Meinklang Naken Grüner Veltliner 2016

Innimellom 800 angus-kyr har biodynamisk duo Angela og Werner Michlits ansvaret for vin på Meinklang-garden. I tillegg til vin vert det også dyrka korn, frukt og grønnsaker – og det blir laga kjøttprodukt frå svin og storfe. Gjødsel frå angusane fullfører den biodynamiske sirkelen.

Antroposofane hjå Meinklang i Burgenland byrjar å få ein omfattande portefølje – frå alkoholfritt til boksvin – og no er den jamen komen ein ny grüner veltliner i basis. Til skilnad frå grüneren som allereie er på polet har denne mellom anna lengre skalkontakt. Og sjarmerande bruskork…

Meinklang Naken Grüner Veltliner 2016

Gjær, sursøt frukt, grøne druer(!), selleri(!!), urter, kvit pepar. Aromatisk og kaotisk frå nyopna flaske. Dempar seg etter kort tid i glaset, får etter kvart eit rundare ferskenpreg.

Juicy anslag, midtparti med sylta sitron og modne gule plommer, litt bitre urter, fyldig avslutning med eit honningpreg utan å kjennest søt.

Sjarmerande naturvin, som utan å vera så veldig kompleks er hyggjeleg drikke og eit supert kjøp til 155,- Undrar stadig kva mat som går til denne. Korkje reker eller spekemat var umiddelbare fulltreffarar, kanskje kvit fisk med syrleg saus vil fungera betre?

Diverse artistar – BRAK 20

Du veit at Bergensbølgen står sterkt når bestillinga di blir feiladressert til Loddefjord… Uansett, no er BRAK si jubileumsplate i hus – dessverre ikkje tidsnok til å nå 20års-jubileet i 2017 – etter ei rundreise både til Nøstet og Aksnes i Rogaland. Det som i 1997 starta som Bergen Rockeaktører er i dag eit kompetansesenter for musikk i Hordaland og Sogn og Fjordane med post på statsbudsjettet og over 1100 artistar, arrangørar og bransjefolk som medlemar. Ti band valde seg ein bergensklassikar frå dei siste 20 åra som no er spelt inn og tilgjengeleg på vinyl (og diverse strøymetenester).

The Megaphonic Thrift startar det heile med Kings of Convenience sin Winning the Battle, Losing the War i sedvanleg Sonic Youth-stil, og klarar på mesterleg vis å ivareta den flotte melodien i låta. Razika sin Vondt i Hjertet blir sendt til Sri Lanka av 9 Grader Nord og blir rytmisk fillerista verdsmusikk. Kjempetøft! Kakkmaddafakka gjer ein heseblesande versjon av Himmelen (Fjorden Baby) medan pianoballaden Der Eg Bor frå John Olav Nilsen & Gjengen blir dansegolvlåt frå Verdensrommet. Vilde Tuv avsluttar side A med Faded (Alan Walker) i eit lettare barnsleg arrangement. Så langt er dette ganske så kult…

Side b opnar med Strings & Timpani with Mari Kvien Brunvoll som utforskar Casiokids sine Det Haster og Kaskaden. Tenk Building Instrument med gitar. Drivande trommer, tøffe gitarlinjer frå Stefan Meidell – super vokal. Det skal sjølvtillit til for å velje geniale Don’t Kill My Vibe frå Sigrid Raabe, og antakeleg er det berre veteranane i Real Ones som kan sleppe unna med det. I tillegg tar dei alle remiksane av låta på kornet med å sleppa sin Folk Vibe-edition. Imponerande felesolo frå David Chelsom Vogt. Bluesbandet MK’s Marvellous Medicine køyrer ein vanvitig versjon av 5 Fine Frøkner (Gabrielle). Imponerande samspelt og hysterisk morosamt på ein gong. Enslaved gjer ein tung, tung versjon av What Else Is There (Röyksopp) før Kjartan Lauritzen gjev Fa-Fa-Faen i konseptet og tar med seg Datarock på ekskursjon.

Høg lydkvalitet, låtar med særpreg tolka av artistar med særpreg, og ein flott dokumentasjon både over kva som går føre seg på vestlandet og over det generøse og uformelle samarbeidsklimaet som pregar regionen.

 

Kjelder:

brak.no
nondos.no

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *