Ch. Kefraya 2012

 

I Noreg har Libanesisk vin vore synonymt med Musar, men i søraust i Bekaadalen er det fleire som vil vera med på leiken. Chateau  Kefraya planta dei første vinstokkane i 1951 og lagde – sjølv med vedvarande borgerkrig – sin første årgang i 1979. På 300 hektar med terrassar dyrkar dei Cabernet Sauvignon, Syrah, Chardonnay og Viognier, men også meir sære druesorter som  Carménère, Marselan og Muscat à Petits Grains.

Ch. Kefraya 2012

Cabernet Sauvignon 20%, Syrah 67%, Mourvèdre 8%, Carignan 4%, Cinsault 1%

Modne blåplommer, blåbær, tørka krydder, skinnjakke og hengt kjøt, mørke jordtonar som rusker litt. Litt Petterøe’s 3, litt rå potet, litt gamalt treverk. Alt i alt behageleg snute, blindt hadde eg antakeleg gått til sør-Rhone og mumla noko om Crozes-Hermitage… Med tid i glaset kjem både tørka frukt og lysare tyttebærtoner.

Fyldig anslag og munnkjensle. Midtparti med blåplommer fiken og røffe tanniner som glir over i syrleg rips i ei lang avslutning. Opnar fint opp etter litt lufting og får søtare plommefrukt og eit rundare preg med bjørnebær og svart pepar. 14,5 prosent er meir merkbart på frekvensauke i stavefeil enn på smak.

Fin vin som hentar inspirasjon meir frå Rhone enn frå det kjende slottet på andre sida av dalen. Har antakeleg godt av eit par år på rygg for å gå av seg litt snerp, og fungerer nok best saman med eit stykke raudt kjøt.

Tanita Tikaram – Ancient Heart

Seint åttital hadde sin eigen Aurora – som nittenåring kom Tanita Tikaram tilsynelatande frå ingenstad og slapp ei debutplate ho aldri klarte å overgå seinare i karriera. Folkish popmusikk, knallsterke melodiar, bråmodne tekstar om eksistensielle krisar og mislukka kjærleik går sjølvsagt aldri av moten, men heldt albumet frå 1988 stand tretti år etter?

Vi er tilbake i ei tid der aspirerande artistar i stor grad var avhengige av å ha eit plateselskap i ryggen, og «demo» var antakeleg det mest brukte ordet i øvingslokala rundt omkring. Ein demo (innspelt på kassett) vart sendt inn til plateselskapa, dersom du slapp gjennom nålauga var det plutseleg eit gigantisk apparat som sto til disposisjon frå imageråd til studiomusikarar til musikkvideobudsjett til turneplanar. Tanita Tikaram vart oppdaga då ho som 17-åring spelte ein konsert i London, fekk avtale med Warner og ga ut Ancient Heart to år etter. På verdsbasis har plata seld over 4 millionar eksemplar. I gjer-det-sjølv-praksisen som rår i dag er det fascinerande å sjå musikarlista på ei plate frå ein nitten år gamal debutant. Ein kan sei mykje fint om Mark Isham og Marc Ribot (Tom Waits, Elvis Costello), men gratis spelar dei ikkje. Desto kjekkare er det at musikken lét tidlaust, og for så vidt kunne vore frå 3 år sidan og ikkje 30…

Good Tradition var debuten til Tikaram og klatra langsamt til tiandeplass på UK singels charts i 1988. Veslevoksen folk-swing der familie trass alt er viktigst sjølv om dei er håplause innimellom. Men-korleis-i-helsike-endte-eg-opp-med-desse-folka-stemninga tar innimellom over… Cathedral Song er melodisk eit frampeik til singer-songwriterbølgja på nittitalet. Knallsterk poplåt, som sjølv med eit i overkant 80-talsarrangement med dagens øyrer ikkje øydelegg frå ei reflektert Tikaram som konstaterer

You saw me from the cathedral
Well I’m an ancient heart
Yes, you saw me from the cathedral
Well here we are just falling apart

Sighing Innocents er meir som Good Tradition-light melodisk – teksten går mykje, mykje djupare der ho prøver å stå i mot ein kjærast som drar dei inn i stereotypiske kjønnsrollar.  I Love You blir til I can’t love you på få linjer før World Outside Your Window  lokkar, sjølv om verda utanfor kjem med ein pris… For All This Years avsluttar Side 1 med ein røykfylt, jazzete duett med Mark Isham på reverbtrompet sånn fem år før Molvær. Bli vaksen, ting er meir komplekst enn ein trudde, eksistensiell krise…

In the mornin’ when I wipe my brow
Wipe the miles away
I like to think I can be so willed
And never do what you say

Twist In My Sobriety er kanskje meir aktuell i 2018 enn 1988 – kjempehiten frå plata estetiserar korleis vi blir meir og meir apatisk til informasjonen vi mottar. «All God’s children need traveling shoes» er ein referanse til surrealisten Maya Angelou og –Tanita Tikaram er ein sjølverklært bokorm – saman med andre litterære hint i songen kanskje ein slags kjølig, introvert f**k you til resten av verda. 2 millionar vaksenpoeng for instrumentering med obo! Poor Cow er college-observasjonar om å debutera seksuelt i baksetet av ein bil og kor vanskeleg det kan vera å setja grenser for seg sjølv opp mot andre sine forventningar. He Likes The Sun er ein personleg favoritt der ein slags pseudo-blues følgjer teksten hennar der ei sumarforelsking ikkje går som tenkt…

If you can feel so hot
why don’t you feel for me?

And when it rains you feel the click in his heart
and that’s when the pain in my will start

 Valentine Heart er nok ei oversett perle på albumet – sårbar, usikker, skamkjensle – minne om eit ubalansert forhold til ein eldre mann? Historias første #metoo-låt? Uansett tåredryppande vakkert arrangert med kun piano og strykekvartett.

If I could have held you once more in that light
It’s nothing to you, but it keeps me alive like
A Valentine’s day, it’s a Valentine heart, anyway . . .

Preyed Upon avsluttar plata på mildt sagt gloomy vis. Isolasjon, ønske om å skjerma seg frå andre og det meste er utan meining. Etter ei heil plate med ei erkjenning av at livet er fylt med smerte, men det kan gå bra likevel, så er dette litt av eit farvel. Nydeleg fretlessbass frå Mo Foster hjelper litt, men berre litt på stemninga…

Etter eit par gjennomlyttingar er det berre å kapitulera – låtane lét framleis friskt, tekstane er aktuelle, melankolien er genuint …uh… melankolsk og det heile er frydfullt trist. Bravo!

Kjelder:

http://www.chateaukefraya.com/en/kefraya
http://www.tanita-tikaram.com/
Div Wikipedia

3 tankar på “Ch. Kefraya 2012

Leave a Reply