Fusser Blanc de Pinot Noir 2016

 

Fusser Blanc de Pinot Noir 2016

Kvit pinot noir er ikkje heilt daglegdags kost, men eit kjapt søk syner at det blir laga rundtom i Europa, i USA og i New Zealand. Det kan sjølvsagt vera eit ønske om å vera kontrær og eksperimentell, men har antakeleg meir med å kunna hausta drua tidlegare i mogninga og dermed kunna dyrka pinot noir i kaldare klima. Vel, når Champagne slepp unna med dette, kvifor ikkje Pfalz?

Sidan 2007 har brødrene Fußer – hovudsaklig med riesling og pinot noir – laga alt frå enkle bordviner til erste lage, etter kvart med biodynamiske prinsipp som eit ideal.

Strågul med pinkish hue. Forsiktig snute frå nyopna flaske, behageleg blomsterduft, sylta sitron, fersken, litt flintsteinete, litt gjær. Profitterer på lufting – får stadig friskare sitrustoner med tid i karaffel. Antydning til moden ananas ligg under. Litt gjær duft rusker det litt til, men dempar seg med tid. Alt i alt ein vin som er kjekk å sniffa på.

Friskt og leskande anslag med mykje sitron. Midtparti med ukomplisert, sexylubben frukt og litt bitter grapefrukt, som glir over i lang syrleg avslutning med mykje sitrus. Lufting (og reker) hentar fram søtare fruktsmakar. Kul, leskande og ukomplisert vin, saknar litt konsentrasjon midtvegs, men eit supert kjøp til 165,- Det ser ut til å vera midt i eit årgangsskifte, fysisk butikk hadde 2016 inne, nettbutikken seier 2017…

Musikkbonus:

I saw him conduct the New York Philharmonic with Phyllis Bryn-Julson as soloist at Lincoln Center in ’86 or’87. The audience was extremely rude. The first half of the program had pieces by Stravinsky and Debussy; the second half was a piece by Boulez. After the intermission, the audience came back in and waited for him to begin his piece — which was very quiet compared to the first two — and then about half the audience got up — noisily — and walked out. He kept on conducting. I would have enjoyed the opportunity to grab a microphone and scream, «Sit down, ********! This is one of The Real Guys! (Frank Zappa om Pierre Boulez)

Mange orkester har prøvd seg på Stravinskij. Mange orkester har gjort bra innspelingar av Stravinskij, men så har du den eine innspelinga som er så magisk at du fryktar å få dirigentpinnen i auga om du går for nær inntil høgtalarane… Ok, så drar han ned tempoet, men for eit detaljnivå som kjem fram! The Cleveland Orchestra hadde i mange år hatt både Petrusjka og Vårofferet på repertoaret, men det er først i 1991-innspelinga på Deutshe Grammophon med Pierre Boulez – Bad Boy i modernismeverda som ville sprenga operahusa, men etter kvart rehabilitert som Grand Old Man – som dirigent at den ultimate versjonen er laga. Det er så detaljert, så dynamisk, så organisk, så intenst skummelt og -innimellom- vakkert at musikken frå begge ballettane står heilt fint på eigne bein utan visuelle element. Som vanleg frå Deutsche Grammophone er lyden i verdsklasse.

Kjelder:
https://www.mfg-wein.de/
The Real Frank Zappa Book

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *