Verdas billigaste legendariske vin

Legendarisk vin. Smak på ordet. Ja, for med galopperande prisvekst, er det ikkje lenger mogleg for menigmann med medianinntekt å kunne få smake på sjølve vinen. Ein legendarisk vin som fyrst og fremst er legendarisk for kvaliteten, må ha vore i produksjon i ganske lang tid for å kunne bli ei legende. Det finst nokre utdøydde legendariske vinar, som Falernum frå Campania.

Vin som kan kallast legendarisk er til dømes Bordeaux-vinar frå fyrste cru som Ch. Lafite-Rothschild, Ch. Latour, og den søte Ch. d´Yquem. Bourgogne har også sine legender, fyrst og fremst Chambertin, Romanée-Conti og Montrachet. Schloss Johannisberg og Steinberg frå Rheingau er vel legendariske, men kvaliteten i dag er vel ikkje heilt ei messe verd. Frå Tokaj i Ungarn er Aszu og ikkje minst Eszencia legendarisk. Om vi hevar blikket mot den vidunderlige nye verda, er det legendariske vinar i horisonten? I vest ropar det ein høglytt Screaming Eagle og i aust ser eg ein storgard, Grange trur eg namnet var. Nei, desse er for nye og mest legendariske for den høge prisen. Men finst det noko på den sørlege hemisfære? Constantia Wyn, var det noko som heitte. Ein søt vin laga på muscat de frontignan. Legendarisk? Vel, Jane Austen, Charles Dickens og Baudelaire skreiv om vinen, han vart servert til eliten i Europa og dei royale i Russland. Napoleon drakk vinen frå Constantia kvar dag då han sat i eksil på St.-Helena, fram til han døydde i 1821. Oz Clarke hevdar endåtil at den søte Constantia var verdas mest kjende vin på slutten av 1700-talet. Felles for alle desse legendariske vinane er at dei i dag kostar frå 3-4000 kroner og oppover for ei flaske. Utanom sistnemde.

Vindistriktet Constantia ligg som ein søraustvend skråning opp frå False Bay ved Cape Town i Sør-Afrika. Bakteppet er Table Mountain, som ein ser godt frå downtown Cape Town. Den fyrste guvernøren for Cape-provinsen, Simon van der Steel grunnla eigedomen sin på 900 hektar i Constantia i 1685, og same året vart dei fyrste vinstokkane med muscat de frontignan planta. Frå desse laga han ein søt vin. Etter at van der Steel døydde i 1712, vart eigedomen seld og delt i tre, Groot Constantia, Klein Constantia og Bergvliet. I 1778 vart Groot Constantia kjøpt av Hendrik Cloete.  Cloete utvida vinmarksarealet og forbetra den søte Constantia. Vinen vann etterkvart innpass i Europa, og vart svært populær. Klein Constantia, også kalla Hoop op Constantia, endå opp hjå enka til ein tidlegare eigar, Elsabe Kotze og den nye mannen hennar Johannes Colijn. Dei tek opp att vinproduksjon på eigedomen og lagar også ein søt Constantia Wyn. På Groot Constantia tek Hendrik Junior over taumane i 1794. Etter at Hendrik Junior Cloete går bort i 1818, blir eigedomen delt, og sonen Johan Gerhard Cloete får ein del som blir heitande Klein Constantia, og det er denne delen som er grunnlaget for den vinproduserande eigendomen som heiter Klein Constantia i dag. Den andre sonen Jacob Peter, får det som framleis heiter Groot Constantia. Seinare vert Hoop op Constantia innlemma i Groot Constantia. Grunnen til dette noko lange og keisame slektstre-avsnittet er at det er litt krangling om kven som forsynte Napoleon med den søte Constantia Wyn, der han sat på St.-Helena og grubla på fordums sigrar og nederlag. Var det Groot eller Klein Constantia?

Det var fleire eigedomar som laga vin i Constantia på 17- og 1800-talet, og som gjorde vinen berømt. Nokre nytta berre den kvite muscat de frontignan, medan andre hadde med den raude mutasjonen av same drue. Chenin blanc kan også ha vore ein del av miksen. Mot slutten av 1800-talet var det fleire hendingar som gjorde at produksjonen av den legendariske vinen frå Constantia tok slutt. I 1859 kjem det fyrste utbrotet av oidium, vinsjukdomen mjøldogg, til vindistrikta i Western Cape. Oppheving av slaveriet i 1834 gjer at det ikkje er tilgjengelig billig arbeidskraft. I 1860 opphevar England den låge importavgifta på vin frå Sør-Afrika, og året etter inngår dei ein frihandelsavtale med Frankrike. Det går nedover med familiane Colijn og Cloete, som blir gjort insolvent i høvesvis 1857 og 1872. Det same skjer året etter med Dirk Gysberg Cloete som styrer Klein Constantia. Spikaren i kista for vidare dyrking av muscat de frontignan, og Constantia-vin kjem med vinsjukdomen phylloxera i 1885.

Den som vekkjer opp Constantia-vinen or Tornerosesvevnen, er ein forretningsmann frå Cape Town. Duggie Joste kjøper Klein Constantia i 1980. Han nyplantar muscat de frontignan og undersøkjer historia for å finne ut korleis den søte Constantia vart laga i storheitstida. Vinmakar er Ross Gower og fyrste årgang er 1986. Kun 950 flasker vert tappa, og vinen kjem ikkje ut på marknaden før med neste årgang. Vinen oppnår etter kvart gode kritikkar.

Groot Constantia er i dag organisert som ei stifting med Jean Naude som driftssjef. Boela Gerber har vore vinmakar sidan 2001. Dei lanserte si fyrste nytolking av Constantia Wyn med årgang 2003, kalla Grand Constance. Produsenten Buitenverwachting lanserte med årgang 2006 si tolking, kalla “1769”.

Grand Constance er laga på hovudsakleg den kvite muscat de frontignan, med ein liten dæsj av den raude mutasjonen. Vinmarkene ligg ved det gamle herskapshuset, 80 til 90 meter over havet. Haustinga er som regel i midten av april. Druene får henge til dei er naturleg innskrumpa av sol og vind, men det kan av og til vere litt botrytis. Druene blir knust og får gjære med skalet i ei veke. Så blir massen pressa og vinen går tilbake til eikefat for vidare sakte gjæring i opp til to år.

Groot Constantia Grand Constance 2014

Fargen er lys oransje med rosaskjær. Djup søt lukt. Her er det litt av det muscat-typiske såpe eller furunål, i tillegg til tørka tropisk frukt, marsipan og kokos. I munnen er det ein søt, rik og fyldig vin som dekkjer munnhola med sødme. Ikkje så mykje syre, men tilstrekkelig struktur frå tørrstoff og muligens noko tannin. Heilstøypt, men ikkje veldig kompleks søt muscatvin. Kanskje vil det skje underverk med lagring? Tvilar litt. Vanskeleg å vere sterk i trua utan noko syre å spele på. Men eg har ikkje noko røynsle med lang lagring av denne typen vin. Dei tørre (og søte) tala fortel om 12,5% alkohol, 165,3 g/l sukker og 7 g/l syre. 37,5 cl flaske som kosta 375,- hausten 2017.

Klein Constantia Vin de Constance 2005

Djup ravgul på farge. Søt og rik lukt av aprikossyltetøy, bivoks, appelsin og tørka tropisk frukt. Rik og søt vin med god fylde og moderat syre. Mjuk vin med smak av mykje god tropisk frukt, sitrus og eit krydra muscatpreg. 12,28% alkohol, 157 g/l sukker, 7,5 g/l syre. 50 cl flaske som truleg kosta 400 kroner. Dette smaksnotatet er frå våren 2014. No (vinter 2018) er det årgang 2013 som er i sal på Vinmonopolet. Korkje denne eller Groot Constantia sin versjon er verd legendestatus, men det er kanskje andre årgangar som er betre.

Klein Constantia får ta æra ved å vere dei fyrste som tok opp att produksjonen av Constantiavinen. Professor Chris Orffer ved universitetet i Stellenbosch hjelpte til i starten med å gjenskape ein vin som likna på den historiske Constantia Wyn. Vinmakar den gong var Ross Gower. Sidan har Adam Mason vore vinmakar, før eigedomen skifta eigar i 2011. Då kom unge Matthew Day inn som vinmakar. 10% av druene blir plukka tidleg, med gode syrenivå. Dette blir ein basevin med ca 12-13% alkohol. Resten av druene får henge til dei er nærast inntørka som rosiner. Ved å ta vekk bladverk, vert druene eksponert for sola, som er med på å påskunde inntørkinga. Plukkarane går gjennom vinmarkene i tre etappar før alle druene er i hus. Dei søte druene vert blanda med basevinen. Etter ei hard pressing, for å få med tannin, går vinen over i 500 liters fat, der vinen gjærar ferdig og ligg med botnfallet i opp til fire år. Den lange tida med botnfallet og sakte oksidering, er med på å stabilisere vinen.

Leave a Reply