

Bruno er tredje generasjon Leusciatti på bruket, som ligg under mektige alpefjell i Lombardia heilt nord i Italia. Vinmarka er bratt og blir støtta opp av steinmur – drueplantane er mellom 50 og 60 år gamle.

Leusciatti Bruno Del Negus Valtellina Superiore Sassella Riserva 2012

Skinnjakke, mørke plommer, lyse kirsebærtoner, glir fort over i tobakk, gamalt treverk og søte plommer. Duft på vandring til og frå kaos – innimellom som å stikka nasa ned i ei pakke med Petterøe’s – neste sniff har brått fått raudt epleskrell og sauefjøs. Lite føreseieleg, men morosamt å følgje vinen undervegs.

Første slurk etter ein time har den (over)søte frukten som var ein turn-off første gong eg smakte vinen, medan syrleg bringebær ligg og lurer like bakom. Landar etter 3 timar med fyldig plommesmak, raude eple, jordbær og litt lakris. Følgjer omtrent same metamorfose som førre flaske, men tempoet i utviklinga er noko raskare. Mykje vin for pengane, men krev noko planlegging før konsum.

Musikkbonus: I 2016 kom Donny McCaslin med ei av dei mest spanande jazzplatene det året – Beyond Now – han og bandet hans var Black Star-musikarane til David Bowie, og plata er spelt inn like etter at Bowie døydde. Intens prog-jazzrock med mykje plass til dei analoge tangentane til Jason Lindner, tett groove frå bass og trommer, to Bowie-covers, pluss ein frå Deadmau5 og ein frå Mutemath. McCaslin sjølv går uanstrengt frå lyriske melodiar til snerrande skalaløp, med ein saksofontone som lét meir brutal og europeisk enn amerikansk og polert.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *