Furmint Februar: Hétszölö Tokaji Aszú 6 Puttonyos 1997

Søtt! Det har vore furmint sitt primæruttrykk i over 200 år. Sjølv om det truleg var druesortane fehérszölö og gohér som la grunnlaget for Tokaj-vinen sin popularitet allereie på 1500-talet, er det furmint som i dag, og etter år 1800 har vore hovuddrua i Tokaj. Kvifor? Fordi den har tjukt skal, som ikkje revnar før seint på hausten når soppen botrytis cinerea set seg på druene og konsentrerer innhaldet av sukker og syre endå meir. Han mognar seint og får lett botrytis. Den fyste søte vinen i Tokaj vart kalla Föbor, hovudvinen, og han var ein slags forgjengar for Szamorodni. Det var på denne tida fleire druesortar i vinmarkene i Tokaj, så druene kunne vere både litt undermogne, mogne og overmogne. Kanskje var det som ein halvtørr variant av Gemischter Sats? Han kunne også innehalde botrytis. Etter kvart vart innhaustinga utsett til lengre ut på hausten, og det vart meir druer med botrytis. Då kom Aszú-vinen meir i vinden, der ein plukkar Aszú-druene for seg og sidan legg dei i bløyt i ein basevin. God sukkerakkumulering samtidig som drua held på høg syre er gode eigenskapar, særleg når målet er ein søt vin på 150 g/l restsukker.

Den fyrste skriftlege dokumentasjonen på botrytis, er frå 15. mai 1571, i vinmarka Hétszölö. Denne ligg vest for sjølve Tokaj by på ein sørvend skråning oppover mot Kopasz-hegy, fjellet bak Tokaj. Denne gamle utdøydde vulkanen strekk seg 512 meter over havet og består av dacitt. Vinstokkane står derimot i tjukke lag med løss som har blese over det flate slettelandet i sør, og lagt seg utanpå fjellet.

Eigedomen Hétszölö vart grunnlagd i 1502, av familien Garaj. Sidan har prinsen av Transylvania vore eigar, dei kongeleg familiane Rákóczi og Habsburg, før friske franske franc vart spytta inn i 1991 av Grands Millésimes de France. I 2009 hadde eigar av Cos d´Estournel, Michel Reybier fått gode vilkår i banken og tok ut nok euro til å kjøpe Hétszölö. Dei 55 hektar med vinmarker er planta med 73% furmint, 18% hárslevelü, 5% köverszölö, 2% muscat og ein dæsj pinot noir (!).

Frå å vere ein tradisjonell produsent av søt Tokajer, har Hétszölö dei siste åra laga fleire tørre furmint i tillegg. Ein fersk 2016 Dry Furmint er verd å prøve. Vinmarkene vart planta på nytt då Grands Millésimes de France tok over i 1991. Det vert nytta lokal eik til lagring av vinen. Tibor Kovács er direktør og András Kanczler er vinmakar.

Hétszölö Tokaji Aszú 6 Puttonyos 1997

Vinen er mørk oransje mot lysebrun på farge, nett slik mange Tokajer blir med ein del alder. Søt lukt av rosiner, søte nedlagde aprikosar, og fikenmarmelade. Søt, ganske fyldig og viskøs vin, med glatt og fin munnkjensle. Frisk syre balanserer alt restsukkeret. Smakar av søt aprikos og tørka tropisk fruktmix. Lang søt ettersmak med nektarin, aprikos og syrespel.

Ikkje den flottaste Tokaji Aszú eg har smakt, men ein god og mogen vin, som reflekterer godt utfordringar og ambisjonar i den tidlege post-kommunistiske perioden. Vinen vart smakt heime, i Zalto dessertvinsglas. Salsdirektør Tamás Oroszlán på Hétszölö har vore så grei å sende meg dei tørre tal om denne søte vin. Restsukker 157 g/l, syre 11,5 g/l, alkohol 10,72%. Mesteparten furmint, med 10-15% hárslevelü.

Bør Tokaji Aszú lagrast? Det er mange som er svært gode når dei er ferske. 6 Puttonyos frå gode produsentar kan nok i gode år ha potensiale til å utvikle spanande tertiæraromaer. Den høge syra og intensiteten i vinen maskerer eika godt, så det er sjeldan behov for å vente på at eikesmaken skal tonast ned. Det er heller vaniljepreg frå eika, som kanskje treng litt integrering i resten.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *