Forstmeister Geltz-Zilliken Saarburger Riesling Feinherb 2014

Forstmeister Geltz-Zilliken Saarburger Riesling Feinherb 2014

Fersken, honning, lime, litt flint, veldig umiddelbar rett frå nyopna flaske, behageleg duft.

Innestengt smak, mest syre i starten, spiss sitron – ikkje mykje feinherb her, gitt. Etter ein times strafferunde på karaffel byrjar ting å skje, juicy og leskande anslag med lime, friskt og fruktig midtparti med behageleg honningsødme, lang lime-syrleg avslutning. Smatter på tropiske smakar leeeenge mellom kvar slurk.

Fineherb der syra er i leiinga, utan at det gjer noko som helst. Litt røffe kantar, men likevel skummelt lettdrikkeleg riesling som fungerte bra til spicy laksekaker.

Musikkbonus: I fjor haust slapp a-ha konsertplata MTV Unplugged Summer Solstice på ein heil haug av ulike format, både som film og lyd. At eg no i tillegg innehar a-ha-armband og –plakat kan vi forbigå på stille vis, for musikken! Morten Harket har framleis registeret inne, nye arrangement frå Lars Horntvedt fornyar låtane på imponerande vis, medan gjestevitjing frå Alison Moyet, Ingrid Helene Håvik, Lissie og Ian McCulloch skapar variasjon i kjend musikk. Knallyd og to nye låtar: This Is Our Home og A Break In The Clouds.

Leave a Reply