Furmint Februar: Szepsy Tokaji Furmint 2009

Sjølv om tørr furmint på smak og struktur har meir til felles med chenin blanc frå Loire eller ein sentralburgunder, er det kanskje situasjonen på Etna som er den beste referansen til korleis det står til med furmint i Tokaj. Etter andre verdskrig, var det lite kommersiell vinproduksjon på Etna. Bratte og steinete vinmarker var ikkje egna til effektiv maskinell drift. Traktorar kom knapt til. Gamaldags og arbeidsintensiv drift var ut. Det tok seg ikkje opp att før Giuseppe Benanti tok opp familiespaden og sette i gong i 1988. Sidan kom Passopisciaro og Salvo Foti i 2000, Terre Nere i 2002, Graci i 2004 og Pietradolce i 2005. Ein god del gamle vinmarker låg brakk, men dei gamle vinstokkane med nerello mascalese, nerello cappuccio og carricante kunne brukast, noko som gav produsentane på Etna ein god start.

Tokaj hadde til liks med Etna ei lang fortid med vinproduksjon. Tokaj var endåtil verdskjend for den søte Aszú-vinen. Men over 40 år med vanstyre under kommunistregimet, gjorde at Tokaj måtte byrje frå null igjen. Både Etna og Tokaj er definert av vulkansk jord. Men der Etna sine vinstokkar stadig får påfyll av ny lava og oske, er vulkanane rundt Tokaj slokna for lenge sidan. Det var medan den afrikanske kontinetalplata kræsja inn i den eurasiske under dei alpine faldingane i epoken miocen, at det var vulkansk aktivitet i området. Det vulkanske materialet i Tokaj er dels blitt omdanna til ei type leire, kalla nyirok, dels finst det mykje stein med vulkansk innhald. Andesitt, ryolitt og dasitt er namn som om nokre år kanskje er like kjende for vinnerdar som dei ulike kalktypane i Bourgogne.

I Tokaj var det også ein del eldre vinstokkar etter at nye produsentar og gamle familiar i 1989 igjen kunne lage og selje vin. Men mange vinmarker vart i kommunistperioden planta med høgproduktive kloner. For å lage betre vin måtte det nyplanting til. Med lite kapital var det vanskelig å kome seg ovanpå. Løysinga var for mange bønder å selje druene til større produsentar. Meir ambisiøse vinbønder, tok arbeid hjå nyetableringar som hadde fått inn utanlandsk kapital og eigarar. Sakte men sikkert kunne dei kjøpe eller leige vinmarker, for sjølv å byrje å lage vin under eigen etikett.

Det var medan han jobba for Kiralyudvar, oppretta i 1997 med Anthony Hwang som eigar, at Istvan Szepsy nærast ved eit uhell laga vinen som skapte eit paradigmeskifte i Tokaj. I 2000 laga han ein tørr furmint med druer frå vinmarka Úrágya. I vinmarka vart det ikkje jobba for at det skulle bli ein tørr vin av druene. Årgangen gav generelt lite botrytis, men ein god del druer fekk høg mogning ved inntørking. Druene frå Úrágya vart godt mogne men det kom ingen botrytis. Det vart difor tenkt at det kunne bli ein basevin for Aszú. Men det var lite aszú-druer, så basevinen kom ikkje til nytte. Han vart difor tappa etter sju månader på fat. Det var litt restsukker og betydeleg mengde tørrstoff. Szepsy var ikkje umiddelbart begeistra, men då han smakte vinen att i 2003, hadde han utvikla seg fint. Frå og med 2006-årgangen har det kome fleire enkeltvinmarksvinar med tørr furmint frå Szepsy, og vinmarksarbeidet blir tilpassa bruken av druene. Szepsy eig og disponerer flest vinmarker rundt landsbyen Mád, i tillegg til nokre i nabolandsbyane Tállya, Rátka, Mezözombor, Bodrogkeresztúr og Tarcal.

2009 var ein varm årgang, og mange tørre vinar frå Tokaj har høg alkohol. Szepsy likar å hauste seint og han har svært lågt utbytte. I 2009 produserte han fem tørre furmint og ein tørr hárslevelü. Frå ca 1000 til 2700 flasker av kvar sort. Szent Tamás, Úrágya, Urbán, Szepsy og Kiraly vart tappa som enkeltvinmarksvin. I tillegg 12 600 flasker med ein “landsbyvin”, ein tørr furmint med druematerial frå yngre stokkar frå fleire vinmarker.

Szepsy Tokaji Furmint 2009

Fargen er lys gull, med skjær av grønt. Rik og konsentrert lukt! Eg finn litt eple, kvit fersken og fatkrydder. Men fyrst og fremst er det vulkansk stein som hoppar ut or glaset. I munnen er det eit røykaktig og salt mineralpreg. Litt smak av flint og røyk som eg ofte finn i sentralburgund og i chardonnay frå Jura. Mogen sitron er her også. Svær vin i munnen, men her er nok syre. Mykje struktur. God tørr furmint, men årgangen er litt dominerande. År med betre syrebalanse er nok å foretrekke. 14,5% alkohol, 1,8 g/l restsukker, 5,1 g/l syre. Testa frå Riedel Chablis. Eg prøvde også i Zalto Burgundy, utan at det gav noko positivt utslag. Fungerte betre i Chablis-glaset. Vinen vart i si tid kjøpt på Systembolaget for 237 kroner, og ja, skulle kjøpt meir. No er han diverre ikkje tilgjengelig der lenger. Har også hatt 2006 og 2007 av same vin.

2 tankar på “Furmint Februar: Szepsy Tokaji Furmint 2009

Leave a Reply