Viúva Gomes Reserva Tinto 1969

Viúva Gomes Reserva Tinto 1969

Komplekse, men behagelege duftar frå nyopna flaske. Petterøe’s 3, skinnjakke, morell, lakris, raudt epleskrell, mahogni, kamferkiste. Buljong kjem og går og rusker det litt til, men øydelegg ikkje heilskapen. Fascinerande å berre leggja snuten ned i glaset og kjenna korleis vinen endrar seg frå sniff til sniff. Rundar av med luft og tid, men beheld det kontrollerte kaoset.

Syrleg anslag, midtparti med modne plommer og tørka krydder, mørk sjokolade, heftig rips-syre i avslutninga, kjennes yngre enn snart 50 år. Blir litt rundare etter nokre timar på karaffel, men endrar seg ikkje så veldig undervegs.

Kompleks og delikat vin som fungerer åleine og i møte med raudt kjøt. Gjev meir på snute enn smak, men vil uansett halda deg lukkeleg engasjert gjennom 650 ml (sic) . Tilgjengeleg rett frå flaske og på karaffel over 3 timar, fungerte suverent i møte med hjortebiff.

 

Tom Waits – Real Gone

I like clank and I like boom and I like steam […]
There is something kind of locomotive about it,
coal-driven.

Vi er i 2004 og det er ei stund sidan førre Tom Waits-plate, sjølv om ryktene ei god stund har lovd noko nytt. Sjølv trekkjer han på akslane «I’m up early every morning. I take the kids to school and all that». Omsider i oktober er han i mål med Real Gone. Tilbake er Marc Ribot, Larry Taylor, Les Claypool og ‘Brain’ pluss Casey som deler både gener og etternamn med Tom. Far/son-prosjektet har tatt plata i ei urban retning, men stoppa før Tom Waits slapp si første rap-plate…

Tidlegare Nattverden-artiklar har diskutert korleis Waits skjerpar eigen kreativitet ved å fjerna hjelpemiddel han er vant med. På Swordfishtrombones forsvann saksofonen, på Alice og Blood Money el-gitaren. På Real Gone er ikkje berre pianoet borte, men tangentar generelt. Han vart aldri komfortabel med studiolyden, så det meste av vokalen er spelt inn på badet heime. I desse dagar (2018) er det slept ei remastra versjon av plata, der ikkje berre lyden er stramma opp, men Waits/Brennan også har gjort nye musikalske val – mellom anna bytta ut gitarsolo med trompet. Ein dag der skribenten ikkje kjøper sin vin og musikk med eigne pengar kjem det kanskje ein A/B-test mellom dei to platene.

Første sporet Top of the hill har ein slags Mungo Jerry møter Rap møter Bone Machine utan at det liknar på noko Waits har gjort før. Hoist that rag er eit funky høgdepunkt i katalogen og har ein fantastisk gitarsolo frå Marc Ribot. Sins of my father tar frustrasjonen over Bush-klanen (vi er på tidleg 00-tal) saman med generell grumpyness inn i ti minuttar med vakker anger og orsaking. Tekstlinja Everybody knows that the game was rigged kan sjå ut som ei hylling til Leonard Cohen. Shake It er eksperimentell beatboxing/perkussiv utforsking og sikkert gøy i andre enden. I Don’t Go Into That Barn er Waits gotisk bonde og morderisk avløysar. Søskenborn til ‘Murder in the red barn’ frå Bone Machine. How’s it gonna end hentar fram den sentimentale Waits i ein tekst som hentar fram både latter og tårer i versa. Metropolitan Glide er dansekurs på stereoider, førestill deg James Brown med tuberkulose…

Dead and lovely beskriv på stille vis ei kvinne som stolte på feil mann og betalte med livet. Subtil gitarsolo i ein song som høyrest ut som ein mordballade frå fortida. Cirkus er nok ein søskebornsong, denne gongen med What’s he Building? og til dels Frank’s Wild Years. Trampled Rose har vakker desperasjon i ein slags vestafrikansk tarantella med tonn av lengsle. Green Grass er kanskje vakraste Waits  i moderne samanheng, medan Baby Gonna Leave Me og Clang Boom Steam tar oss attende til beatboxing. Make it rain er Waits i genial bluesmodus igjen før historieforteljaren når klimaks i antikrigslåta Day After Tomorrow. 

Kjelder:

Jay S Jacobs – Wild Years
anti.com

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *