Furmint Februar: Garamvári Tokaji Furmint Brut 2013

PEZSGŐ!

Ungarsk musserande vin på champagne-metoden. Og naturlegvis på furmint. Februar går mot slutten,  men ungararane sine krumspring med furmint er enno ikkje over. Det er ikkje lett å selje Aszú. Ikkje eingong legendarisk vin kan vere levebrød. Iallefall ikkje for alle. Kva drikk folk? Tørr kvitvin og musserande. Riesling og Prosecco. En masse. “All you need is love!”, syng Ewan McGregor i filmen Moulin Rouge. “A girl has got to eat”, svarar Nicole Kidman tilbake. Ein kan ikkje leve av berre kjærleik og søtsaker. Ikkje eingong i Tokaj. Men dersom verda verkeleg vil ha kjedelig Prosecco, dei sel vel 1000 millionar flasker i året berre i Noreg, så kvifor ikkje peszgő? I sortementet til Vinmonopolet finst det om lag 200 varelinjer med Prosecco. Det finst éin peszgő. Eg har skrive nærare 300 artiklar om vin sidan 2012, ikkje ein om Prosecco. Eg er steinen i skoen, flekken på slipset, håret i suppa.

Musserande vin i Tokaj er førebels ganske nytt. Men det er fleire som har forsøkt seg og som har trua på at det er noko. Zoltan Demeter er svært optimistisk. I tillegg har Patricius, Sauska, Kikelet, Tokaj Nobilis og altså Garamvári starta med bobler, hovudsakleg på furmint. Druesorten har eigenskapar som skulle tilseie at det kan bli god musserande vin. Han har bra med syre, kan formidle terroiret og er ikkje for aromatisk. Det er om lag 5 600 hektar vinmarker i bruk i Tokaj i dag. Men det klassifiserte arealet er på over 11 000, så mykje potensiell vinmark kan takast i bruk, om viljen og kapitalen er der. Musserande vin vil kunne vere ein god måte å utnytte furmint-druer frå områder som ikkje er like godt eigna til søtvin eller utgangspunkt for god tørr kvitvin. Kravet til mogning er ikkje det same for basematerialet til musserande vin.

Vencel Garamvári starta vineventyret sitt i 1993. Då kjøpte han ein eigedom med vinmarker på sørsida av Balatonsjøen, med mål om å starte vinproduksjon. I 1966 var han utdanna vinmakar ved universitetet. Seinare fekk han ei stilling på eit av kooperativa, og han har 25 års røynsle med å produsere musserande vin for Staten. Saman med investorar vart fleire vinmarker kjøpt, og i dag rår han over 70 hektar. Utanfor Budapest ligg vinkjellaren for musserande vin. Porteføljen består av rosé, kvitt, raudt og musserande av ulike typar.

Garamvári Tokaji Furmint Brut 2013

Strågul, greit med bobler. Ikkje så veldig fruktig, meir diskret sitron og tørr mineralkjensle. Autolyse og kjeks kjem etter kvart, når vinen får luft. På smak er det furmint-typiske preg av kvede og aprikos, med ein salt mineraltone som syng i harmoni med resten. God syre og fin avrunding av smakane i vinen. Kjeks og autolyse i ettersmaken. Sober og god peszgő.

Druene kjem frå løsshaldige vinmarker ved Tokaj by. Vinstokkane vart sett i jorda i 1998, 5400 pr hektar. Det vert hausta 1,5 kg pr vinstokk. Hausting relativt tidleg for å bevare syre. Gjæring på ståltank. Andregangsgjæring i flaske og 33 månader på botnfallet før degorgering. Det er litt sprikande info om sukker og syre. Om lag 7 g/l sukker og 6,5 g/l syre.

Leave a Reply