Furmint februar: Oremus Mandolás Tokaji Dry 2015

I 2010 starta Furmint Február, ei vinmesse i Budapest der fokuset var vin på druesorten furmint. Mesteparten var frå Ungarn, ettersom det er her det finst mest furmint. Men også produsentar frå Austerrike, Slovakia og Slovenia har delteke. Sidan den spede starten har mengden tørr furmint frå Tokaj auka, og kvaliteten blitt betre. Men det har også vore ein god del vin frå Somlo, Balaton og Badaczony.

No er det på tide å få nordmenn til å opne augo for denne potensielt storslagne druesorten. Og dermed blir det Furmint Februar her på nattverden.com også. Vi byrjar med ein tørr furmint frå Tokaj.

Oremus er ein ganske stor aktør i Tokaj. Produsenten er basert i Tolscva, ein landsby midtvegs mellom byen Tokaj og byen Satoraljaújhely, som ligg på grensa til Slovakia i det nordaustlege hjørnet av vindistriktet Tokaj. I 1993 vart dei kjøpt opp av Vega Sicilia, ein godt kjend vinaktør i Ribera del Duero i Spania. Vinmarksarealet er om lag 100 hektar, og noko aszu-druer vert kjøpt inn i tillegg. Druesortane er furmint med 44%, hárslevelú 18%, zéta 18% og muscat a petit grains 10%. Fokuset til Oremus er søte vinar, både rimelegare Late Harvest-typar og Aszu. Innimellom vert det også tappa små mengder Eszencia. I sortementet finst det også ein tørr furmint, Mandolás Tokaji Dry, som har vore produsert sidan midten av 1990-talet. Dette gjer det til ein dei fyrste tørre Tokaji-vinane som ikkje er i den oksiderte tørre Szamorodny-stilen. Eg har smakt 2003-årgangen fleire gonger, og det var ein vin som lagra bra i opp til 8-10 år.

Oremus Mandolás Tokaji Dry 2015

Lys strågul på farge. Fargemessig kan tørr furmint variere veldig, men det gjenspeglar vel både mogning og årgang. Rik og herlig trøkk i lukta. Furmint er ikkje så aromatisk, men her er allikevel rikeleg å ta tak i. Her er det gjenkjennelege Tokaji-lukter, som hermetiske eple, mogen sitron og litt aprikos. Her er også noko røykaktig mineralitet. Vinen luktar friskt og som av ein tørr vin. Somme tider kan tørr furmint frå Tokaj lukte litt som den søte, med meir fruktsødme og søte aprikosar. I munnen er det ein vin med godt grep og tekstur. Fyldig og med ei mogen syre, som løftar det heile. Litt mineralsk snert. Aprikos i finish. Vinen gjev mykje drikkeglede i ung alder, men vil nok kunne opne seg opp litt med nokre år til på langs. God representant for tørr furmint. Er godt distribuert i verda, og såleis er dette truleg mange sin inngangsport til tørr Tokaji. Oremus er ein solid produsent, og dei søte er endå eit hakk opp i kvalitet. Oremus tyder «lat oss be». Alt eg ber om er at de er opne for nye druesortar og vinar. For eksempel furmint.

Vinen kosta i si tid 220 kroner, men er no sett ned til 199. 13% er edrueleg for tørr furmint, som har lett for å bli svært alkoholsterk. John Szabo skriv i boka si Volcanic Wines at dette er ein «vineyard blend». Oremus hevdar at druene kjem frå vinmarka Mandolás ved Tolscva, og at den er 82 hektar. László Alkonyi hevdar i boka Tokaji, The Wine of Freedom (2000) at Oremus eig 12 hektar i Mandolás. Druene er uansett handplukka i 12 kg boksar og ført med kjærleik (og lastebil, får vi tru) til vinhuset og pressa. Vinen er gjæra i ny eik i 8-12 dagar. Mogning i tradisjonelle 136-liters eikefat. Battonage den fyrste månaden. 2015 gav ein produksjon på 30 700 flasker pluss nokre magnum.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *